web analytics

Category Archives: Hummer og kanari

Hummer og kanari

Kvite forteller vitser #18

image

– I dag når jeg sto opp var det tomt for melk i kjøleskapet. Jeg ble så forbanna. Klikka helt. Total Melkdown.

Hummer og kanari

Kyrkjelyden

WordItOut-word-cloud-1064656

Denne veka har det vore rabalder i kristen-land – så mykje bråk at ein har høyrt kyrkjelyden heilt ut hit i ateistland. Nokon har gjeve ut ei bok som heiter 22. juli-profetien; eit makkverk utan like. Den kallar ungdommane på Utøya for deltakarar i ein politisk armé som har kjempa mot Israel i over førti år. Når dei blei massakrerte av Anders Behring Breivik var det ikkje meir enn dei måtte rekne med, og årsaka var at Gud ville straffe oss, og åtvare oss. Om vi ikkje snur vil det hende endå verre ting. Det er litt uklart for meg om Breivik var eit sendebod for Gud, eller om djevelen hadde teke bolig i han, og Gud berre let det hende. Uansett kva alternativ ein fell ned på vil eg meine at vår allmektige fader er strafferettsleg ansvarleg, og bør stillast for norsk rett så snart som råd er.

Ein burde vel teie ihjel den slags vrøvl, men når folk med ein viss påverknad deler bokas bodskap, er det på sin plass å reagere. Redaktør i Dagen, Vebjørn Selbekk, tok difor føre seg boka i eit harmdirrande innlegg, og sidan har det berre balla på seg. Vårt Land laga sak på at fylkesleiar og listetopp for partiet De Kristne i Aust-Agder, Jan Ernst Gabrielsen, var einig i at Utøya var Guds straffedom. Dagbladet spadde opp ein ordførarkandidat frå same parti i Skien som var einig. Partileiaren har ikkje villa seie så mykje til media, men etter at han tok ein telefon til Gabrielsen, hadde listetoppen frå Aust-Agder plutseleg gått av frivilleg.

For oss ateistar har det vore ei draumeveke. Endeleg har vi fått bekrefta det vi har trudd heile tida: At dei religiøse folka er spinn ville, klin kokos, rett på – eller kanskje helst litt over – grensa til psykiatri. Heldigvis kjenner eg folk som kan korrigere denne oppfatninga og få meg ned på jorda att. Dei fleste religiøse er ikkje meir koko enn det eg er sjøl. Du finn neppe ein einaste prest her i landet som meiner noko i nærleiken av bokas uhyrlege påstandar.

Men kva med dei snaut 8000 medlemmene av landets mange sokneråd? Der må det vere litt av kvart? Plutseleg finn eg ut at eg må stemme ved kyrkjevalet i år. Det sler meg at om eg gjer som eg pleier, altså gjer fanden, er det fanden sjøl som får mi stemme. Det vil eg ikkje ha på meg. No skal mørkemennene av begge kjønn lukast ut. Til helsike med dei. Eg set meg ned med Google og freistar å finne ut av det noko forvirrande kyrkjevalet. Det er nemleg ikkje berre enkelt. Eg stussar til dømes litt på at det berre er ei einaste liste. Det minner strengt tatt litt om valsystema i land vi ikkje likar å samanlikne oss med. Men kanskje er det ikkje anna å vente av ei kyrkje tileigna ein gud med litt småfascistiske tendensar, som aldri har brydd seg særleg om demokrati. Men litt påverknadskraft har vi. Gjennom å sette ei stjerne på seddelen kan eg gje ei ekstrastemme til inntil tre kandidatar. Utfordringa er å vite kva dei einskilde kandidatane står for. Til bispedømmerådet er det enkelt. Eg kjem til å stemme på dei tre einaste personane på lista som seier ja til å vigsle homofile. Hyggeleg av nominasjonskomiteen å berre inkludere tre stykker, det gjer det lettare å velje.

Til soknerådet er det verre. På bileta som kyrkja har lagt ut på nett ser dei påfallande normale ut, alle saman. Ingen av dei verkar å vere særleg opptekne av Israel. Men kva er dei opptekne av? Eg morar meg med å lime alle kampsakane til kandidatane inn i eit dokument, og lage ei ordsky av dei. Essensen er at dei 25 kandidatane vil kjempe for eit godt, inkluderande vedlikehald av ungdomsarbeid og kyrkjebygga. Eller noko slikt. Det er ullent. Kjedeleg. Det er ingen som skil seg ut. Det blir for vanskeleg. Eg trur kyrkja kunne hatt mykje å hente på å merke kandidatane sine betre. Litt som på pizzamenyen til Dolly Dimples. Om det er nokon som har vore i soknerådet sidan Metusalems tid kan dei få stempelet klassikar på seg. Ferskingar er sjølvsagt merka med ny. Nokre er milde. Andre meir spicy. Nokre bør kanskje merkast med hot. Eller svovel og oske. Dette ville gjort det enklare å velje.

Berre eit innspel. Gratis. Eg får mi lønn i himmelen. Eller kor eg no hamnar.

Uansett. Bruk røysteretta folkens. Er det folkekyrkje dei vil ha, får dei finne seg i at folket er med og bestemmer. Gje ei ekstrastemme til dei tre liberale kandidatane til bispedømmerådet. Godt val!

Hummer og kanari

Fjols til fjells

20150802_181348_HDR

Det er siste helga i august, og det er på tide å summere opp sommaren 2015. Lat oss seie det slik: Hadde Noah vore frå Florø hadde han neppe gjett seg i kast med båtbygginga. 40 dagar og 40 netter med regn? Det er det vi kallar ein middels sommar her. Noah hadde tatt på seg skipperlua, blåst i barten, og gått seg ein tur på formiddagen som vanleg. Tatt ein kopp kaffi på Amfi. Slått av ein prat med nokon kjende i svingdøra. Kanskje tatt eit par dagar på Alexandra i haustferien for å roe ned kona. Bygge båt, berre for å fylle ho opp med merkelege dyr som kaklar, brekar, og gjer frå seg over alt? Slikt får ein då meir enn nok av når POS’en arrangerer folkefest i Trovikbakken, om ein ikkje skal ha det med seg ut på sjøen også. Nei fysj for ein elendig sommar det har vore. Heldigvis har det vel som vanleg regna endå meir inne i Førde.

Det vart nokre fine dagar i slutten av august, men det var etter skulestart så det tel ikkje. Elles var det vel berre ein dag der det var både opplett og varmt. Eg brukte dagen på å gå meg vill i fjella inne i Eikefjord. Det var ein av dei tidlege julidagane. Ein av dei dagane der det aldri blir heilt mørkt. Det var allereie tidleg kveld då eg parkerte på rasteplassen og la i veg mot Eikefjordstøylen. Der har eg vore før, og det er ein fin tur. Ein utrent slask som meg vraltar seg gjennom skogen og opp fjellet på rundt førti minutt. Nok til å bli sveitt. Ikkje nok til å døy. Men det er bratt å gå ned igjen. Bratt, og kjedeleg. Når eg står på toppen, trekkjer inn dufta av tennvæske, og ser ut over Eikefjorden er det eg får den strålande ideen at eg skal gå vidare bortover fjellet. Bort til Knapstadstøylen. Det står jo skilt der opp som peikar veg, og stien er merka. Nede der stien startar står det at det berre er ein kilometer lenger til Knapstadstøylen enn til Eikefjordsstøylen. Det kan ikkje vere så langt. Eg tek sjansen på å ignorere den vesle stemma bakarst i hovudet som seier at deter ei dårleg idé. Eg legg i veg bortetter.

Når ein går åleine i fjellet er det lett å la tankane fly. Det er herleg å kunne la tankane finne krinklete vegar, utan å bli forstyrra av dataspel, rabiate bøllefrø, WInx Club og katten som bankar på vindauget og vil ut. Der eg går i det vakre fjellet kjem eg til å lure på ein ting. Kva er det med Turistforeininga og fallossymbol? Det er ikkje så ille på denne turen, men om ein går turen til Terdalskeipen, er det så fullt av vardar og høgreiste steinar at ein knapt kan snu seg utan å støte på ein T-merka steinpenis. Kva slags folk er det eigentleg som engasjerer seg i turistforeininga? Kva slags forkvakla seksualitet er det dei har som får dei til å forureine fjellheimen slik at det kjennest som om du er med i ein homsepornofilm der du spankulerer rundt i sine eigne tankar. Det må vere mogleg å merke desse stiane på ein litt mindre påtrengande måte?

Dette var tidleg på turen. Seinare på kvelden hadde eg sett stor pris på eit par kjempefallosar for å vise veg. Det har blitt seint og mørkt. På eit tidspunkt mistar eg stien, og finn ikkje vegen vidare. Eg forbannar Turlaget. Dei må jo ta omsyn til at alle som flyr i fjellet ikkje er Jan Bålsrud. Somme av oss klarar å gå oss vill på veg ned frå Brandsøyåsen. De må merke stiane betre. Om ein må vere lokalkjent for å finne vegen, sjølv om den er merkt, då har de ein jobb å gjere. Eg veit at det er eg som er dum, eg er ikkje heilt idiot, men eg har høyrt fleire som klagar på dårleg merking i Florafjella. Ta ein studietur til dei merka turstiane i Naustdal og sjå kor bra det kan gjerast. Den turen er merka med gul linje. De finn fram!

Eg finn også fram denne natta i fjellet. Eg må gå tilbake den vegen eg kom. På eit tidspunkt skjærer eg ned Kyraråkja. Det verka som ein god idé, men var nok heilt feil. Men ved hjelp av nokre monstermaster finn eg likevel riksvegen litt over tre på natta. Treningsappen min seier at eg labba rundt i fem og ein halv time. Tretten kilometer. Noah skulle alltid overdrive, han hadde sikkert fått det til å bli både ein og to månader. Men så var han 600 år då syndefloda kom. Ikkje rart han surra litt. Sjølv er eg litt meir nøktern. Sommaren 2015, kan eg seie. Jau, det var vel det året eg heldt til heile sommaren i Eikefjordsalpane, det.

Hummer og kanari

Samtaler med Tildibopp #22

image

– I dag kommer Besti for å passe oss i huset vårt!

– Det gjør hun. Gleder du deg?

– Ja. Det som er fint med Besti er at hun aldri blir sur på barna sine.

– Sier du det. Men blir Mamma og Pappa sure på barne sine da?

– Nei, dere PLEIER ikke å bli det, men det hender.

– Jojo, men det hender vel bare når barna er håpløse da?

(Stille en lang stund)

– Vet du hva. Jeg synes faktisk ikke barna er håpløse.

– Dere er stort sett veldig greie, det skal dere ha.

– Men vet du hva som ikke er bra med Besti? Hun sier alltid at jeg skal rydde MASSE, selv om jeg har gjort veldig masse, også spør hun ALDRI Hagbarth!

– Sier du det?

– Ja, og det er URETTFERDIG!

– Men kanskje det er du som roter mest?

(Stille en lang stund)

– Vet du hva. Når dere skulle komme fra Italia så dekket jeg bordet og gjorde ALT, men Hagbarth ikke gjorde noen ting. Han gadd ikke flytte PC’en sin en gang!

– Uff, det var ikke rettferdig?

– Nei.

– Men når Besti kommer og skal passe oss i huset vårt så er det ikke hun som bestemmer. Da hjelper det ikke å be meg om å rydde!

– Du får si det til henne.

– Ja, det skal jeg si MED EN GANG hun kommer.

Hummer og kanari

Folket rår

14605655090_26a004bc0c_o

I’m here to talk to you, not your fucking phone!

Det var på Sicilia for to år siden. Mi kjære og eg hadde forvilla oss på konsert på eit eldgamalt gresk-romersk amfiteater i Taormina. Det var Patti Smith som leverte bodskapet til hordane av fans som sto foran scena og vifta med mobiltelefonane sine. Litt seinare tømte ho ei flaske vatn i hovudet på ein kar som ikkje hadde tatt poenget. Innimellom leverte ho og bandet hennar eit rumpesparkande rock’n roll-show få kan matche. Ein må berre like den dama. Kven andre kan spytte, banne, skjelle ut og helle vatn på sitt publikum, og likevel ikkje få anna enn kjærleik tilbake. Den kvelden fekk ho oss til hyle som ville bikkjer mot den sicilianske månen. Vi gløymer det aldri.

Patti Smith har vore på tur denne sommaren også, og rapportane tydar på at ho ikkje er mindre sinna i år. We are all being fucked by corporations, by the military! We are free people, and we want the world and we want it now, spyttar ho frå scenen. Eit bodskap som slår godt an i dei økonomisk hardt prøva landa sør i Europa. I demokratiets vugge, Hellas, har det radikale partiet på venstresida, Syriza, tatt Smiths gamle hit People Have the Power til hjartet og gjort den til si kampsang. Eg har også gått og nynna på den låta i sommer.

Til liks med mange andre har eg kasta meg over den nye måten å feriere på. Eg skaffar meg rimeleg overnatting via AirBnb. Blir eg lei av å traske i dei tronge og pittoreske gatane i Roma dreg eg opp mobilen og får ein sjåfør frå Uber til å plukke meg opp og køyre meg heim. Er eg sulten lar eg TripAdvisor finne restaurant til meg. Det er genialt. Enkelt og brukarvennleg.

For dei som ikkje er kjent med desse tenestane er AirBnb ei nettstad der folk som har eit rom, ei seng, ei leilighet, eller eit hus til leie kan tilby det til folk som meg. Uber er ei meir brukarvennleg konkurrent til taxinæringa, medan TripAdvisor lar folk gi stjerner og skrive kommentarar til hotell, restaurantar og andre ting dei har vitja medan dei har vore på ferie. Ein ting dei har felles er at dei baserar seg i stor grad på di og mi tilbakemelding. Eg kan gje Uber-sjåføren ein score frå ein til fem slik at andre kan sjå om han er grei å køyre med. Ber eg AirBnB finne meg ei plass å bu sentralt i Roma, får eg først opp dei plassane som har fått gode tilbakemeldingar frå andre.

Gode tilbakemeldingar på TripAdvisor var grunnen til at vi spiste på Kjersti’s mat og vinhus på Gol, til tross for den håplause apostrofen i namnet. Dårlege tilbakemeldingar var den einaste årsaka til at vi ikkje tok med ungane på Gordarike familiepark. Folket rår. People Have the Power. TripAdvisor er eit nyttig verktyg. Eg kjem til å bruke AirBnb neste gong eg skal på ferie også. Likevel. Det er noko med utviklinga eg ikkje likar. Tilbakemeldingane frå oss kunder blir viktigare og viktigare. Eg har inntrykk av at det blir verre og verre for kvart år. Det starta med strategisk plasserte TripAdvisor-skilt med god score. Nokon har klipt ut gode omtalar og hengt dei på veggen. I det siste har eg opplevd oftare og oftare at folk snik det inn i samtalen. Kan du ikkje vere så snill å gje oss ein god karakter på TripAdvisor. Fint om du skriv noko pent om meg og leiligheita mi på AirBnb.

Ikkje er det berre på ferie dette brer om seg heller. I sikkerhetskontrollen på flyplassane kan du trykke på ein knapp for å gje ei vurdering av kor hyggelege securitaspersonalet var i dag. I fjor høst blei det rabalder av at Coop hadde innført eit lignande system i nokre av sine kasseapparater. Korleis vart du ekspedert i dag? Gode tilbakemeldingar har blitt hard valuta. Eg kjenner at eg er i ferd med å sette det heile i halsen. Eg er redd den evige jakta på skryt og bra feedback gjer noko med oss. Endrar måten vi omgås. Måten vi snakkar med kvarandre. På eit tidspunkt startar det å virke mot si hensikt. Når dama som gjer oss nøklane til leiligheita i Roma ber meg om å gje ei fin score, og helst ikkje skrive noko om det var noko eg ikkje var heilt nøgd med, kjenner eg meg som Patti Smith den kvelden i Taormina. Eg blir sur. Eg er her for å snakke med deg, menneske til menneske, ikkje for å gje deg eit forbanna terningkast. Kan du slutte å snakke til meg som om du, og eg, er ein robot?!?

Men eg gjer ho fem stjerner likevel. People Have the Power, syng Patti Smith. Eg trur ikkje ho meinar at vi skal bruke den makta til å rangere kvarandre heile forbanna tida. Eg freistar å lure systemet. Eg gjer alltid full score.

%d bloggers like this: