Det løner seg ikkje

Working for the man and you ain't breakin' even

Det er ikkje berre fryd og gammen å ha si eiga spalte i lokalavisa. For det meste er det berre kjekt, men denne veka var det berre så vidt eg kom i mål med teksten. I skrivande stund har eg nett starta på arbeidet, men sidan du sit der og nyt laurdagen medan du les dette, trur eg det er trygt å anta at eg kom meg i mål til slutt. Tidlegare denne veka sat eg nemleg foran PC`en. Det var tidleg natt, og endeleg stille i huset. Eit passande høve å sette seg ned for å skrive spalte. Eg hadde henta meg eit glas cola i kjøleskapet, og var omlag klar til å starte. Eg skulle berre nett sjå innom Facebook først, og det var då alt gjekk i vasken. Katten eg leiger husrom av kom hoppande opp på bordet, gjekk vidare til vindauget, og starta å dunke på glaset med poten sin. Ho ville ut, og var tydeleg våryr. Eg er ikkje den som vil hindre nokon i å få seg litt, så eg strakte handa mi bort for å opne vindauget til henne. Det var berre det at mellom meg og vindauget sto det hersens glaset med cola, som eg dermed på elegant vis klarte å velte over datamaskina.

Det var sjølvsagt katten si skuld, men trur du ho brydde seg om det? På ingen måte. Ikkje det minste teikn til dårleg samvit frå den kanten. Ho kunne i det minste ha hjelpt meg med å tørke opp. Den gamle pelsen hadde vore ypperleg til formålet, men nei. Når hankattane kallar forsvinn både vet, medkjensle og samvit som dugg for sola. Eg slapp ho ut, og freista å rette opp skaden sjølv. Det gjekk heller dårleg. Colaen, kapitalismens svarte olje, brukte ti minutt på å nå maskina sitt hovudkvarter. Der kortslutta den alt samband, batt saman alle indre arbeidarar og sende dei i konsentrasjonsleir på hemmeleg stad med saktegåande godstog. Ingen har høyrt frå dei sidan. Katten derimot, ho kom heim att på morgonkvisten. Åt ei stor skål med tørrfôr, kasta opp under spisebordet, og sov søtt i 16 timar. Det er nokon som har det, og det er fankern ikkje eg.

Heldigvis var det framleis eit par dagar att til å skrive spalte på, alt eg trengde var ein ny PC. Ikkje det at eg hadde pengar til slikt, men er det ikkje dette ein har kredittkort til? Så no sit eg altså her og skriv spalte på ein flunkande ny PC, sponsa av Terra Kort, Mastercard, Kvite Pusi og Coca Cola. Eg synes å hugse at eg var mykje gladare førre gong eg fekk meg ny PC. Eg vert ikkje gladare av å tenke på at eg no må skrive spalter til Firdaposten gratis i fleire månader for å betale ned det nye vidunderet. Som det heiter hos Joe Ely; “Working for the Man, and You Ain`t Breaking Even”. Dette løner seg ikkje!

Noko som på eit vis passar ganske bra, for det eg hadde tenkt å skrive om før eg drukna datamaskina er dei nye og mykje omtala tala frå SSB. Desse tala viser at innvandring ikkje løner seg. Ikkje fordi arbeidsinnvandrarane er late slabbedaskar, men fordi dei vert meir og meir norske jo lenger dei oppheld seg her. Saka er jo at nordmenn heller ikkje løner seg. Vi er eit underskotsføretak. Vi får barn som skal ha barnehageplass, gå på skule, og studere til dei er 30. Så går dei av med AFP når dei er 62, og når dei ikkje lenger orkar å køyre opp og ned langs kysten med Hurtigruta eller å dra på heisatur til Syden, så treng dei heimetenester og sjukeheimsplass. Gjennom eit langt liv brukar vi meir pengar frå staten sin feite sparegris enn kva vi puttar inn i den i form av skattar og avgifter. Vi greier oss bra enn så lenge, fordi arbeidsinnvandrarar og oljepengane kjem og bidreg til pluss i rekneskapet. Men ein gong tek olja slutt, og arbeidsinnvandrarane har blitt norske og får barn som skal ha barnehageplass og studere til dei blir 30. Sjølv vert dei gamle og skal ha heimetenester, og då kan det hende at det går med det norske samfunnet som det gjekk med datamaskina mi. Full kollaps.

Det er fleire måtar å løyse dette på. Vi kan til dømes slutte å få barn, i alle fall slike som ikkje vil legge seg, og dei vi får må ut i arbeidslivet etter sjuande klasse. Vi kan også nekte folk å gå av med pensjon før dei har tent nok penger til at dei går i pluss, og vi kan sørge for at levealderen går nedover. Dårlegare helsetenester blir billeg på meir enn ein måte. Vi kan også vurdere å auke skatten, og eigenandelane i helsevesenet. Dette har i alle fall ikkje eg råd til, og kronikarane blir så himla sure kvar gong ein rokkar med eigenandelane, så eg vil på ingen måte tilrå denne løysinga. Da er det betre om vi spis meir feit mat, tek oss ein røyk etter middag, og drikker oss småbrisne kvar kveld. Vi kan sjølvsagt også velge å gje blaffen, og satse på at vi finn noko som kan erstatte olja når den tid kjem. Vi er jo nordmenn, og er det noko vi veit så er det at det er typisk norsk å vere god. Det ordnar seg nok, berre vi dreg nisselua godt ned framfor auga, og ikkje tenker for mykje på det. Norge har hatt kontinuerleg flaks sia Napoleonskrigen, inga grunn til at det skal gje seg no. Eg har trua!

Men det aller viktigaste vi kan gjere for å unngå katastrofen er sjølvsagt dette: Ikkje slepp katten ut på natta.

2 Comments

  • 3 June, 2012 - 12:18 am | Permalink

    Herlig!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: