web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Krampetrekninger

Når jeg ikke en gang husker å legge inn ferdigskrevne tekster som har vært på trykk andre steder, da er det mye som tyder på at denne bloggen er i ferd med å dø en stille død.  Men vi får vel henge rundt til neste gang det er på tide å betale regningen til webhotellet, så får vi se. Her er i hvert fall den siste spalten min i Firdaposten, publisert der lørdagen før valget, og dermed for lengst uaktuell.

 

Ordføreren og ordførerens Høyre hånd

Godt val

Winston Churchill sa ein gong at demokratiet er den verste styringsforma som fins, med unntak av alle dei andre som nokon gong har vore prøvd. Kvar gong eg høyrer politikarane snakke om eldreomsorg, eller for den saks skuld alle andre tema som er vanskelegare enn om fortauet skal gå på høgre eller venstre side, så tenker eg på det sitatet, og funderar litt på om ikkje det hadde vore best om politikarane overlot dei fleste avgjerdene til fagfolka i byråkratiet og ein og anna ombudsmann. Eventuelt berre til meg. Dei kunne heller konsentrere seg om å perfeksjonere snorklipping og festtalar, og ellers ta livet som det fell seg. Men gamle Winston hadde nok rett når alt kjem til alt. Det eineste som er gale med demokratiet er valkampen vi alle må gjennom annankvart år, men litt underhaldande er det jo også. Temperaturen har tatt seg opp i valkampen dei siste dagane. At Arbeidstilsynet anmeldte det raudgrøne utstillingsvinduet,Trondheim kommune,for 26 100 brudd på arbeidsmiljølova i 2010, framkalte mykje skadefryd hos Frp-politikarar på sosiale medier som Twitter.. Det offentlege er ein brutal arbeidsgjevar meinte dei, og dette hadde ikkje skjedd om Frp fekk bestemme. Og det har dei jo rett i, hadde Frp fått bestemme hadde mykje av det Trondheim vart anmeldt for vore fullt lovleg. Noko som fører oss over i ei anna sak som har fått mykje merksemd, nemleg at Fagforbundet sponsar valkampen til Ap, SV og Sp med over 16 millioner kroner. Mange har problem med å forstå korleis dei kan bruke medlemskontigenten på politikk, men det er då såre enkelt. Fagforbundet si oppgåve er å kjempe for arbeidsvilkåra til sine medlem, og når det er politikarane som har ansvaret for å vedta desse vilkåra er det heilt naturleg at dei brukar pengane på dei partia som vil verne dei vilkåra Fagforbundet anser som viktige. Dei som ikkje er einige i at Fagforbundet brukar medlemskontigenten på ein slik måte kan hevde sitt syn internt i organisasjonen, eller melde seg ut. YS tek sikkert gladeleg mot nye medlem i så fall. Og så kan dei slutte å syte på TV.

Og sidan vi no snakkar om Fagforbundets valgkampsponsing. Dei har laga tre reklamefilmar med Nils og Ronny i hovudrollane, der dei harselerer med private aktørar i helsevesenet. Dette har fått KOA-leiar Åse Iren Korneliussen til å gå i harnisk. Ho meinar Fagforbundet bør beklage, og seier ho har tilgode å høyre om nokon som ser noko humoristisk i filmane. Vel, eg lo no av dei i kvart fall, men eg veit ikkje om filmane har ønska effekt for Fagforbundet. Dei preikar kanskje mest for koret? Hadde dei vore skikkeleg smarte så hadde dei heller engasjert nokre flinke dokumentarfilmskaparar, og finansiert ein dokumentarfilm. Det kunne ha vore ein film som spela på enkeltskjebner, sentimentalitet, ein heil masse kjensler, og så kunne dei sikkert fått vist den på TV i beste sendetid. Så kunne dei gøymt bort at Fagforbundet var involvert i finansieringa langt inne i rulletekstane etterpå og håpe at ingen fekk det med seg. Dei kunne til dømes ha kalla filmen for Brevet til Jens…eller vent…det er visst nokon som har gjort det der allereie. Jaja, ideen var no god. Kanskje til neste val?

Med to dagar att til valdagen burde det no vere på tide å oppsummere valkampen. Eg hadde tenkt å gjere det. Ta for meg parti for parti, seie noko om kva eg meiner om politikken og politikarane deira, styrkene deira, og kor eg meiner det sviktar. Meine noko om korleis valkampen har vore. På det viset håpa eg at eg skulle kunne kome til ein konklusjon, og finne eit parti eg kan røyste på utan å halde meg for nasen på mandag. Skulle det bli Bengt eller Bente? Eller kanskje eit av dei mindre alternativa? Eg trur eg har bestemt meg no, men eg skulle ønske valet hadde vore lettare. Eg kjem til å halde døra på gløtt for ei stemme til Venstre heilt frem til valdagen, men eg trur nok eg kjem til å gå for Høgre i år. Bengt har dei finaste skoa, sonen min synes at dottera hans er søt, og at ein vaksen mann i 2011 kan heie på Leeds United vitnar om karakterstyrke, om ikkje nødvendigvis om intelligens. Men det er med eit tungt hjerte eg gjer det. Eg meiner partiet svikta eigne prinsipp om at dei vil bygge eit samfunn på tillit til enkeltmennesket når dei gjekk inn for datalagringsdirektivet. Dei meinar at kommunen treng fornying, men eg har fortsatt ikkje klart for meg akkurat kva endringane skal bestå av, og ingenting dei har sagt i løpet av valkampen overbeviser meg om at dei faktisk er i stand til å få kontroll på økonomien.

Ærleg talt så røyster eg på Høgre (eller moglegvis Venstre) mest fordi Ap har sendt kommunen rakt tilbake i Robek. Det er eit nederlag som må få konsekvensar, sjølv om eg altså ikkje er  overtydd om at nokon andre partiar hadde gjort det noko bedre.

Uansett kva eg vel på mandag er det ein ting eg er heilt sikker på, og det er at eg kjem til å gje ei personstemme til Knut Andor Nesse. Ikkje fordi eg trur han kjem til å få oss ut av Robek, men eg har stor sans for prosjektet Demokratisk solidaritet. At det fins eit parti for dei som av ein eller anna grunn har falt utanfor, og at dei faktisk kan få ein plass i bystyret. Det er ikkje mindre enn vakkert. Eg veit ikkje kva det har betydd for florapolitikken å ha Knut Andor i bystyret i fire år, men eg håpar det har betydd noko, og eg ser gjerne at han får fire år til.

Og da gjenstår det berre å ønske alle saman, både velgarar og politikarar, eit godt val og lykke til på mandag.

Leave a Reply

%d bloggers like this: