web analytics

Kutt og bagatellar

Lørdagens spalte i Firdaposten, for dem av dere som bor litt mindre sentralt. Beklager omgangen med sidemålet her, Flopsy har ikke lest korrektur denne gangen.

Det hender seg ikkje så rent sjeldan at eg synes litt synd på dei som jobbar med pleie og omsorg rundt om i alle landets kommunar. Dei er jo nærmast for fritt vilt å regne, og jaktsesongen varer heile året. Ta nå til dømes den saka som Firdaposten skrev om på torsdag, der pårørande reagerte på at mor deira vart flytta frå Furuhaugane bu- og servicesenter utan at dei vart informerte om det. Sjølvsagt burde dei ha fått beskjed, men dette er jo berre ein bagatell av ein sak. Ein kommunikasjonssvikt. Ein liten glipp. Eg skjønar ikkje at nokon orker å gå til lokalavisa med ein slik liten filleting. Det må da gå an å ta opp dette med dei det gjelder, på ein høfleg og grei måte, ikkje berre løype til avisa kvar einaste gong det er noko man ikkje er heilt nøgd med. Ikkje skjønar eg at Firdaposten meinar dette er noko å bruke spalteplass på heller. Eg meinar. Om folk skulle gje seg til å ringe avisa kvar gong ein handverkar ikkje dukka opp til avtalt tid utan å ringe og gje beskjed, så er eg redd Firdaposten både måtte ha dobla sideantallet og starta med daglege utgjevingar for å få plass til alt saman. Men av ein eller annen grunn så er ikkje snikkarar som ikkje kan korkje klokke eller kalender godt stoff for landets lokalaviser. Når det gjeld pleie og omsorg så er ingen tabbe for liten til å komme på trykk.

Ikkje slik å forstå at det ikkje skal vere lov å kritisere omsorgstenesta, alvorlege sakar skal sjølvsagt avdekkast og skrivast om, og det håpar eg Firdaposten held fram med å gjere. Men la oss nå slippe bagatellane.

Så hender det også av og til at eg ikkje synes det minste synd på dei som jobbar med pleie og omsorg her i kommunen. I kvart fall ikkje dei som sitter på toppen og har ansvaret for det heile. Eg tenker nå ikkje først og fremst på politikarane, dei kan ein ikkje stille for store krav til uansett. Nei, først og fremst tenker eg på pleie og omsorgssjef Norunn Stavøs lite musikalske uttalelse i Firdaposten sist torsdag. I forbindelse med at det skal kuttes stillingar på Flora omsorgstenester hevder Jacob Nødseth og pårørande at dei tilsette er utslitne. Konfrontert med dette svarer Stavø:

–          I alle jobbar blir ein lei i periodar. Og eg er ikkje sikker på at ein blir mindre lei med mykje personal på jobb. Då kan det vere meir demotiverande med negativ vinkling på omsorgstenestene i media.

Stavø har på sett og vis rett i at det ikkje treng å vere nokon samanheng mellom bemanning og trivsel på jobb. Forsking frå Sintef viser at opplevinga av å vere nok folk på jobb, som heng direkte saman med kordan man har det på jobb, ikkje alltid heng saman med den faktiske bemanninga. Men om det nå er rett, slik Nødseth, dei pårørande, og Firdaposten hevdar, at dei ansatte er utslitne. Da skyldar deres øverste sjef å ta dei på alvor. Og da er det ikkje særleg smart å avfeie dette med at alle blir lei av jobben av og til, og dessutan så må dei ikkje tro på alt dei les i avisa. Det er ikkje slik man får dei ansatte på si side. Og skal kommunen lykkast med å få noko ut av den omorganiseringa man har vore gjennom, som skal vere ferdig i disse dagar, så må man ha dei ansatte på si side. Da er det viktig at både administrasjonen og dei ansatte har ein nokolunde lik forståelse av kva som er røynda ute i felten.

Avslutningsvis må eg berre nemne at eg tidligare i veka hadde gleda av å observere syv stykker som eg antar var frå kommunen i sving med å klippe hekk og gjere anna forfallande arbeid i kirkeparken. Men det er i pleie og omsorg budsjetta sprekk, og stillingar kuttast bort.

Men det blei fint i parken da.

2 Comments

  • Guri
    29 August, 2010 - 7:00 am | Permalink

    Nynorsken din er det jo så som så med, men ellers synes eg som vanleg at det var ganske bra :mrgreen:

    • Hjorthen
      29 August, 2010 - 5:11 pm | Permalink

      Jo takk, Flopsy var heller ikke helt happy. Hun skal få språkvaske meg neste gang tenker jeg.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: