Denne ukas Firdapostspalte er en gammel resirkulert bloggpost som er shaina opp litt og oversatt til et ubehjelpelig nynorsk. Eller rettere sagt er den vel en kombo av to gamle bloggposter. Jaja. Dere finner originalene her og her med bilder!

Forvokste rekejævler

I dagens spalte tenkte eg at vi skulle snakke litt om mat. Vi kan jo ikkje berre tøyse og tulle her, nokre gonger må vi ta for oss viktige saker også. Her om dagen var eg så dum å seie til ei slags venninne, vi kan jo kalle ho for Spurven, at eg hadde lyst på scampi. Då fekk eg meg ein god omgong med kjeft. Scampi kunne eg ikkje ete, meinte ho, for scampi-produksjonen held ikkje hennar etiske standard for matproduksjon. Eg har lenge hevda at scampien er ein sleip rakkar, og eg har difor tenkt å spise han med godt samvit når eg kjenner for det. Eg skal utdjupe, men først er vi nødt til å avklare kva vi eigentleg snakkar om her. Scampi er fleirtalsforma av scampo, det italienske namnet på sjøkreps, den er også kjent som Dublin Bay-reke, eller som langoustine på fransk. Kjøper du scampi i USA eller Storbritannia kan det hende du berre får reker, for der er scampi eit ord som fortel om ein måte å tilberede ein rett på, heller enn om sjølve krepsen. Spør du ein brite og ein amerikaner om scampi, så vil dei imidlertid tenke på to heilt ulike rettar. Dette kan være noko forvirrande, så eg kallar dei stort sett for forvakste rekejævlar, men for å fjerne ein kvar tvil, eg snakkar om nephros norvegicus, sjølvaste sjøkrepsen her.

Ein ting det er viktig å vite om denne krabaten er at den er ein slu, utspekulert og manipulativ faen som ikkje likar å bli spist. For å unngå å hamne på fatet til feite nordmenn om laurdagskveldane har den sjølv spreidd eit rykte om at den moderne scampi-produksjonen er øydeleggande for miljøet, og at det florerer med slavehandel og uverdige arbeidstilhøve for dei som jobbar i denne bransjen. Slikt tar eg med ei klype salt, og kanskje ei loffskive med godt smør. Om eg får tak i smør då. For kva skjer om du tek ein pakke scampi frå frysedisken på Eurospar, oppsøker butikksjefen og krev å få vite om desse scampiane har hamna i butikken hans utan at verken miljø eller arbeidarar vart øydelagt? Ikkje at eg har freista, men eg vil tru han berre vil sjå dumt på deg, og ikkje ane kva i all verda du bablar om. Berre løgn og fanteri altså. Butikksjefen ville sjølvsagt visst det om scampien i disken hans var plukka av arbeidarar som var låst inne, utan nokon måte å komme seg ut på, og blei slått med bambusrøyr om dei skulle forsøke å rømme. Eg vel å tru at det faktisk er butikksjefen sjølv som plukkar scampiane før han opnar butikken sin, og at dette er noko han gjer med glede. Det er jo så deilig å stå opp tidleg, ein får så mykje ut av dagen! Nei, eg et scampi med godt samvit, og når eg tenker på kor billeg den er smiler eg litt for meg sjølv, og når eg tenker på at eg ikkje har latt meg lure av ein liten scampijævel som er livande redd for å bli spist, ja då er det nesten så eg tek til å le høgt.

Men korleis lage middag av dei forvakste rekejævlane? Jau, høyr no på meg så skal eg fortelle. Dette treng du:

Scampi så klart, eg brukar helst dei som du finn i frysedisken, og sist eg gjorde dette var dei kokt på forhånd. Min betre halvdel meinar dog at dei ofte er litt vel mykje kokt, og at ein heller bør bruke dei som er rå. Hun plar ha rett.
Ein raud paprika.
Kvitlauk, så mykje som du tør.
Kvitvin. Eit par desiliter i maten, resten i kokken, tjuven, hans kone og elskaren hennar.
Olivenolje til steiking.
Mel, til å dyppe scampien oppi før du steiker dei.
To tomatar, ein sitron, nokre spiseskeier med smør, og ein persillekvast om du vil vere fin på det.

Hugs på at scampien gjer alt den kan for å unngå å bli spist. Den er full av sleipe triks. Ofte vil den freiste å dra det gode gamle frossen-trikset. Det vil seie at når du kjem heim frå butikken, og åpnar scampi-posen, vil du ofte kunne oppleve at scampiene er kaldare enn kona på ein vekedag. Men her gjeld det å ikkje la seg lure. Legg jævlane ut på eit kjøkkenpapir og sjå kva som skjer. Du må vere tolmodig, scampien er standhaftig, men etterkvart vil du sjå at han vert blautare og blautare å ta på. Han var ikkje frossen likevel. Det var berre eit usselt knep!

Medan du ventar på at scampien skal bryte saman kan du bruke daudtida på preparering. Kutt paprikaen i bitar, ta så mange kvitlauksfedd du gidd å kutte opp, og gjer det samme med dei. Når du er ferdig med det kan du finne fram ein suppetallerken, og slenge litt mel opp i den.  Ta så et par tomatar, og hakk dei i bitar. Når du har klart å få scampiane til å bryte saman og medgje at dei ikkje var frosne likevel kan du sette plata på middels varme og starte å steike paprika og kvitlauk i ei steikepanne. Medan dette står og surrar på medium til lav varme kan du ta scampien myndig i halen, og dyppe han i melet. Legg dei på vent til du har dyppa alle saman. Når du er klar tek du scampiane og dei hakka tomatane og slenge dei opp i panna saman med paprikaen og kvitlauken. Skru opp varmen, og la dei frese til scampien blir rosa. Det tek kanskje fem minuttar, men om du er kjapp kan det hende du får det til på tre. Når du er nøgd med scampiane sleng du eit par desiliter med kvitvin opp i panna, tek ein slurk sjølv, kuttar sitronen i to, og skvisar safta fra den eine halvparten over godsakene.Sleng tre gode skeier med smør opp i panna og la det koke i omlag fem minutt medan sausen tjuknar.  Du rekk å tømme vinflaska medan du ventar. Dryss over persille, og server med loff og salat.

Så er det berre å vente på applausen. Velbekomme, og ha ein makelaus laurdag alle saman.

2 Comments

  • kee
    6 March, 2012 - 10:27 pm | Permalink

    En greie matsnobben i meg reagere på er at den gode gamle tigerreken tydeligvis blir bitt av radioaktive sjøkreps idet de trer inn i frossendisken her, da blir den nemlig Scampi den og!

    • 6 March, 2012 - 11:14 pm | Permalink

      Vi kan konkludere med at scampi kan være så mangt. Men hvordan er det med fangsten av tigerreker, er den etisk forsvarlig tro?

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: