web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Resirkulert lørdagsspalte

Jada, jeg har resirkulert og oppdatert det som ble denne lørdagens Firdapostspalte, men det er så lenge siden dette var en fersk bloggpost at det knapt er noen andre enn meg selv som husker den. I likhet med episoden jeg beskriver antagelig.

85/365: In Soccer We Trust...
Creative Commons License photo credit: Socceraholic

Siste målet vinner

Det er haust og kaldt i lufta.
På løkka går ballen frå mann til mann, sjølv om det eigentleg har blitt for mørkt til å spille fotball. Tryta til Totto som drar av Suppa med ein enkel og elegant lita finte og slår ballen inn foran mål. Der heng Haugen allereie i lufta, eit halvt hovud over alle andre, og nikkar ballen forbi keeper-Schjerven og i mål.
“Bra gutar”
“Nydeleg ball!”

12-12 og siste målet vinner.
“Kom igjen gutar, nå tek vi dei, nå tek vi jævlane!”
“Stygge er dei også!”
“Sjå kor stygge dei er, jævlane!”

Vi sparkar ballen i spill igjen. Keeper-Schjerven spelar ballen til Lykke i midten. Han slår ballen vidare ut til meg på venstrekanten.
Eg forserer oppover kanten heilt til Tryta gir teikn til å ville gå på. Da vender eg, og slår ein krossar tvers over banen til Bårdi ute på høgrekanten. Eg ser berre skuggen av ham langt der borte i haustmørkret, men eg kan slå dei ballane i blinde. Eg veit at han er der.

“God ball!” roper Bårdi og slår ein frekk tunnel på Haugen. Skjærer inn mot mål.
Lykke har komme opp på banen og roper på ballen. Han får den, og tar den med seg inn i feltet. Totto henger på ham, klarar ikkje å ta frå ham ballen, men gjer at han ikkje får skote. Presser ham ut mot hjørnet på femmeteren.
Eg ser ein luke og løper i den.
Roper høgt på ballen.
Lykke finter og vender, ser luka og slår ballen. Plutseleg står eg med blankt mål og ballen i beina på 11 meter. 12-12 og siste målet vinner.

Instinktivt veit eg at dette er siste kvelden på løkka i år.
Kanskje er det siste kvelden på løkka, punktum.
Snart skal vi ut og studere. Bort i militæret. Før vi veit ordet av det er det jobb og familie. Småbarn som skal leggjast og lån som skal betalast.
Nokon av oss kjem kanskje aldri tilbake, og dei av oss som kjem har ikkje lenger tid til å henge rundt på løkka på seine haustkveldar.
Noko er i ferd med å ta slutt.

Eg nøler.
Eit tiandedel sekund nøler eg, før eg lader kanonen.
Eg fyrar av, får klokketreff på vrista.
Ballen fyker avstad mot krysset, det er ein kanon. Ein skikkeleg rakkarykar. Ingen keeper i verden…
Men som i sakte film ser eg at Keeper-Kasper er etter den.
Han ligg strak som ein linjal i lufta. Rekker han ballen?
Det skal ikkje vere mogleg…

Det er tidenes redning.
Gløym Gordon Banks og Geir Karlsen.
Peter Schmeichel, Erik Thorstvedt og Oddvar Træen kan berre gå heim og vogge.
Keeper-Kasper får ei hand på ballen og vippar den over tverrliggaren. Tidenes aller finaste redning skjedde på løkka, seint om hausten, ein gong midt på åttitalet. Det var ikkje eit TV-kamera i mils omkrets. Ingen Øyvind Alsaker i kommentatorboksen.
Det var mitt skot han redda og eg trakk eit lettelsens sukk.
Det er ikkje slutt ennå, vi kan spille litt til.
Kanskje vi kan spille for alltid?

12-12 og siste målet vinner, kom igjen gutar, nå tek vi dei. Jævlane.

2 Comments

  • KEE
    22 February, 2011 - 7:13 pm | Permalink

    Pokkernmeg, nå blei jeg nostalgisk. Vi dunka basket og spelte landhockey, men sånn, akkurat sånn var seinsommern for… Å dæven, for en søtten atten år sia. Nå er jeg plutselig gammal.
    Men om noen år blir jeg yngre igjen. Banna bein, skal bare komme ned med beina først og få huet over vannet og alt det der…

    • Hjorthen
      25 February, 2011 - 8:27 pm | Permalink

      For søtten-atten år sia var jeg allerede en nostalgisk herremann med framtida bak meg. Nyt det mens du kan!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: