web analytics

Monopol


Ein sommar for så mange år sidan at det ikkje regna ein einaste dag spelte vi Monopol. Heile gutegjengen var samla, og vi spelte frå tidleg kveld til langt på natt heile sommaren. Nokre av oss hadde jobb, men det var ikkje til noko hinder. Det var å spele Monopol heile natta, gå rett på jobb, gå heim etter jobb og sove nokre timar, og så var det på’an igjen. Det var blodig alvor. Slik det alltid var, uansett kva vi dreiv med. Det gjaldt å vinne, og dei som tapte måtte audmjukast i ei slik grad at det var heilt på grensa til å tippe over og bli ufint. Same om det gjaldt fotball, ludo, krokket, eller altså Monopol. Eg hugsar desse monopol-nettene med glede, derfor går eg ut i frå at eg vann meir enn eg tapte, men det kan sjølvsagt også berre vere at eg er skikkeleg god til å fortrenge. Men ein ting er sikkert. Alt eg kan om å lyge, stele og grafse til seg med begge hender, alt eg kan om kapitalisme, det har eg lært av desse mange lange lyse monopol- nettene i det førre århundret. Fy for eit råtent spel det er.

Spelets gong tør vere velkjend. Ein startar med nokre skrinne seddelbunkar og ein bil i ein glorete farge. Så susar ein rundt i byen og kjøper alt ein kan få tak i av eigedom. Når det ikkje er meir å slå kloa i går ein inn i forhandlingsfasen. Dette er den kritiske fasen av spelet. Her freistar ein å byte til seg gater som kan gje eit konkurransefortrinn. Eg gjev deg eit Nav-bygg i byte mot sjukehuset og to dampskipsselskap. Det er her spelet vert vunne. Eller tapt. Det er her uvenskap oppstår, skjellsord haglar, og skuldningar om kameraderi og korrupsjon sit laust. Når gatene endeleg er fordelt er det berre avslutninga igjen. Ein kjører rundt og rundt i byen, betalar leige når ein hamnar på gater med hus eller hotell, heilt til alle spelarane unntatt ein er bankerott. Som om det er gøy at nokon misser alt dei eig, liksom. Fysj for eit konsept.

Urutinerte spelarar trur gjerne at nøkkelen til suksess ligg i eit par hotell på Rådhusplassen og Ullevål Hageby. Det treng ikkje vere sant. Faktisk er det like lite sant som at Trovikkvartalet er indrefileten i Florø. Mi erfaring at den sikraste vegen til ein kort og ærerik siger er å få skaffa seg monopol på dei gule og dei raude gatene. Her er det relativt billeg å bygge, men likevel gode pengar å hente i leige om nokon hamnar der. Og sjansen for at nokon må betale i kvar runde er rimeleg stor. Dermed kan ein fort ha bygd seg opp ei god formue før dei andre i det heile tatt har rekt å bygge seg noko som helst på brettets indre og ytrefiletar. Her er det ei lekse å lære. Monopol handlar eigentleg ikkje om å skaffe seg mest mogleg penger. Målet med spelet er å drive alle andre til konkurs. Då må ein bygge billeg og ta mykje i leige. Ikkje minst må ein bygge der det er størst sjanse for å få avkastning på pengane. Og om hus og hotell brenn, gjeld det å ha forsikringa i orden.

Men det mest interessante med Monopol er at spelet opprinneleg, i motsetnad til kva dei som produserar det i dag vil ha deg til å tru, blei laga nettopp for å vise barn og unge kor urettferdig det kapitalistiske systemet er. Hun som skapte spelet heit Lizzie Magie, og hun var ein stor fan av ein kar som het Henry George. George meinte at det var heil tfeil at enkeltpersonar skulle kunne eige jord. Det var røveri. Jorda tilhøyrer oss alle, både etisk og historisk. Det er dette spelet opprinneleg skulle demonstrere for alle og einkvar. The Landlord’s Game kalde ho det, og reglane var temmeleg likt dei som praktiserast i dag. Med eit unntak. I staden for å spele slik vi gjorde det, med bankerott og påfølgande audmjuking av konkurrentane som mål, kunne spelarane velge å samarbeide. I staden for å betale leige til kvarandre gjekk leiga inn i ein fellespott. Til fellesskapet. Og på den måten kunne barna sjølv erfare korleis alle hadde suksess med denne modellen. Ingen gjekk konkurs. Spelet tok aldri slutt. Alle var happy. I skarp kontrast til kapitalistmåtens gråt, tenners gnissel, og tilløp til håndgemeng ved kvert einaste spel. Eg har stor sympati for ideen.

Problemet med den alternative spelemåten er berre at den er så ulideleg kjedeleg. Kven orkar vel spele eit spel der ingen vinner, og ingen taper? Kor er moroa i det? Kva er vitsen? Som propaganda for Henry Georges i og for seg spanande tankar om eigendomsrett var spelet altså temmeleg mislukka. Kanskje var det ikkje anna å vente da, enn at ein driftig kar ved namn Charles Darrow nokre tiår senere hevda han hadde funnet opp spelet sjølv og tok patent på heile greia. Så tok han kontakt med Parker Brothers, og fekk dei til å produsere og selge spelet for ham. I løpet av to år hadde dei solgt to millionar spel, gjort Darrow til ein rik mann, og redda Parker Brothers frå konkurs.

Lizzie Magie fikk 500 dollar. Hurra for kapitalismen!

2 Comments

  • 28 October, 2012 - 4:14 pm | Permalink

    Tankevækkende. Jeg har aldrig tænkt på, at et så klassisk spil havde en anden grundtanke, end den vi spiller efter i dag. Det er nærmere blevet det modsatte i dag, nemlig et symbol på kapitalismen, det uretfærdige, og den “kloge narrer den mindre kloge”.

    • 29 October, 2012 - 12:26 am | Permalink

      Ja, sånn er jo spillet i dag. Og sånn har det vel alltid blitt spilt, selv om ideen bak i utgangspunktet var noe annet.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: