web analytics

Tryggleik eller fridom?

Eye, Oxford Road, Manchester, 2001
Creative Commons License photo credit: Dr John2005

Tid er eit konsept det er vanskeleg å bli heilt klok på. Av og til går den fort, andre gongar går den seint. Ein sit i sofaen og keiar seg medan familien ser på Familien Ashton, så blunkar ein med auga, og vips så sit ein i sofaen med familien og ser på Hotel Cæsar. Kor vart tida av, og har ein verkeleg ikkje gjort noko meir vettugt med den enn å sjå på dårleg TV og skrive skit i avisa? Ja, eg startar vekas spalte med ei avsporing. Planen var nemleg å skrive noko om kor mykje som har endra seg på dei åra som har gått frå eg var barn og ungdom og fram til i dag. Ikkje minst hadde eg tenkt å skrive noko om kor fort endringane har fått innpass. Men så slo det meg. Eg var barn på syttitalet og ungdom på åttitalet, og så blunka eg ein gong og vips så sto eg på Fugleskjærskaia, iskald og søkkande våt, og takka farvel til det tjuande århundret. Ikkje før var eg blitt varm og tørr igjen så var det 2012, endepunktet for Mayaenes tidsrekning, og eg hadde ei spalte å skrive. Tida flyr når ein har det morosamt, og syttitalet var plutseleg gudsjammerleg lenge sida. Skulle berre mangle om ikkje ting hadde endra seg på alle desse åra!

Det som fekk meg til å ville skrive om oppvekst før og no, var ei notis eg las i ei eller anna avis her om dagen. Der sto det nemleg at eit fleirtal av foreldre var positive til å overvake barn ved hjelp av GPS. Det viser seg at dette er ein marknad i vekst. “Bipper” er kanskje det mest kjende produktet i denne marknaden; programmet som let deg overvake barnas mobilbruk. Det skal utvidast i år, og vil då gjere at vi foreldre kan sitte heime ved PC’en og følgje barna våre i sanntid på veg heim frå skule eller korpsøving. Det vert litt som Ukruttkartet i Harry Potter i revers, berre at ein her ikkje treng å love på tru og ære at ein er ute på revestrekar for å få kartet til å opne seg. Alt som skal til er å putte nokre kroner inn på kontoen til Bipper-Silje Vallestad. Eg kjenner at eg vert litt skremt av at dette er noko mange foreldre synes er heilt greitt. Lei meg vert eg også, men aller mest skuffa. Skuffa over at alle dei gøyale science fiction-elementa vi drøymde om på syttitalet, som flygande bilar, rakettar som tok oss ut i verdsrommet i staden for til Mallorca, komplette måltid i pilleform, let vente på seg. Vi får berre dei kjipe science fiction-elementa. Overvaking i alle moglege og umoglege variantar. GPS-merking av både barn og gamle.

Då eg var ung var ikkje GPS-merking noko alternativ. Eg trur ikkje nokon sakna det heller. Vi gjekk for ein stor del på sjølvstyr. Utover at vi vel helst skulle vere heime til eit eller anna klokkeslett, hadde dei vaksne fint lite kontroll på kva vi eigentleg dreiv på med. Anten det var durabelige krigar med gutar frå eit anna nabolag, fisketurar på tømmerstokkane som blei fløta langsmed elva, sjølvsagt utan redningsvest, eller sykkelturar til byen for å henge på stripa eller spele Space Invaders på Grillen. Utan å seie i frå.

Eg trur ikkje at alt var betre før. Eg trur at dei som veks opp i dag for ein stor del har ein nærare og betre relasjon til foreldra sine enn det min generasjon hadde. Særleg farsrolla har endra seg mykje, og til det betre. Far er ikkje lenger berre ein streng mann som av og til dukkar fram frå avisa. Eg trur at det på mange måtar er betre å vere ung i dag enn det var på sytti- og åttitalet. Eg håpar i alle høve det, men ein av dei tinga eg uroar meg over på vegne av dagens unge er tryggleikshysteriet. Det er i ferd med å ta litt av. Eg kan godt skjøne kvifor det blir slik, avisene er kjappe til å slå opp rapportar om alt frå digital mobbing til nakenbilder av fjortenåringar på avvege. Eg skjønar at ein vil verne ungane sine, og at slike oppslag gjer det freistande å overvake mobil og internettbruk, for ikkje å snakke om litt GPS-overvaking, men fakta er at det her er snakk om marginale problem. Det er 2 % av dei unge som har tatt bilde av seg sjølv utan klede og sendt det vidare med mobilen det siste året. Eg vil anta at prosentsatsen er noko høgre for 40-åringar, så takk og lov at det ikkje er barna som overvakar oss!

Nei, eg trur ikkje at alt var betre før, men vi som gjekk på sjølvstyr på syttitallet hadde kanskje ei større kjensle av fridom enn dei som veks opp i det gjennomregulerte Noreg anno 2012. Vi må hugse på at også barn har rett til eit privatliv, og vi må snart ta ein debatt om kor grensa går for tryggleiksskapande tiltak. Korleis finn vi balansen mellom foreldra sitt behov for vern og ungane sitt behov for fridom og utfolding? Når går tryggleiken over til å bli kontrollerande overvaking?

Om vi ikkje allereie har passert den grensa, trur eg i alle fall at vi er ganske nær no.

2 Comments

  • 18 February, 2012 - 5:38 pm | Permalink

    Er kanskje greit å påpeke at det er barnet selv som bestemmer om de vil aktivere Følg Meg funksjonen i BipperKids. Foreldrene kan ikke selv initiere dette, så barnet er “in charge”. Er vel egentlig ganske likt alle treningsapp´er der du kan tracke deg selv og la andre følge deg om du ønsker det.

    Hvis Følg Meg funksjonen hadde gitt foreldrene mulighet til å sitte å følge hvert skritt barna tar, så hadde jeg vært helt enig med dine tanker. Slik er det altså ikke!

  • Flopsy
    24 February, 2012 - 4:00 pm | Permalink

    Men tror du at det i realiteten er barnet selv som bestemmer om denne funksjonen skal være aktivert eller ikke? Det stiller jeg meg nokså tvilende til.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: