web analytics

Stønn!

Det hender av og til at eg er nødt til å vitje Oslo. Hovudstaden. Denne syndas pøl av horer, heroin og Høgre-politikarar. Når eg er der hender det at eg bur på hotell, og på hotell hender det ofte at det bur mange andre menneske. Det er interessant. Menneske gjer rare ting, kanskje til og med utan å vite at dei gjer rare ting, og då kan ein tilreisande fyr frå vestlandet få idear til ting han kan skrive om i avisa. Det er bra. Det bidreg til verdiskaping. Eg likar det. Sist eg var i hovudstaden var eg ute på byen og drakk eit par glas øl med nokre kollegaer, og var når sant skal seiast ganske seint tilbake på hotellet. Det var varmt på rommet, så eg sette vindauget på gløtt, og det var då eg høyrde det. Nokre gonger lagar andre menneske på hotell rare lydar om natta, og då tenker eg ikkje på snorking folkens. Lydane som kom inn gjennom vindauget stamma umiskjenneleg frå god gammaldags pulings. Om ein kan seie det på nynorsk då. Og om ein kan skrive det i Firdaposten. Av og til eit dyrisk grynt frå mannen, men mesteparten av lyden var det kvinna som sto for. Hyggeleg det så klart. Det er viktig å kose seg på hotell. Eg likar også å kose meg på hotell, men der eg låg åleine i senga med soundtracket frå  Debbie Does Dallas flytande inn gjennom vindauget var kjenslene mine heller ei blanding av einsemd og opphissing. I staden for å sove blei eg liggande og lese obskure artiklar om stønning på internett. Det er nemleg mange ting ein kan lure på kring temaet stønning under seksualakten. Kvifor er det til dømes slik at det er kvinna som gjer mest av seg på decibelfronten? Skuldast det Meg Ryans fakede orgasme i When Harry Met Sally? Er det kulturelt betinga? Eller er det pornoen og det mannlege blikket som må ta på seg skulda?

No er det ikkje all verda av forsking tilgjengeleg på dei lydane vi menneske lagar medan vi har sex, og eg skal vakte meg vel for å trekke inn eigen empiri her, men noko fann eg jo. Gale Brewer og Colin A. Hendrie ba i fjor ein haug med seksuelt aktive heteroseksuelle kvinner i alderen 18 til 48 om å svare på ein del spørsmål kring dette her med lyd og sex. Det var snakk om eit spørjeskjema, dei slapp å demonstrera korleis det gjekk for seg i praksis, og forskarane fekk interessante svar. Det dei lurte mest på var om det var noko korrelasjon mellom lyd og orgasme. Altså, jo meir lyd, jo meir orgasme, om ein vil.  Det var det forsåvidt, men ikkje med kvinnas orgasme. Nei, det viste seg at kvinnene gjerne sto for lyden, men mannen sto for orgasmen. Jo meir lyd, jo meir søl. To tredjepartar av kvinnene kunne fortelje at dei stønna og okka seg verre mest for å hjelpe mannen til mål. Dei kjeda seg kanskje, eller var slitne og ville bli ferdige. Så godt som alle meinte at litt strategisk plassert stønning var eit godt bidrag til å auke mannens sjølvtillit, og nesten like mange oppga akkurat det som ein av årsakene til at dei ga frå seg litt lyd her og der når det passa seg slik. Litt sånn heia heia  opp med dampen liksom, vi gir alt, alt for Norge, ofrar alt, om vi må.  Og det virkar jo! Oppildna av dei ivrige heiaropa gjev ein det ein har opp monsterbakken,  forbi gratishaugen, og inn på stadion, opp oppløpet, og så til slutt over målstreken, dryppande av svette, med slim, snørr og det som verre er i skjegget, fell ein om, klart til å motta velfortent hyllest av prestasjonen. Kven kan vel unngå å bli imponert av dette monsteret av ein mann. Det har blitt gull i Holmenkollen igjen folkens, og får eg kysse deg Jon!

Det er nok allikevel for enkelt å seie at kvinna stønnar for å glede partnaren sin. Biologi er ein del av det, fleire dyreartar har eit liknande mønster under paringsakten. Ta til dømes europas einaste apestamme, Macaca Sylvanus, som vi finn på Gibraltar. Der også hjelper hunnen hannen til å nå klimaks gjennom å gje lyd frå seg. Så handlar det nok og ein del om kultur, forventningar, og kva vi lærar av å sjå folk som har seg på film frå Hollywood. Den påverkninga kan aldri undervurderast. Men dette er eit område som treng meir forskning. Eg vågar dog ikkje å stille meg til rådighet, av frykt for kjevlet til sambuaren.

Alle trur at naboane har eit mykje meir spanande sexliv enn det ein sjølv har. I kvart fall når du høyrer korleis dei styrar på. Då kan det vere kjekt å hugse på at det ikkje treng vere nokon direkte samanheng mellom kvinnas decibelnivå, og mannens seksuelle prestasjonar. Kvinna som forstyrra nattesøvnen til hotellgjestane denne natta i hovudstaden kan sjølvsagt ha fått med seg sjølvaste superelskaren og guds gave til kvinnen heim, og gjorde sitt beste for å fortelle det til alle i nærleiken. Men det kan også vere at ho eigentleg berre freista å signalisere at nok var nok, det er seint, det er ein lang dag i morgon, vi burde få oss litt søvn, kan du sjå til å bli ferdig snart?

Og det blei han.

Leave a Reply

%d bloggers like this: