web analytics

Raringanes hemn

Her bur der raringar

Eg vaks opp på austlandet, på ein stad som heiter Skotfoss. Omlag 1500 innbyggarar. I Sogn og Fjordane hadde dette kanskje vore nok til å vere ein eigen kommune, men i nedre Telemark var dette ein liten plass. Staden ligg i enden av ein blindveg, 6 kilometer frå Skien, som er fylkets største by. Sjølv trudde vi at vi budde i verdas navle, og når vi spelte fotball mot lag som Siljan og Heddal, såg vi på dei som bønder frå periferien. Lukta vondt gjorde dei og. Først som vaksen og utflytta til Skien forsto eg at om det var eit lag og ein plass som alle andre i heile nedre Telemark såg ned på, så var det oss. Skotfoss. Vi var dei største bøndene av alle. Skulle ikkje undre meg om vi lukta litt rart også.

Korleis det står til med kroppslukta til oss som bur her skal eg ikkje meine så mykje om, men det hender eg får ei kjensle av at det er med Florøfolk som det var med oss Skotfoss-bønder. Det er ikkje noko å seie på sjølvbildet. Florø er jo den einaste skikkelege byen i fylket, og at delar av bygningsmassen i sentrum held på å dette i hovudet på oss endrar ikkje på noko. Vi er mykje betre enn dei forbanna sjukehustjuvane som held til inne i det handelsbefengte kommunestyrevedtaket av eit lyskryss på austsida av Golanhøgdene. Stygge er dei også. Ein treng ikkje grave djupt i Florøsjela før Førdehatet kjem til overflata. Og resten av fylket er ikkje noko særleg heller, det er berre sauebefengt utmark som ein køyrer igjennom på veg til Bergen eller Oslo. Eller Møre og Romsdal, men kven vil vel køyre dit?

Men korleis ser eigentleg resten av fylket vårt på Florøveringen? Kva seier Førdianarane? Mi kjære brukar alltid å minne meg på at eg berre er ein dum austlending, så eg veit jo ikkje noko. Men eg har likevel ei kjensle av at rivaliseringa mellom Florø og Førde for ein stor del berre går ein veg. Førdianarane er ikkje så opptekne av dette, og dei ser på oss i kystbyen som i beste fall litt sjarmerande og høgrøysta naboar, og som raringar det ikkje er heilt lett å forstå seg på. Når eg treff kollegaene mine i Førde og fortel dei om rare kundeopplevingar eg har hatt i butikken, ser dei berre på kvarandre, nikkar på hovudet, og seier i kor: Florø! Og når dei av og til er ute og jobbar litt hos meg, er dei alle saman tydelege på at kundane dei kjem i kontakt med her i byen rett og slett er litt meir fargerike og rare enn kundane dei er vane med frå Førde. Dette er sjølvsagt ei grov generalisering, men eg må likevel gje dei rett. Raringane i Florø er rarare enn raringane i Førde, og det er fleire av dei.

Ikkje at det er noko gale i det. Eg likar raringar eg, stort sett. Og skal vi no eigentleg bry oss om kva dei synes inne i den forpesta gyllebygda? Nei, eg trur nesten ikkje det. Og når sant skal seiast så er det jo ikkje heilt fritt for raringar der inne i Firda-land heller. Ta Oddvar Torsheim til dømes, der har vi ein kar som er noko for seg sjølv. I alle fall når han er saman med andre. Tidlegare denne veka las eg i Firda at Torsheimen var vonbroten over at Førde kommune enno ikkje hadde gjeve han ein permanent plass der han kunne stille ut bileta sine. Sjølv om dei faktisk hadde lova han dette, og det for femogtjue år sidan. Då slo det meg. Her har Florø eit unikt høve til å ta hemn over Førde for over førti år med sjukehusnedlegging. Vi tek rett og slett og stel Oddvar Torsheim frå dei! Vi gjev han det galleriet han ikkje har fått i Lyskrysset. Torsheimen kan få kunstnarløn, fri bustad og frikort til å synge i neste års Melodi Grand Prix. Han kan få nynorskens skog ved Litlevatnet, og så kan Førdianarane sitte der med sjukehuset sitt og synge Tur- retur- blues, dei jævlane. Tenk på synergieffekten, tenk på turistane som vil strøyme til for å sjå bileta til galningen med det raude skjerfet. Her må vi få til noko, folkens!

Men det er inga tid å miste. Firda driv no kampanjejournalistikk for å gje mannen eit galleri, så vi må hive oss rundt og spikre ein avtale før dei rekk å stable noko på beina. Eg har derfor teke saka i eigne hender, og i all løyndom har eg hatt forhandlingar både med Torsheim og med Flora- ordførar Bengt Solheim- Olsen. Dette er forhandlingar som har vore så løynde at sjølv deltakarane ikkje har fått dei med seg, og mi venstre hand anar ikkje kva den høgre har gjort. Likevel har eg klart å banke på plass ein intensjonsavtale. Her er ikkje plass til detaljar, men hovudtrekka går ut på at Torsheimen får overta Rådhuset. Der vert det galleri i størstedelen av bygget, og atelier og penthouse-leilighet på toppen. I første etasje vert det kombinert kaffistove og Vinmonopol, slik at ein også får dekka slike sanselege behov.

Kva så med dei som held til i Rådhuset i dag? Dei må flytte opp i det gamle, gode sjukehusbygget. Der er det rikeleg med plass, om enn litt lite pengar til oppussing og vedlikehald. Eg satsar på at dei fiksar dette med dugnadsinnsats, så flinke som dei er.

Og då treng dei jo heller ikkje tenke på dette med omregulering?

2 Comments

  • 18 June, 2012 - 6:48 pm | Permalink

    😕
    Dette var det rareste navlemanuskriptet jeg har sett. Selv er jeg oppvokst der-her-og andre steder- og har sett ditt og datt, født før krigen. Altså Verdenskrig 2. Og kan skrive 1000 slike manuskripter. Men å legge slikt ut på nett, og belaste serverne og lagre slikt elektronisk for evig tid- med energibehov ? -Få det inn blandt 2 permer og sett det inn i bvokhyllene på biblioteket. Da vil det komme til nytte som forskninggrunnlag om 100 år, og bidra til oppklaring av menneskets mangfold i år 2012.
    Leif

    • 18 June, 2012 - 7:16 pm | Permalink

      Nå er jo dette en spalte i lokalavisa, som jeg legger ut på nett også bare for å ha det lagret et sted. Dermed blir det vel faktisk lagret av nasjonalbiblioteket to ganger, og det er jo uhørt når jeg tenker etter! Energibehov og alt det der.

      Legger ned bloggen med umiddelbar virkning!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: