web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Film er best på kino

Eg hugsar ikkje nøyaktig kva for eit år det var eg såg Alien på kino. Filmen hadde premiere i 1979, men skal eg gjette kom den nok ikkje til Skotfoss, kor eg vaks opp, før året etter. Omlag 1980 altså. Då var eg 13 år, og hadde ikkje noko å gjere på ein av filmhistorias aller skumlaste filmar. Men han som stod i døra på Skotfoss kino våga aldri å stoppe nokon. Han kjefta og bar seg til køa, ga beskjed om at dei som ikkje var gamle nok berre hadde å pelle seg heim att, for inn på kino slapp dei ikkje. Kvar gong. Men inn slapp dei. Alle saman. Eg også, så der sat eg på første rad og lot meg rive med i alle utfordringane mannskapet på lasteskipet Nostromo vart utsette for i møtet med ein morderisk og dritskummel alien. Eg hugsar ikkje lenger kva som gjorde størst inntrykk, romvesenet som kjempar seg ut gjennom brystet til John Hurt, eller Sigourney Weaver i berre undertøyet. Men at filmen sette djupe spor i ein ung mann er det ikkje noko grunn til å tvile på.

Forrige fredag hadde filmen Prometheus norgespremiere. Den er regissør Ridley Scotts retur til universet han skapte med nettopp Alien i 1979. Forventningane blant fansen var høge, og enkelte snakka om at dette var den største hendinga på filmfronten sidan premieren på Ringenes Herre. Kritikken av filmen var stort sett positiv. Femmarar og seksarar på terningen lova godt, og det norske folk lot seg lokke på kino. Over 44 000 mennesker såg filmen første helga. På landsbasis altså. I Florø kom det 18 stykk på premieren.

Kva er det som er gale med folk i denne byen?, spurde eg då på Twitter. Og fekk som svar at 140 teikn neppe var nok til å gje noko utfyllande svar på det spørsmålet. Så kom det 100 stykk på neste forestilling og retta opp litt av inntrykket, men eg let spørsmålet stå der. Kva er gale med folka i denne byen? Eg trur eg har svaret. Folk i Florø manglar kinokultur. Jau då, dei likar kinounderhaldning, og kan godt gå mann av huse for å sjå Harry Potter og Ringenes Herre. Eller kvinne av huse for å sjå Mamma Mia. Barna tek ein med seg for å sjå Istid 4 (snart klar for premiere) eller siste film frå Disney. Men det er liten eller ingen interesse for å sjå film som ikkje befinn seg midt på den gode gamle motorvegen Hollywood. Film som ein sjølvstendig kunstnerisk uttrykksform, film som freistar å fortelle oss noko, film som vil noko anna enn berre å selge billettar og popcorn, det er det ikkje mange som bryr seg særleg om. Det er synd, men eg kan vel ikke klandre dei.

Når det kjem til kulturkonsum er filmen overlegen det meste i Norge. Det er fleire som går på kino enn det er som brukar biblioteka våre, og i tillegg kjem all den filmen vi ikkje ser på kino, men på TV og DVD, eller ulovleg lasta ned på PC’en. Staten har auka bevillingane til norsk filmproduksjon dei siste åra, og etter at Wam & Vennerød og Vibeke Løkkeberg ga norsk film eit fortent dårleg rykte på åttitalet, har publikum returnert. Det er bra. Filmen har eit potensiale utan sidestykke når det kjem til å nå fram til folk. Det som ikkje er bra er at det gjerast så alt for lite for å løfte dei smalare filmane ut av skuggen til dei amerikanske (eller amerikaniserte) publikumsmagnetane. På skulen får elevane ein gjennomgong av norsk litteraturhistorie, dei lærer å analysere dikt og å sette ein roman inn i ein samanheng. I kvar kommune fins det folkebibliotek der det arbeider folk som kan hjelpe deg i å finne frem i bokjungelen. Lurar du på kven Gunnar Staalesen er inspirert av, kan dei hjelpe deg å finne svar på det, og desse bøkene kan du låne med deg heim med ein gong. I Alien finn vi spor av Mario Bavas Planet of the Vampires, og Scott var også inspirert av The Texas Chainsaw Massacre. Filmen heng saman med tidlegare filmar, og den har inspirert seinare filmar. Men akkurat korleis er ikkje noko den gjengse kinoarbeidar kan fortelle deg på ståande fot når du kjem for å sjå film. Om ikkje det er eg som er på jobb då, men eg har nok uansett ikkje tid til å snakke film med deg, sidan du alltid kjem hastande rett før filmen skal starte.

For å sette det heile på spissen, så er det slik at om biblioteka våre skulle ha drive kulturformidling etter modell av kinoane i landet, hadde dei berre hatt Jo Nesbø i hyllene sine.

Hadde det vore opp til meg, så skulle kinoen vår hatt ein klar visjon om å bidra til ei vidare forståing av filmen som kunstnerisk uttrykk. Med regelmessige visingar av gamle klassikarar, smale kultfilmar og ikkje minst film frå andre delar av verda enn USA og Norge. Gjerne med eit lite foredrag i forkant av filmen. Eg innser jo at eg for det meste hadde blitt sittande aleine i salen, og at dette hadde vore eit bomsikkert underskotsforetak. Men kanskje kunne det ha auka filminteressa til enkelte Florø-sjeler av mottakeleg art? Og kanskje klarer vi å få besøkstalet heilt opp til 30 når oppfølgaren til Promotheus ein gong skal ha premiere i kystbyen vår?

Det gjeld å ha ambisjonane i orden om ein skal drive med kulturformidling i skugga av MGP her i byen.

Leave a Reply

%d bloggers like this: