web analytics

Category Archives: Hummer og kanari

Hummer og kanari

Når tryggleiken forsvinn

Kva skjer med eit samfunn der man ikkje lenger kan føle seg trygg? Der man mister trua på at storsamfunnet vil stille opp for deg om du treng det? Der politiet er langt unna, og ikkje alltid kjem når du ber dei om det? Der det offentlege ikkje høyrar på deg når du freistar å forklare korleis ståa er? Natt til laurdag gjekk fire mann til angrep på eit hus i bygda eg kjem i frå, Skotfoss i Telemark. Det kan ha vore eit resultat av nettopp ei slik situasjon der storsamfunnet sviktar og let lokalsamfunnet i stikken. I så fall er det skremmande.

I lengre tid har det budd fire brødre i eit lite hus på Skotfoss. Ein kommunal bolig. Heile tida har dei vore eit uromoment i lokalsamfunnet. Eg har fulgt fascinert med på Facebook, der det har vore rapportert om rus og kriminalitet. Dei har gått inn i hus kor dei ikkje har noko å gjere. Tigget etter penger, og bedt om hjelp. Eldre folk er livredde. Dei litt yngre låser dørene når dei er heime, gjer barna streng beskjed om å ikkje åpne for nokon om det bankar på og dei er aleine heime. Dei minste barna er dei redde for å slippe aleine ut døra. Politiet og kommunen har vorte kontakta fleire gonger, utan at noko har skjedd. Etterkvart blir nokon litt vel høge og mørke, og lanserar borgervern som ein siste moglegheit.

Og det er ikkje berre småkriminalitet eller antisosial oppførsel det er snakk om heller. Dei fire er alle saman formelt sikta, og fortsatt under etterforskning, etter at ein 60 år gamal mann vart funnen død i heimen deira i oktober i fjor. Dei er sikta for vald med døden til følge. Mannen hadde skader som tyder på vald, men obduksjonen har ikkje gjett noko svar på kva som var årsaka til at han døde. Politiet er ikkje ferdig med etterforskninga, men advokaten til ein av dei meinar at det neppe finnest bevis nok til at dei kan tiltalas. I kvart fall ikkje for det dei er sikta for. Fleire meinar det er snakk om drap, og oppfattar det som ei hån mot rettferd at dei fortsatt er på frifot og driv med sitt.

Eg kjenner saka berre frå lokalavisene og det folk skriv på Facebook. Dt er sikkert fleire sider ved denne saken, men ein ting verkar å vere klart. Dei fire har vore til pest og plage for det lille lokalsamfunnet på Skotfoss. Mange har vore redde, og nokon har hatt god grunn til å være sinte. På brødrene sjølv, sjølvsagt, men også på storsamfunnet som verkar makteslause. Dette kulminerte natt til søndag i forrige veke. Fire menn hadde tatt seg eit par glass på laurdagskvelden. Ein av dei hadde nettopp blitt frastjålen sykkelen sin, og nokon meinte å ha sett den, eller ein sykkel som ligna, utafor huset der uromomentene budde. Dei fire drikkekompisane fann ut at tida var inne for å ta ein alvorsprat med brødrene. Varden skreiv etterpå at dei hadde hatt med seg kniv og balltre, og ramponert huset deira. Gjerningsmennene sjølv seier at det var ein av brødrene som trakk kniven, og at dei ikkje hadde noko balltre med seg, men dei innrømmer at ein av dei brukte ein planke frå eit stakittgjerde å slå med. Ruter vart knust, huset gjort nærast ubeboeleg, før dei fire blei jaga på flukt når ein av brødrene brukte eit brannslokkingsapparat som forsvarsvåpen. Dei rømte gjennom skogen, men blei fort plukka opp av ein politibil. Avslørt av pulveret frå brannslokkingsapparatet. Prisen for moroa var 12 000 kroner i bot pr, hode, men det skal nok gå greit. For lokalsamfunnet har starta kronerulling for å dekke bøtene, og støtta er massiv i lokalsamfunnet.

Skotfoss er ei bygd, men den ligg berre 5-6 kilometer frå Skien, ein by av ein viss størrelse. Politiet svikta i å holde gatene og heima trygge likevel. I Sogn og Fjordane, der det er færre folk og større avstandar, legg politimesteren opp til å avvikle lensmannskontora i Selje, Bremanger, Jølster, Balestrand, Hyllestad, Askvoll, Gaular, Aurland, Luster, Lærdal eller Årdal. Brannvesenet må belage seg på å ta over politioppgåver. Det skal nok stort sett gå greit i Florø, men i litt meir grisgrendte strøk fryktar eg at følelsen av tryggleik kan falle fort. Skotfoss-saka er kanskje spesiell, men den visar at det kan gå ille når tryggleiken og tillit forsvinn.

Optimistane bak skriveborda i justisdepartementet og i Vest politidistrikt meinar at politireforma skal gje eit bedre politi. Også for oss i litt meir perifere strøk. Eg er nok litt meir skeptisk. Det er Black Friday i dag. Er det nokon som har sett nokre gode tilbod på balltre der ute?

Hummer og kanari

Postfaktuell rapport

I fjor kåra dei eit smilefjes til årets ord, så ein kan alltids diskutere om dei veit kva dei driver med, men Oxford Dictionaries har greie på språk. Det må ein nesten kunne gå ut i fra. Kvart år kårar dei årets ord. Word of the Year, eller WOTY om du vil. Eit ord eller eit uttrykk som i løpet av året som har gått har utmerka seg med økt utbredelse og stor interesse. På lista over nominerte ord i 2016 var det sterke utfordrarar som “Hygge” og “Coulrophobia”. Det siste ordet er det ein brukar på folk som har ein ekstrem eller irrasjonell frykt for klovner. Ingen av dei nådde opp. Det gjorde heller ikkje det glimrande ordet “adulting” som ein brukar for å vise til at ein har gjort noko ganske vanleg, og temmeleg kjedeleg, i staden for å gjere det ein har mest lyst til. Som å bruke sparepengane på ei ny ildfast form på Til Bords, i staden for på dataspill på Steam. Då har ein drive med adulting. I Noreg brukar vi vaksenpoeng i staden. Når eg for ein gongs skuld skriv denne spalta i tide, i staden for å spille Football Manager, då kan eg skryte av at eg har fått vaksenpoeng. Men siden det fortsatt er litt uklart kva ein kan bruke disse vaksenpoenga til gjer eg slik eg alltid har gjort. Fortsett med å oppføre meg som ei skalla og småfeit syttenåring utan videre impulskontroll. Det er mest hyggeleg slik, dessuten er eg ikkje særkilt redd for klovnar.

Bill Shankly sa ein gong at om du er nummer ein, så er du nummer ein. Er du nummer to er du ikkje noko som helst. Det er ordet som vant eg eigentleg ville snakke om. Post-truth stakk av med sigeren. Sanninga om posten er vel at den snart legger ned, men det er ikkje den slags post det handlar om. Post-truth er eit ord som skildrar den nye tida vi lever i. Etter-sanning ville det kanskje blitt på norsk, men det klinger kanskje betre om vi sier postfaktuell. Vi lever i eit postfaktuelt samfunn. I ei tid der objektiv sanning ikkje lenger er viktig. I kvart fall ikkje om ein er politikar og vil vinne folket. Du har rett på dine eigne meiningar, pleide man å seie, men ikkje dine eigne fakta. Slik er det ikkje lenger. Fakta er rett og slett ikkje like interessant lenger. Det er følelser som gjelder. Kva du sjølv føler, og kva du sjølv trur er viktigare enn objektive fakta. I kvart fall er det noko slikt dei meinar, dei som har funnet på dette ordet. Dessuten har Facebook og Google trimma algoritmane sine slik at vi berre får se og lese slikt som vi har sett og likt før, og dermed sikkert vil sjå og like igjen. Heiar du på Asylvia får du berre gladsaker om vår alles kjære integreringsminister. Har du meir sans for Støre er det dei gladsakane du får. Vips har vi altså fått ei postfaktuell verd, og dette er altså årsaka til både Trump og Brexit. Meinar nokon.

Men dette er ikkje noko nytt. Tidligare hadde vi jo partipressa, der avisene var meir eller mindre reine partiorganer. Det er ikkje so lenge sida det vart slutt på dette, men avisene har likevel haldt på sine politiske røtter. Det er fortsatt skilnad på Aftenposten og Dagsavisen. Det er heller ikkje slik at avisene alltid har vore intellektuelle fyrtårn. Litt for ofte har dei gått for hjarterota, heller enn hjernebarken. Gått for den tåredryppande enkeltskjebna, utan å gå djupare inn og sjå på bakanforliggande årsakar. I dei sosiale medias spede barndom, med framveksten av bloggar, så man for seg at dette kunne være ei motvekt og eit korrektiv til dei overfladiske massemediene. Det vart ikkje heilt slik. Facebook og Twitter kom i staden, og optimismen er snudd til pessimisme. No sit vi visst alle saman inne i ei boble, låst i vårt eige postfaktuelle ekkokammer, og blir dummare og dummare. Det er difor vi har fått Brexit.og Trump. Vi bryr oss ikkje om fakta lenger, vi sit berre og kjenner på følelsene våre, og jo meir vi føler, jo sintare blir vi. Kanksje burde vi heller ta oss ein joggetur?

Mennesket har alltid vore postfaktuelle kjenslestyrde vesen, og den nye medierøynda hjelper ikkje. Vi kan godt spørre oss selv om Facebook eigentleg er bra for oss. Det er lurt å være klar over korleis dei tilpassar nyhetsfeeden for oss. Det er lettare å spreie falske eller forvridde nyhende frå fjern eller nær. Men det får være måte på pessimisme også. Sosiale medier lar oss alle delta i samfunnssamtalen i ei heilt anna grad enn før. Alt i alt trur eg dei sosiale mediene gjer meir godt enn galt. At dei har skulda for alt som har gått gale i 2016 er nok ei mild overdriving.

Ja, kanskje er det til og med heilt postfaktuelt?

Hummer og kanari

Trump og silda

trump photo
Photo by IoSonoUnaFotoCamera

Det er tiår som sneglar seg avgårde. Ingenting skjer. Andre gonger kan det skje så mykje så fort, at det verkar som ein har fått eit heilt tiår i løpet av månader. 2016 har vore eit slikt år. Ein ven lanserte teorien om at det eigentleg var David Bowie som eigenhendig heldt universet saman. Det kan stemme, for etter at han la på røyret og drog tilbake til Mars i januar, har alt blitt merkeleg. Leicester vann Premier League. Florø rykka opp i eit eller anna boligbyggelag. Listhaug vart integreringsminister. Brad og Angelina skilde lag. Ari og Martha òg. Storbritannia melde seg ut av EU, og denne veka kulminerte det heile. Nei, eg snakkar ikkje om det sørgelige faktum at amerikanarane valde ein oransje klovn til president. Eg tenker på det vi kunne lese i Firdaposten tysdag. Sildebordet står i fare for å bli avvikla. No står ikkje verda til påske.[/caption]

Det er lett å slenge om seg med flosklar om at 2016 er det verste året noko sinne. Det er ikkje sant. Det er ikkje ein gong særskilt høgt på lista. 1349 til dømes. Året svartedauden kom til Bergen, var verre. Eller om du er indianar vil du hevde at 1520 er verre. Då kom koppe-epidemien til Amerika. Mellom 60 og 90 prosent av dei opprinnelege innbyggarane døydde av det. Samanlikna med 1942, der nazi-Tyskland verkeleg drog i gong Holocaust på austfronten, samtidig som japanarane massakrerte på i Austen, blir The Donald ei lett handterleg lita fluge i lagnadens spindelvev. Sjølv tanken på eit Florø utan Sildebordet blir berre eit lite kvepsestikk i den store samanhengen.

Nei. 2016 er ikkje det verste året – men kanskje er det det dummaste? Det teitaste året i manns minne? At IQ-en har hatt eit massivt dropp på berre ti-elleve månader. Eg har brukt mykje tid på å lese folk som skreiv om korleis Donald Trump aldri ville kunne vinne presidentvalet. I dag har eg brukt endå meir tid på å lese dei same folka fortelje om korleis dette kunne skje, og kva dette vil bety for Noreg og verda. Og om ikkje det overbeviser deg om at 2016 dumskapsåret, så har Mods varsla om nok ei gjenforeining, og siddisane går mann av huse for å høyre Tore Tang nok ein gong. Teit? Eg veit ikkje om ordet heilt strekkjer til, men ja. 2016 er det dummaste året nokon sinne. Om ein verkeleg skal avvikle Sildebordet finnest det knapt ei betre tid å gjere det på.

Dei som opplevde Svartedauden må ha trudd det var verdas ende, men om ein ser stort og kynisk på det, hadde denne pesten sine positive sider. Det var dei sjuke og svake som vart råka hardast. I fleire generasjonar etterpå hadde folket rett og slett mykje betre helse enn dei hadde hatt før epidemien. Når det var så mange som strauk med, vart det lettare for dei som overlevde. Brått kunne dei kreve betre arbeidsvilkår. Svartedauden vart starten på ei middelklasse i Europa, og alle veit kor viktig den har vore. Koppe-epidemien som herja i Amerika gjorde plass for europearar som søkte eventyr og rikdom i den nye verda. Fattig trøst for dei som døyr, men katastrofer skapar handlingsrom som kan utnyttast. Trump kan bli den verste presidenten, eller han kan overraske. Uansett kjem sigeren hans til å endre noko. Det kan vere ein bra ting. Det liberale demokratiet som vi trudde hadde vunne historia då muren fall, har vist seg å ha svakheiter. Førebels er det fleire spørsmål enn svar, men Brexit og Trump er teikn på at ei epoke er over. Nye tider krev nye løysingar.

No kan det hende at Melvær og dugnadsgjengen hans får stabla bordet på beina i 2017 også, eg håpar det. Det er mykje Florø-sjel i dei ukomfortable treborda og plastbøttene med sild. Men må dei kaste korta, gjeld det å sjå på dørene som opnar seg. I eit nederlag ligg det ein kime til siger. Byen er full av folk som vil vere med og skapa noko. Av ruinane kan det skapast noko nytt og endå betre, og lat oss vere ærlege: Ingen under 55 bryr seg filla om den der silda. Tufta på sild, meir fekk vi ikkje til, las eg i Kjippen for nokre år sida, men det er ein påstand vi kan motbevise. Både Trump og silda, vi skal overleve dette også.

Hummer og kanari

Samtaler med Tildibopp OG Hagbarth

Tildibopp: – Vet du hva. Ninni er skikkelig kilen under føttene.

Hjorth: – Er hun det ja?

Tildibopp: – Mmmm. Skikkelig kilen.

Hjorth: – Er du noe kilen under føttene da? (Tester)

Tildibopp: – Hihihihihihi, ja. Jeg er litt kilen… Fnis.

Hjorth: – Det ser jeg!

Tildibopp: – Pappa, er DU kilen under føttene?

Hjorth: – Nei, jeg er ikke kilen noe sted jeg.

Hagbarth: (lakonisk) – Det er fordi du er dead on the inside.

Hummer og kanari

Anti-inspirasjon

Motivasjon

Eg har levd eit langt liv, og mykje av tida har eg brukt på å lytte til foredragshaldarar med ambisjon om å motivere, inspirere og puste ny glød inn i utbrente hjerneceller. Med lite hell, må det seiast. Eg blir berre demotivert når eg tenkjer på kor lang tid eg må jobbe for å tene like mykje som det denne irriterande sprettballen på scena fakturerer for å stå der og veive med armane.

Heldigvis har eg i det minste fått med meg at det gjeld å tenkje positivt. Eg passar på å ikkje bli verande for lenge i dei negative tankebanene. Eg pensar tankane over på noko meir hyggeleg. Eg tenkjer på kor mykje øl eg skal tylle i meg når berre han derre apekatten blir ferdig på scena. Og etter kvart som den eine etter den andre imaginære halvliteren renn ned i halsen på meg, kjenner eg inspirasjonen stige.

Når eg blir inspirert, hender det at eg får idear. At eg trur eg kan gjere alt betre enn alle andre er ikkje avhengig av at eg er inspirert. Det er meir ein konstant tanke. Men når eg er inspirert startar tankane å surre omkring korleis eg ville gjort det, om eg berre fekk sjansen. Det var nettopp under et slikt motivasjonsforedrag eg fekk tanken. Eg hadde akkurat høyrt ein fyr legge ut om korleis arbeidslivet var sett saman av tre forskjellige mennesketypar. Dei grøne, dei gule og dei raude. Dei fleste er gule, nøytrale og lettpåverkelege. Så har du dei grøne. Det er dei positive folka. Dei som freistar å få ting til å skje. Dei som vil skape noko. Og til slutt har du altså dei raude. Dei skal du halde deg unna. Dei er negative. Kritiske. Vil ikkje nokon ting. Dei vil at alt skal vere slik det alltid har vore, samtidig som dei sjølv har sekken full av tankar om kva som burde vore annleis – om berre dei fekk bestemme.

Problemet var at han ikkje hadde nokon strategi for korleis ein skulle handtere desse folka, utover å halde seg unna dei. Eg kjente at eg vart raudare og raudare der eg sat og lytta. Og så slo det ned. Som ein av dei raude folka i arbeidslivet burde eg, med mine talent, snekre saman eit foredrag om korleis vi som kan kunsten å tenke negativt overlever i eit arbeidsliv fullt av grøne folk som på død og liv vil noko heile tida. Eit anti-inspirasjonsforedrag. Eg syntest det var ein knakande god ide, sjølv uten promille.

Så der sat eg og drøymde for meg sjølv. Eg skulle lage eit heidundrande foredrag. Det skulle vere foredraget som tok livet av alle andre foredrag. Eg såg føre meg at eg heldt foredraget på Temposeminaret, og etter at eg var ferdig ville Per Øyvind Helle legge ned heile seminaret og mønstre på Mercy Ships i staden. Heile denne marknaden ville bryte saman med eit stort smell, og kanskje dra kommunikasjonsbransjen med seg i same slengen. Tidlegare kommunikasjonsrådgjevarar ville takke meg gråtkvalt for at dei endeleg fekk sjansen til å gjere noko nytt og viktig med liva sine. Mellomleiarar og andre tilsette ville falle meg om halsen og takke meg med tårer i augo for at dei slapp å høyre fleire motivatorarar, og heretter ville kunne gå rett i baren. Menn ville spandere øl på meg, medan kvinnene ville ligge med meg. Med mot, energi og begeistring. Eg såg føre meg at dette var noko eg kunne fakturere store penger for å levere.

Sist helg vare eg på samling igjen. Der kom det først ei dame på scena som hadde skapt noko som ho hadde kalla for Begeistringsetaten. Ho skulle lære oss å leie med begistring. Det fungerte ikkje så bra for min del. For å halde ut, fann eg fram dei gamle godtankane. Anti-foredraget. Eg skulle starte foredraget med å vise til korleis alle andre foredragshaldarar dei hadde høyrt til no, stod der av di dei hadde oppnådd noko. Vunne noko. Medan eg, eg sto der i kraft av meg sjølv. Ein mann av folket. Eg var ein mann som ikkje hadde fått til noko som helst, og nå skulle eg fortelle dei korleis dei kunne gjere det same.

Så kom siste foredragshaldar på podiet. Han såg ut som ein shabby blanding av Fleksnes og Trond Espen Seim. «Hei», sa han. «Eg heiter Henrik Aase. I motsetning til dei som har sprunge fort på ski, gjort noko stort, eller klatra til Mount Everest-toppen berre ved å bruke tennene, dei som pleier å halde disse foredraga. I motsetning til dei, må eg innrømme, har eg eigentlig ikkje fått til noko særleg.»

Eg var bitter. Her hadde fyren rappa store deler av mitt imaginære foredrag, og det funka som berre det. Folk hylte ut i latter, og det fortsette dei med i over ein time. Medan eg drakk imaginær øl og vart raudare og raudare. Nok ein draum i dragsuget. Opnar ikkje baren snart? Og det gjorde den.

%d bloggers like this: