web analytics

Eg hatar Facebook! (Og bursdagar)

Eg har eit litt anstrengt forhold til det her med bursdagar. Først og fremst mine eigne. Det starta på attenårsdagen min. Dette er jo ein merkedag av dei heilt store, endeleg gamal nok til å få lappen, endeleg mogleg å kome seg inn på nokre av byens utestadar. Eg var riktignok avhaldsmann på den tida, men berre det å ha høve til å gå på butikken og kjøpe seg ei flaske med pils fra Lundetangen bryggeri var stort. Når eg var sytten år og elleve månader trudde eg attenårsdagen skulle bli den beste dagen nokon sinne. Ja, eg trudde i det minste at eg skulle få noko fint til den bursdagen. Noko dyrt. Noko eg hadde lyst på. Ein skikkeleg velkomst inn i dei vaksnes rekker. Men slik gjekk det ikkje. Dagen kom, og dagen gjekk, og eg fekk ikkje så mykje som ein gratulasjon frå nokon i familien. Gåve var det dårleg med og. Eg var skikkeleg skuffa. Nesten lei meg faktisk. Kvelden brukte eg til å sitte aleine foran TV’en og sjå på eit gamalt konsertopptak med Deep Purple. Jada, det er patetisk, men Nobody’s Perfect. Heilt siden då har eg funne det tryggast å halde bursdagen min på armlengdes avstand.

Men for nokre år siden vart eg plutseleg positivt overraska. Bursdagen kom på den dagen den pleier, og eg var like avmålt som vanleg, men i all verda. Plutseleg var innboksen på eposten min stappfull av gratulasjonar. Det var ikkje måte på kor mange som ville ønske meg til lukke på dagen. Det var Facebook som var årsaka, og eg må innrømme det, eg vart både glad og rørt av all merksemda. Var ikkje farleg å bli ein gamal mann når det var så mange som brydde seg om ein, og ga uttrykk for det! Men kor lenge var Adam i paradis? Ganske nøyaktig 364 dager.

Året etter tok eg meg i, for ein gongs skuld, å glede meg til bursdagen min. Vel er eg gamal og skalla, men folk likar meg godt nok til å gratulere meg med dagen på Facebook. Eg tok meg i å elske nettvenene mine. Fine folk er dei. Kva hadde eg vore utan dei? Ikkje anna enn ein traurig fyr som fyller år utan at nokon bryr seg. Men slik er det ikkje. Ikkje eg nei. Eg er ein fin fyr. Folk likar meg så mykje at dei gratulerar meg så mykje med dagen at eg pådreg meg skrivekrampe og senebetennelse om eg skal svare på kvar enkelt melding. Eg sto opp tidleg på bursdagen min, klar til å ta i mot hyllesten for at eg hadde haldt ut eit år til i denne jammerdalen. Eg gleda meg til å sjå alle gratulasjonane. Men nok ein gong blei eg skuffa. Året før hadde eg fått rundt hundre gratulasjonar. Denne dagen nådde eg ikkje ein gong opp til tosifra. For ein nedtur! Helsikes fødselsdagar. Den einaste trøsten var at ein ikkje var ein bjørn, for som alle vi som har lest bøkene om bjørnen Paddington veit, så har bjørnar bursdag to gonger i året. Ein gong om vinteren, og ein gong om sommaren. Sjølv var eg misunneleg på dei som vart fødd på skuddårsdagen og berre hadde bursdag kvart fjerde år.

Skikkelig sur og bitter var eg. Eg slutta sporenstreks med å gratulere andre folk på Facebook. Kvifor skulle eg gjere dei glade på sin store dag, når alt dei brydde seg om var å kjøyre meg ned i søla? Først bygge meg opp, og så rive meg ned att. Kva er det for slags folk som gjer slik? Tølperar! Det hjalp ikkje det minste at sambuaren fikk haugevis med gratulasjonar på sin fødselsdag nokre veker seinare. Eg vart sint vart eg. Og djupt såra og vonbråten. Og gamal. Og skalla. Var det i det heile tatt nokon vits i å leve vidare?

Sidan dette har eg bitt tenna saman, tatt eit år av gongen, og gjort eit heilhjarta forsøk på å gløyme kva for ein dag eg faktisk har bursdag på. Det same har dessutan gjenteke seg gong etter gong. Eg har bursdag, og får berre ei lita håndfull gratulasjonar på Facebook. Sambuaren feirar sin dag nokre veker seinare, og får hurra gonger hundre frå venner og kjende i det ganske land. Og for kvart år har eg blitt surare og surare. Og meir og meir skalla. Denne hausten også. Mi kjære fylde år førre laurdag, og ut på dagen skjedde følgande:

– Jøss, eg har fått 76 gratulasjonar på facebook, og det er ikkje ein gong kvelden!

– Jada, berre gni det inn.

– Kva meinar du?

– Berre gni det inn at du er populær og får gratulasjonar både herfrå og derfrå på Facebook, mens eg knapt får ein lita helsing frå søstera mi når eg fyller år. Eg skjønar ikkje dette, for nokre år sida fekk eg også ein haug med gratulasjonar på dagen min, men no er det nesten ingen som bryr seg.

– Så rart. Har du sjekka innstillingane dine på Facebook? Kanskje det er slik at det ikkje dukkar opp hos venene dine at du har bursdag?

Det hadde eg ikkje, og skulle du ha sett. Der var det slik at bursdagen min var skjult. Makan. Eg hatar Facebook!

Leave a Reply

%d bloggers like this: