web analytics

Bruk og kast

Firdaposten har den siste veka brukt plass på å fortelle oss at barna våre gløymer igjen klede for hundretusener av kroner i året. 200 000 berre ved Florø barneskole. Kvart einaste barn gløymer klede for 500 kroner året utan at foreldra bryr seg det minste står det i avisa. og da må det vere sant. Dette er alvorleg. Fem hundre kroner, det er ein heilflaske akseptabel whisky det, og har ein fleire barn kan ein berre plusse på til ein har rota bort penger nok til ein flaske tjugefemår gamal Bruichladdich. Det gjer vondt å tenke på. Som eit direkte resultat av Firdapostens oppslag kalla eg inn til famileråd. Tiltak måtte iverksettast. Haldningar måtte under lupa. Nokon måtte til pers. Skulle det settes ned ein kommisjon? Måtte nokon gå? Nei, det ville vere å overdrive, men om man ikkje viste vilje til endring no, kunne ikkje eit mistillitsforslag utelukkast. Eg hadde fått ferten av whisky, og da er eg ikkje god å stagge.

Eg passa på å  legge familierådet til ein dag mi betre halvdel var ute av huset på anna oppdrag. Kvite Pusi stilte som stedfortredar. Barna lot seg lett kjøpe av godteri og fri tilgang på Xboxen, og hadde difor ikkje innsigelsar mot mine innspel. Med fullt flertal ble ein handlingsplan banka ned på papiret. Heretter skal det ikkje gløymast igjen så mykje som ein Hello Kitty-sokk nokon stad. Skulle det likevel skje har vi no protokollført korleis dette skal håndterast. Heretter blir det ikkje noko slinger i valsen. Det blir ikkje enkelt, men her i heimen er vi vant med utfordringar. Vi har både evne og vilje til naudsynte omstillingar. Når alle dreg i same retning har vi ein gjennomføringskraft utan sidestykke. Det kjem til å bli hard lut, men når eg sit der ved slutten av skoleåret med ein flaske dyre skotske dråper er eg sikker på at vi kjem til å meine at det har vore verdt det. Ja, i kvart fall eg då.

Det første punktet på handlingsplanen var å lage ein liste over alle kleda til ungane. Kvart einaste plagg blei lagt inn i ein database der alle detaljar om plagget vart notert. Dette tok tid, dagens unge har ein uhorveleg mengde med klede. Når den jobben var gjort måtte vi lage ein påkledningsplan. Kor mange klede treng man eigentleg i løpet av veka? Kor ofte må ein skifte truse? Må ein ha klede i bakvakt for uforutsette hendingar? Ein plan ble satt ned på papiret, klede nok til å oppfylle påkledningsplanen ble plassert i skapet, resten solgte vi på Finn.no. Pengene vi fikk for salet ble satt inn i eit eiget oljehyrefond, det betyr at vi sparar pengene til ein regnværsdag.

Påkledningsplan og inventarliste er hengt opp på innsida av skapet. Alle som tar klede inn eller ut av skapet må no skrive dette opp på lista. Kvar veke er det telling av inventaret. Om det da finnes klede det ikkje kan gjerast rede for blir det konsekvensar. Inndragning av godteri og lommepengar er sjølvsagt. Gjentatte forseelser kan straffast med ein omgang med beltet. Om dei ikkje har rota det bort då.

No er det jo slik med dagens barn og unge at dei gjerne har kleda sine både her der. Dei har skift liggande både på skulen og i barnehagen. Kanskje har dei nokre sett med klede liggande hos besteforeldre. Nokon har skilte foreldre, og dermed har dei ein haug med klede både hos mor og far. Sambuaren min og eg er ikkje skilt ennå, men besteforeldre var eit problem. Dei har plenty med klede liggande som er barna sine, og der er det vanskeleg å halde oversikten. Løsninga blei at disse kleda ble skjønnsligna, ilagt 30 prosent straffeskatt siden det ikkje var tilstrekkeleg kartlagt kva klede dei eigentleg hadde, og så blei eg einig om at dei skulle betale inn eit høveleg depositum til min konto. Kvar måned skal det no leverast ein liste over hvilke klede dei har liggande å slenge. Eventuelle avvik vil bli fakturert fortløpande. Dette er genialt, her ser eg for meg at det kan bli snakk om store beløp på sikt. Dette kan også vere ein glimrande måte å slippe unna arveavgift folkens, så eg håper dykk tek notater her no.

Det må seiast at det har vore litt skepsis mot dette nye klesregimet på gulvet. Man kviskrer i krokane at det no vart vel mykje styr for to til tre attgløymde klede i året, slikt må man vel nesten ta høgde for, men eg i leiinga har stor tru på prosjektet. Nulltoleranse for attgløyming er vegen å gå, og når dei gode resultatane blir tydelege utover vinteren reknar eg med at stemninga snur. Da kan vi utvide prosjektet. Eg har til dømes ein plan om å skille ut kledene frå Fam.Hjorth AS i eit eige selskap. Dei må da leige plass i klesskapene av moderselskapet, og ved denne typen internfakturering, ein ennå tettare målstyring og økt bevissthet omkring familiens kjerneoppgåver trur eg virkeleg vi kan effektivisere drifta ennå meir. Noko som sjølvsagt vil kome heile konsernet til gode.

Ja, i kvart fall meg då. Skål!

Leave a Reply

%d bloggers like this: