web analytics

Den eineste eine, (eller æsj, kjærlighetsgreier, som Hagbarth ville sagt)

Lillebjørn Nilsen synger fint om kjærleiken i si vise Crescendo i gågata. Beethovens Niendes kor stemmer opp, sola på himmelen gjer eit hopp, neonlys blunkar til ham, og den vakre kvinna seier at ho trur ho elskar ham. Omtrent slik var det når eg møtte mi kjære også. Eg tullar ikkje. Når vi kyssa for første gong begynte eit kor vi ikkje hadde lagt merke til å synge, litt falsk låt det, og ikkje var det Beethoven, men ein kan ikkje få alt heller. Dette var på Fløyen i Bergen, så eg kan ikkje seie om sola faktisk gjorde eit lite hopp, men eg vel sjølvsagt å tro det. Når vi skulle ta fløybanen ned igjen var vogna nesten full av turister. Det var berre eit sete ledig, det tok eg, og så dro eg min kjære ned på fanget mitt. Og alle turistane satte i med applaus. Det var som om vi var med i ein romantisk komedie frå Hollywood, berre med ein litt kjekkare, litt smålubben kar i hovudrollen i staden for Hugh Grant.

Nå trur eg sjølvsagt at eg og mi kjære er meint for kvarandre, at sjølve skjebnen hadde ein finger med i spillet, at vi er sjelevener og alle dei andre klisjeane i boka. Men her ein dag blei eg sittande og tenke. Kva om det verkeleg var slik at vi alle hadde ein einaste slik sjelevenn. Ein person i hele vide verda som det var  meininga man skulle vere saman med. Men berre ein einaste ein. Kor stor er då sjansen for at ein nokon gong ville treffe denne eine personen? Den einaste rette?

Ganske liten viser det seg. På nettsida What If, der dei svarar på hypotetiske spørsmål kvar tirsdag, har dei sett på dette spørsmålet. Om ein ikkje tek høgde for at din eineste eine sjelevenn kan vere født i fortiden, og allereie har levd livet sitt aleine. Eller kanskje ikkje enno er født, men derimot må vere eit menneskje som er omtrent på din eiga alder, som altså lever ein eller anna plass på jorda akkurat no. I så fall har kvar og ein av oss rundt rekna ein halv milliard menneskje der vi kan finne akkurat den personen hjartet vårt så sårt trenger. Her er det ikkje tatt høgde for slike ting som kjønn, demografi, klasse eller anna bakgrunn. Det kunne ein kanskje gjort, for kjem du frå Havreneset, er kvinne med middelklassebakgrunn og ein hang til å stemme på Sosialistisk Venstreparti, er sjansen for at akkurat din sjelevenn er ein nyrik førdianar med arbeidarklassebakgrunn, Vassendgutane på stereoen, og sterke sympatiar for Fremskrittspartiet relativt liten. Ein høgreist afrikanar med fargerike klede og trommeskills godt over gjennomsnittet derimot, det er yummy. Men det gjer reknestykket heilt umogleg. Folk finn kjærleiken overalt. I Bergen, på østlandet, i Thailand, eller på London Pub. Kjærleiken kjenner ingen grenser. Den sprenger seg fram. Du kan ikkje starte han som ein bil, du kan ikkje stoppe han med ein pistol. Kanskje er det meir sannsynleg at folk frå Norddalsfjorden finn si sjelevenn på nabogården enn i Florø, men alt kan skje. For å ikkje forvanske reknestykket ut i det absurde må vi rett og slett ta som utgangspunkt at akkurat din sjelevenn kan være kven som helst av den halve milliarden menneskje vi, på noko tvilsomt vis, har rekna oss frem til er moglege kandidatar for deg.

Ein treng ikkje vere professor i matematikk for å skjøne at om din utvalgte sjelevenn er ein av ein halv milliard menneskje, er sjansen for at du faktisk skal finne ho temmeleg liten. Sjansen er berre hårfint bedre enn bedre enn sjansen for å få Flora ut av Robek i denne valgperioden. Om ein ser for seg at man i løpet av livet klarar å treffe to nye mennesker kvar dag. Minus ein og anna søndag i bakrus, og minus alle dei som ikkje er i rett aldersgruppe, klarar du kanskje å treffe 50 000 menneskje i løpet av eit ganske langt liv. Det betyr at for kvar og ein av oss som er så heldige å treffe vår sjelevenn i løpet av livet, er det ti tusen menneskje som ikkje finn den store kjærleiken. Det er hjarteskjærande.

Moralen i denne ukas spalte må altså vere: Berre gje blaffen i heile greia. Eg er unntaket som stadfestar regelen. Det er håplaust å jakte på den eineste rette, finn deg ein hobby i staden. Fluefiske til dømes. Eller rulleski. Det er som i politikken, nokon gonger må ein berre halde seg for nasa og stemme Høgre. For om du ikkje kan vere saman med den du elskar, kven det nå måtte vere, får du heller elske den du er saman med. Kven det nå enn måtte vere. Eg trur Hugh Grant er singel for tida?

Leave a Reply

%d bloggers like this: