web analytics

Er du lukkeleg?

Det er med lukka som med ville dyr i skogen, skreiv diktaren Hans Børli. Den vert tillitsfull og nærmar seg leirplassen din når du ikkje lenger leitar etter den. Dette høyres jo klokt ut når ein høyrer det første gongen. Dette er skikkelig norsk tømmerhuggarvisdom.Det hjelp ikkje å jage etter lykka, men om du sit heilt stille og varmar deg foran leirbålet med litt varm kaffe på turkoppen og mobilen slått av kan det hende ho kjem snikande allikevel. Jau, eg er med på den. Det Børli ikkje fortel oss, fordi han ikkje visste det sjølv gjettar eg, er kva ein no eigentleg skal gjere med den helsikes lykka når den først kjem snikande. Skal ein berre sitte heilt stille og vente på at den forsvinner igjen, eller skal ein gjere eit utfall? Kaste seg over ho, dunke ho i hovudet med øksa, binde ho fast, og slepe ho inn i teltet slik at du veit kor du har ho? Korleis veit du at det er akkurat lykka som kjem snikande, og ikkje berre eit av dei ville dyra i skogen? Det er fort gjort å trå feil.

Ein som nok skulle ønske han hadde kasta seg om halsen på lykka i staden for å sitte musestille når sjansen bød seg er ein kar som heter Robert Lucas-Gardiner. Sammen med kona Ewa kjøpte han i 1999 Dunans Castle, eit nedslitt slott i Skottland. Dei kalte seg for Lord og Lady Marr, sjølv om det er noko tvilsomt kor aristokratiske dei no eigentleg var, og dei kom til Skottland frå Hull, fulle av planer og pågangsmot. Dei vart tatt godt i mot av lokalbefolkningen i starten, men populariteten sank noko når det viste seg at dei ikkje alltid betalte rekningane sine i tide. Men slottet fekk dei no pussa opp. Dei starta eit hotell der, og det gjekk vel sånn nokon lunde. Ein dag fekk Lord Marr ein fax frå ein kar i New York. Han hevda han var Madonnas agent, og sida ho snart skulle gifte seg med regissøren Guy Ritchie var ho på utkikk etter ein passande plass i Skottland der eit slikt bryllup kunne arrangerast. Kunne Dunans Castle passe?

Robert Lucas-Gardiner skjønte ikkje at dette var lykka som streifa rundt leirplassen hans. Han trudde heile greia berre var ein bløff og kasta faxen frå New York i bosset. Året etter gifta Madonna og Guy Ritchie seg ved Skibo Castle i Dornoch. Brudeparet og deira berømte gjester la att rundt rekna to og ein halv million pund i lokalområdet. Størstedelen på kontoen  til Skibo Castle sjølv.

Med slottet til Lucas-Gardiner gjekk det ikkje fullt så bra. Berre eit par veker etter Madonnas store fest i Dornoch blei Dunans Castle totalskadd i ein stor brann. Brannen starta på loftet, og ødela taket og tre etasjar. Det seiast at Lady Marr hadde ignorert advarslar om at slottets ildsteder ikkje var trygge å bruke, men ein veit ikkje om det var dette som var årsaka til at brannen oppsto. Robert og Ewa Lucas-Gardiner lova å bygge opp att slottet, men når pengane frå forsikringsselskapet lot vente på seg kom dei på andre tanker. Dei dro frå Skottland i all hast, og har sidan ikkje vore sett nær det ein gong så staselege slottet. Så lite kan det skille mellom lykke og ulykke. Hadde berre Lorden tatt kontakt med Madonnas agent i staden for å kaste faxen i bosset. Og hadde berre ladyen hans fyrt i peisen eit par veker tidligare. Då hadde Dunans Castle brent ned midt under bryllaupet, og Madonna hadde fått si velfortjente straff for den grusomme coverversjonen av American Pie som ho gjorde sommaren før.

Om ein vil ut og køyre buss er det sjelden noko særleg hjelp i å løpe langs vegen og hoie. Ein må kome seg ut i tide, finne ein passande haldeplass, og når bussen kjem gjeld det å ha pengane i handa og vere klar. Ein kan kanskje vere litt usikker på om bussen virkelig går dit lykka er, men druntar du for lenge med å finne ut av om du skal gå på bussen eller ei, så køyrer bussen frå deg. Då får du aldri vite det. Skal du finne og vinne lykka må du komme deg på bussen. Du må vere klar for å satse. Gje alt. Du kan ikkje vinne hvis du ikkje vil spele.

Men til Dunans Castle går det ingen buss. Nye eigarar har tatt over eigedommen, og dei freistar å få returnert bygningane til fordums prakt. Det tek tid, og krev ein heil masse penger. For å skaffe midlar til restaureringa har dei starta å selge unna bittesmå deler av eigedomen til godtruande utlendingar med eit hjarte for Skottland. For ein liten slump med pengar kan du kjøpe nokon centimeter med jord på området rundt Dunans Castle. Dei kan til og med plante eit tre for deg, og om ikkje det var nok får du retten til å kalle deg for Lord, Laird eller Lady of Dunans Castle med på kjøpet. Sjølvsagt er det berre ein gimmick. Ein blir ikkje eit medlem av det britiske aristokratiet av å eige ein fot med land, men sjå kor eg bryr meg. Eg forventar heretter berre å bli tiltalt som Lord Hjorth of Dunans Castle. Takk.

Og om ikkje det gjer meg lukkeleg…

2 Comments

  • 1 October, 2012 - 6:39 pm | Permalink

    Er det en sand historie eller en af de vandrehistorier, man af og til hører?

  • 1 October, 2012 - 6:41 pm | Permalink

    aw, jeg fandt en Groupon deal http://www.groupon.dk/deals/odense/Dunans-Castle/6707506 , så historien er sand nok 🙂

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: