Dagens ungdom!

NYC - Metropolitan Museum of Art - Death of Socrates
Creative Commons License photo credit: wallyg

Det har vore sagt så mange gonger at det nærast har blitt ein klisje, det der om at allereie dei gamle grekarane, med Sokrates i spissen, kritiserte ungdommen. Men kor mange er det eigentleg som veit kva det var han sa, Sokrates? Vi vågar oss på å dra eit sitat her, i tilfelle det er nokon som ikkje hugsar det ordrett: “Våre dagers ungdom elsker luksus. Den har dårlige manerer, forakter autoritet, har ingen respekt for eldre mennesker og snakker når den skulle arbeide. De unge reiser seg ikke lenger opp når eldre kommer inn i et værelse. Den motsier sine foreldre, skryter i selskaper, sluker desserten ved spisebordet, legger bena overkors og tyranniserer lærerne.” Høyres det kjend ut? Det kunne like gjerne ha stått i ein Dagblad-kronikk, eit Firdapost-lesarbrev, eller kanskje ein Facebook-debatt denne veka. Ungdommen er ein pest og ei plage, dei eig ikkje folkeskikk, dei gjer ikkje eit dagsverk, og dei driv lærarane sine til vanvit. Dette trur dagens vaksne, og då særleg lærarane, er noko heilt nytt, og at ting har blitt mykje verre dei siste åra. I røynda har ungdommen vore ein pest og ei plage i alle dei 2500 åra sidan Sokrates fekk nok av dei og tømde giftbegeret. Etter alt å døme var dei ein pest og ei plage i dei 2500 åra før Sokrates fann opp humanistisk filosofi og sokratisk ironi på torget i Athen også.

Det er ikkje så reint lite ironisk at det er Sokrates som refsar ungdomen for å snakke i staden for å arbeide. Det er nemleg litt disputt om korleis han sjølv eigentleg tente til livets opphald, men sterke indisiar peiker på at mannen aldri gjorde eit ærleg dagsverk. Aller helst ville han sysle med det han meinte var det aller viktigaste nokon kunne gjere, nemleg filosofere, eller han kunne henge rundt på torget for å irritere folk med plagsomme spørsmål. Av og til lot han seg lure til å undervise litt her og litt der, men ifølge Platon og Xenofon nekta han då å motta betaling. Med ei slik haldning til pengar og arbeid var det ikkje så rart at Sokrates var ganske fattig. Sjølv såg han ikkje så mørkt på det, eigen fattigdom tok han som eit bevis på at han ikkje var lærar. Noko slikt skulle han ikkje ha på seg. Dette i skarp kontrast til dagens lærarar som aldri let ein sjanse gå frå seg til å øse seg opp om kor lite løn dei har, og kor lita tid dei har til å vere nettopp lærarar fordi dei må lære dei ubrukelege ungdommane folkeskikk i staden. Det er heller ikkje så reint lite ironisk at styresmaktene fann ut at dei ville kvitte seg med Sokrates, og at årsaka var at dei meinte han hadde negativ påverknad på ungdommane. Det gjorde han til ei fare for samfunnet, og for det vart han dømt til døden. Sokrates altså. Mannen som refsa ungdommane for laber arbeidsevne og dårleg folkeskikk må tømme giftbegeret for å hindre at han korrumperar ungdommane endå meir. Er det lærdom å hente her? Eller i det minste eit billeg poeng? Sjølvklart!

Å vere ung er for jævleg. Det har det alltid vore. Men det må seiast, det er ikkje lett for ungdommen i dag. Deira forbanna plikt er å gjere oppgjer mot autoritetane, men slik samfunnet er blitt er det lettare sagt enn gjort. For kva kan dei eigentleg gjere når foreldregenerasjonen tviheld og nektar å gje slepp på sin eigen ungdom? Rocken er gjennomkommersialisert. Eg kunne sette på Kiss Alive på full guffe, og få far min til å lure på kva slags kattemusikk det der var for noko. Nå er Metallica mainstream og oss middelaldrende tullingar får stjerner i auga av Vinni som rappar Halvdan Sivertsens vise om sommerfugglar i vinterland. Rusmiddel? Det må ein jo eksperimentere med om ein skal bli ein dugeleg bidragsytar til samfunnet. Fjortenåringen provoserar ingen når han kjem snublande drita heim på laurdagskvelden, for i stua sit far og er godt brisen på heimebrygga øl. Eit utsvevande seksualliv? Førtiåringane er mykje verre, når dei berre klarer å rive seg laus frå sporten på NRK, og i kvart fall i julebordsesongen. Ein kan sjølvsagt bli homoseksuell, men det ligg no ein gong ikkje for alle. Ein kan freiste å låse seg inne på rommet sitt, og leve livet sitt på Facebook, men der treff ein på både mor og bestemor, som trykker like på halvparten av statusoppdateringane dine, og fyller feeden din med “visdomsord” og farmville-mas. Før i tida kunne ein rømme med eit sirkus eller stikke til sjøs. Kor skal dagens ungdom gjere av seg?

Sjølvsagt er ungdommen dønn irriterande, men eg heiar på dei allikevel. Det er jobben deira å vera irriterande. Det er deira fordømrade plikt. Og om dei ikkje oppførar seg slik vi skulle ønske at dei skulle oppføre seg, så kan vi eigentleg ikkje skylde på nokon andre enn oss sjølv. Vi som skal vere både førebilete og autoritetar, korleis skjøttar vi den oppgåva? Kunne vi gjort den betre?

Det kan du ta gift på!

7 Comments

  • 3 March, 2012 - 1:29 pm | Permalink

    Jeg mener at det var Aristoteles som sa det, ikke Sokrates. Er du sikker? Sokrates ble jo dømt til døden for å ha fordervet ungdommen gjennom å oppfordre dem til å tenke selv, som vi kan se i hans “Forsvarstale” og i Platons “Faidon”. Er det ikke da litt rart hvis det er han som står bak sitatet?

    • 3 March, 2012 - 2:29 pm | Permalink

      Vi vet jo ikke egentlig så mye om hva Sokrates sa, siden alt han skal ha kommet med er filtrert gjennom Platon, selv gadd han jo ikke skrive noe som helst. Hvis vi skal være pinlig nøyaktige og ødelegge hele teksten så må vi innrømme at dette sitatet egentlig er en faktoid. Det er Sokrates som blir tilskrevet det, men du skal slite for å finne det nøyaktige sitatet i Platons tekster. Du vil finne noe om at de unge bør ha respekt for de eldre, være stille når de voksne snakker, og klippe håret, men neppe noe om dessert og bena i kors.

  • 3 March, 2012 - 6:35 pm | Permalink

    Og kanskje er det ikke så mye opprør i ungdommen lenger. Vi som er lærere ser lite av det, og senest i går fikk jeg en klem fra en femtenåring på full fart gjennom gangen. Der lærere før gremmet seg over de unge, – der lovpriser de dem nå.

    Se bare her:

    http://hannej.blogspot.com/2012/03/fredagsdiktet-mamma-mia.html

    Verden er ikke hva den en gang var. Ikke ungdommen heller.

    • 3 March, 2012 - 9:23 pm | Permalink

      Det er flere virkeligheter ja? Denne teksten er vel litt preget av dustete dagblakronikker og tullete facebookdiskusjoner fra tidligere i uka er jeg redd.

      • 5 March, 2012 - 12:41 am | Permalink

        Jeg likte nå teksten din jeg, da. Men det er helt klart flere virkeligheter når det gjelder forholdet mellom ung og gammel, elev og lærer. Jeg liker min virkelighet bedre enn dem jeg leser om hist og pist. :-)

      • 5 March, 2012 - 1:09 pm | Permalink

        Tenker du på denne? http://www.dagbladet.no/kultur/2003/02/09/361034.html?fwcc=1&fwcl=1&fwl&_ft_=fbid.319962808053123%3Ainterface.m_faceweb_iphone%3Ac.m Jeg synes egentlig det er på tide at noen sier klart ifra om hvordan det er på skolene for tiden. Problemet er jo ikke “ungdommen”, men som vanlig noen få som ødelegger for den store gruppen som oppfører seg flott. Problemet er at de som ødelegger får lov til det fordi vi har et system som beskytter bråkmakerne (og foreldrene deres) mer enn lærerne og de “snille” elevene. En vanskelig elev kan gå gjennom barne- og ungdomsskolen og ødelegge for alle og legge beslag på en masse ressurser, uten at det er mulig å få ham/henne vekk. Det mest tragiske er jo at det heller ikke gavner den eleven det gjelder, som antakelig bare opplever nederlag på nederlag gjennom skolegangen. Det burde finnes et annet tilbud til dem som ikke er skapt for å sitte i ro ved en skolepult og pugge, men som kanskje ville ha stort utbytte av å få utløp for sin virketrang og kreativitet i et helt annet miljø.

        • 5 March, 2012 - 1:19 pm | Permalink

          Anbefaler forøvrig Heidi Helene Sveens artikkel i Samtiden som er ute nå. Har dessverre ikke funnet den på nett.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: