Hasj og sigaretter

Det er mange ting eg framleis har til gode å freiste her i livet. Ein av desse tinga er sigarettar. Ein gong i ungdommen fann eg rett nok ut at eg skulle begynne å røyke. Ti-pakning med Prince vart innkjøpt og synleg plassert i brystlomma saman med ein lighter. Eg skulle nok helst tøffe meg. Det einaste problemet med planen min var at eg ikkje våga å putte sigaretten i munnen og fyre opp. Eg hadde høyrd eit hopetal av historier om korleis folk hadde blitt kjempedårlege når dei fyrte opp sin første sigarett. Grøne i ansiktet hadde dei spydd magen opp gjennom kjeften. Og er det noko eg verkeleg hatar så er det å spy.

Så eg gjekk inn på toalettet på skulen der eg gjekk, låste døra, og fyrte opp sigaretten min utan å putte den i munnen. Då eg hadde brent opp omlag halvparten av den, sløkte eg den og la den tilbake i røykpakka. Resten av veka brukte eg til å vise den fram til medelevar og lærarar, i eit forsøk på å overtyde dei om at eg hadde starta å røyke. Det gjekk ikkje så bra. Eg vart for det meste ignorert. Det var i alle fall ingen som trudde særleg hardt på at eg hadde slutta meg til røykarane sine rekker. Eg valde derfor å legge røykeprosjektet mitt på is, og freista i staden å juge på meg eit aktivt sexliv, utan at det fungerte så mykje betre. Å vere ung er for jævleg.

Karriera mi som røykar vart altså kort og særdeles lite ærefull, men det er heldigvis eg som ler sist. Røyking er ikkje kult lenger. Det er ikkje tøft. Røyking er for taparar. Dagfinn Høybråten kasta røykarane ut i kulda, og det er vel ingen som har sakna dei sidan. Men dette er visst ikkje nok. Det er aldri nok. Jakta på røykarane held fram, og no er det politikarane i Flora kommune som er på krigsstien. Røykarane skal framover nektast å forpeste lufta framfor inngangsdøra til Flora Samfunnshus.

Ikkje for det, eg er eigentleg like positiv til å avrette røykarar med nakkeskot som det folk flest er, men er det ikkje litt mykje no? Kan vi ikkje heller freiste å tenke litt nytt ein gong i blant? I staden for å lage endå eit forbod kunne det til dømes tilretteleggast betre, slik at røykarane heller ville stå ein annan stad enn framfor inngangsdøra med desse likspikarane sine. Kvifor ikkje flytte askebegera litt unna, til ein eller anna triveleg krok litt unna hovedinngangen? No som vi lever i høgteknologiske tider kunne vi kanskje til og med gjeve dei nokre stolar, og ikkje minst ein stor tv-skjerm og eit par høgtalarar. Så kunne vi hatt tv- overføring til røykekroken, slik at dei som sit ute og røyker også kunne fått med seg kva som foregjekk inne på Samfunnshuset. På dette viset unngår ein å sleppe røykarane inn i huset. For som alle veit, så stinkar det røyk av dei, sjølv etter at røyken er stumpa. Eg vil påstå at dette hadde vore den beste løysinga for alle partar, og det heilt utan å forby noko som helst! Ein kunne til og med ha eit kamera i røykekroken, og overføre røykaranes aktivitetar og samtaler på storskjerm inn i Samfunnshuset. Det seiast jo gjerne at det er røykarane som har det gøyast, så da kan ikkje-røykarane følge md på det røykarane gjer, utan å risikere kols, kreft og kuldesjokk. Knallbra!

Eg forstår at det må vere ein viss orden på ting i samfunnet vårt. Noko må vere forbode, og eg har ikkje ein gong noko problem med at ganske mykje er forbode, med det går likevel ei grense. Og denne grensa synes eg vi tek til å nærme oss ganske kraftig. Eg synes derfor at Stortinget burde innføre eit forbod mot å lage nye forbod. Men sjølvsagt med eit lite smutthol. Dersom Jacob Nødseth vil forby noko, så må han få lov til det, men ikkje utan at han samtidig gjer ei vurdering og opphevar eit anna forbod. Lat oss til dømes seie at Nødseth er så oppteken av å forby røyking framfor inngangsdøra til Samfunnshuset at han vel å gå for dette. Greit nok, men i bytte må det då til dømes bli lov til å røyke hasj inne på Samfunnshuset.

Ja, eg skrev hasj der. Ikkje få moralsk panikk, folkens. Eg berre lurar litt. Eg las nemleg eit intervju med Kjartan Kristiansen frå Dum Dum Boys nyleg, og der kjem dei inn på Kjartans historie som heroinist. Journalisten spør om korleis dette kunne ha seg, og Kjartan spør tilbake om ikkje journalisten har røykt hasj nokon gong. Kjartan spør som om hasj er det naturlegaste i verda, på linje med filter-kaffi og kneippbrød. Og sjølvsagt har journalisten røykt hasj. Han har ingen problem med å innrømme det heller. Slik det også i filmar frå Hollywood, eller for den del frå det norske filmmiljøet. Den siste revejakta, Tomme tønner. Hasj er mainstream. Det er ingen som syntes det er noko spesielt ved det. Og då må det jo vere lov til å spørre om det er noko vits i å ha eit forbod?

Eg forstår at det er eit poeng at ein av og til lagar lovar som skal vere haldningsskapande, men når det gjeld hasj så virkar det jo ikkje dette noko større. Med unntak av nokre gamle tanter, ein og annan politimann og den fysioterapeuten eg delar hus med, så er det ingen som synes hasj er noko særleg å snakke om. Det er ikkje sett på som noko verre enn spritfylla. Og det er som vi alle veit ikkje forbod mot å overdrive inntaket av spiritus. Ikkje at det er så viktig for meg altså, eg vågar jo ikkje ein gong å forsøke meg på vanlege sigarettar. Hasjen held eg meg langt unna, eg berre tenker høgt.

Norsk narkotikapolitikk har aldri fungert særleg bra, så her bør det vere rom for nytenking. Og dersom en gjev folk lov til å røyke hasj på Samfunnshuset, vil dette i det minste gjere underverk for besøkstala på forestillingane til Sogn og Fjordane Teater. Og tenk så morosame bystyremøta hadde blitt! Det er då alltids noko, er det ikkje? Eg meinar det er verdt eit forsøk.

Leave a Reply

%d bloggers like this: