web analytics

Ein meir menneskleg debatt

Foto: Jo Christian Oterhals

Det har vore hevda at det blant amerikanske soldatar i kamp under den andre verdskrigen berre var kring 15-20 prosent som kunne få seg til å skyte og drepe ein fiendtleg soldat som han hadde i siktet. Etter slaget ved Gettysburg i den amerikanske borgarkrigen plukka ein opp 27000 gevær frå dei falne. Kring 90 prosent av desse geværa var fortsatt ladd, og omlag halvparten av dei hadde blitt lada fleire gongar, utan at eigaren hadde avfyrt. Soldatane hadde altså lagt geværet til rette, men ikkje fått seg til å skyte, for så å senke det att og lade på nytt. Soldatar flest kunne kanskje døy for landet sitt, men dei ville ikkje drepe for det.

Det er akkurat dette som gjer det så vanskeleg å forstå korleis det er mogleg for ein mann å skyte og drepe over åtti uskuldige og ubevepna menneske, mange av dei berre barn, med kaldt blod. Kva slags menneske er det som er i stand til å gjere noko slikt? Er han berre riv, ruskande galen, eller er det noko heilt spesielt som driv han? Kva for ei sak er det som kan opplevast som så viktig at ein tyr til slike handlingar?

Eg skal ikkje gjere meg viktigare enn eg er. Dei eg kjenner som arbeider i eller i nærleiken av regjeringsbygget er i god behald. Eg følger minst ein av dei som vart drepne på Utøya på Twitter, men eg kjenner ikkje nokon av dei personleg. Eg er ikkje råka av tragedien, men den vedkjem meg, og som alle andre er eg opprørt av den. Ikkje minst kjennes det heile veldig nært når det kjem fram at gjerningsmannen har vore ein aktiv deltagar, i eit høgreekstremt internettmiljø eg sjølv pleide å følge ganske tett. Mange av sitata som vert vidareformidla i media høyres urovekkande kjende ut. Eg har lese liknande meiningar på nett mange gonger før. Og også havna i diskusjonar med folk som har liknande meiningar meir enn ein gong. Burde eg ha sett dette komme?

Dette miljøet er prega av svært sterk islamkritikk, og ein temmeleg ekstrem nasjonalisme, som ikkje må forvekslast med den meir “tradisjonelle” nynazismen. Her vert det forfekta meiningar som at Europa er i ferd med å bli overteke av krefter utanfrå, og at dette er mogleg ved at det finnast ein allianse mellom muslimar og den politiske venstresida i Noreg. Gjerningsmannen har omtala Gro Harlem Brundtland som “Landsmorderen”, og AUF som “Stoltenberg-jugend”. Dette er ein kjend form for retorikk i dette miljøet. Faktisk er det nokså skremmande å sjå kor lite ekstreme dei innlegga og kommentarene gjerningsmannen står bak framstår. Ein kan lese verre ting i kommentarfelta til ulike nettaviser kvar einaste dag, om ein berre orkar: Europa er i krig, Arbeidarpartiet er quislingar, og islam er den nye nazismen.

Vi kan i skrivande stund ikkje vere heilt sikre på om desse terrorhandlingane var eit resultat av ein mann sitt forskrudde verdsbilde, eller om han har hatt medhjelparar. Han hevdar sjølv at han har vore aleine om det, og førebels ser dette ut til å kunne stemme. Vi skal likevel passe oss for å sjå på dette berre som verket til ein galning. Desse handlingane har ikkje oppstått i eit vakuum. Kva for ein ideologi denne gjerningsmannen har hatt, og kva han har tenkt og trudd på er ikkje uviktig. Vi er nødt til å sjå nærare på kva det kan vere som har gjort at hatet hans har fått vekse og gro seg så sterkt at det har resultert i slike uhyrlege handlingar. Samtidig må vi hugse på at ekstreme meiningar ikkje betyr at ein ønskjer, eller er i stand til, å utføre ekstreme handlingar. Ingen av dei som denne valdsmannen nemner som førebilete, og omtalar i rosande ordelag i sitt forkvakla manifest, har sjølve nokon gong oppfordra til valdsbruk.

Det fins nok dei som kunne tenke seg å bruke dette høvet til å kneble dei ekstreme og ytterleggåande synspunkta. Det synes eg ikkje vi skal tillate. I dei gamle folkeeventyra er det slik at trolla sprekk når dei kjem ut i dagslyset. Mange trur at det samme vil skje om vi slepp dei ekstreme ytringane fram i mediene. Dette er ein floskel eg ikkje lenger trur på; like sannsynleg er det at trolla vert til stein og dermed heilt umoglege å bli kvitt. Eg trur likevel ikkje at løysinga ligg i å kneble dei ytringane vi ikkje likar. Debatten må få fortsette.

I den grad vi kan lære noko av ei slik ufatteleg tragedie, er det kanskje dette: Ord kan drepe. Vi må ikkje stenge meiningar ute, men vi må dempe den verste retorikken. Vise litt større respekt for meiningsmotstandarar enn vi har gjort på ei stund. Større respekt for menneska. Du er ikkje ein rasist sjølv om du er kritisk til islam og norsk innvandringspolitikk, det er måten du ytrar kritikken din på som avgjer. Ein av mine Twitter-vener plukka opp ein haikar her i området på fredag, etter hendingane i Oslo og på Utøya, før det blei kjend kven som sto bak. Haikaren meinte at det no var på tide å asfaltere Afghanistan. Den natta i 2004, då asylmottaket på Solbakken brann, var der nokon som spurde om ein kunne kjenne den liflege dufta av svidd neger over byen. Slike ytringar kunne vi klart oss forutan. Ytringar som bidreg til umenneskleggjering, som snakkar om “dei andre” som ein fare for “oss”, basert på kva gruppe ein tilhøyrer. Anten det no gjeld muslimar, jøder, Frp-politikarar eller Liverpool-supporterar. Det skal vere høgt under taket i det norske hus, men eit tak treng vi, og kvar gong nokon slår hol i taket må nokon seie i frå.  Debatt drep ikkje. Men dehumanisering kan bidra til det. Skjønar vi dette?

På Facebook melder folk seg inn i ulike hatgrupper, retta mot fredagens gjerningsmann. Med ungane sine som profilbilete ønskjer dei at han skal brenne i helvete. Den siste statusoppdateringa eg las før eg la meg fredag natt var frå ein som skriv at jødane skal få betale for det dei gjorde i Oslo denne dagen.

Eg kan ikkje akkurat seie at eg er optimistisk.

3 Comments

  • Loeffle
    28 July, 2011 - 6:36 pm | Permalink

    Jeg er ofte i Norge pa businesstur, har mange kjente og venner der.

    Min kondolanse.

    Jeg har lest mye om denne tragiske dagen, og spesielt i utlandet – ogsa i mange seriöse tyske aviser – var det en del merkelige og triste kommentarer.

    Men det du skriver her og veldig bra og etter min vurdering riktig. Derfor takker jeg, og haper at mange leser dette og tenker seg om för de sier/skriver noe med hat i framtida.

    • Anonymous
      28 July, 2011 - 10:54 pm | Permalink

      Takk skal du ha!

  • Pingback: Artikler og blogginnlegg i etterkant av 22.juli 2011 « ziarah sier:

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: