web analytics

Juksemakar pipelort

Unge Høgre er på krigsstien mot juksemakarane i skulen. Dei meinar at juksing er eit aukande problem, og at det ikkje er godt nok at dei som juksar berre blir straffa med nedsatt ordenskarakter. Dei vil at juksemakaren bør merkje det på karakteren i faget han, eller ho da, for det er visst flest jenter som juksar seiest det, har juksa i. Jyplingane i Unge Høgre får støtte på leiarplass i Firdaposten. Å berre få straffa gjennom ordenskarakteren er omtrent som om dei som nå har blitt tatt for doping i sykkelsporten ikkje skulle måtte levere tilbake medaljane sine, men i staden få rissa inn på baksida at dei ikkje fulgte gjeldane lover og reglar når dei vann dei. Leiaren i Elevorganisasjonen, Axel Fjeldavli er ikkje einig. Han meinar at poenget med ein karakter er at den skal vise kva eleven faktisk har klart å tilegne seg av kunnskap, og at juks fortsatt må straffast gjennom nedsatt karakter i orden og oppførsel.

Eg meinar at Fjeldavli her fremstår som ein håplaus prinsippryttar. Her gjeld det å vakne opp og lukte på kaffen. Noreg er i ferd med å bli ein nasjon av fuskarar. Tenk korleis det skal bli når dagens unge, som juksar meir enn nokon generasjon før dei, kjem ut av skuleverket og skal freista klare seg i det virkelige livet. Her ute i røffe røynda der ein i kvart fall ikkje slipper unna med noko juks, med mindre man er politimann som har jobba svart for den amerikanske ambasadden då. Eller politikar som har fått for mykjei pensjon frå Stortinget.Korleis skal det gå med eleven når han kjem til NAV-køen og oppdagar at her risikerar han fengselsstraff i staden for kos og klem og nedsatt ordenskarakter om han fuskar? Det kjem til å gå lukt i fortapelsen, både for individ og fellesskap. Her må noko gjerast, dette er ikkje ein tid til å ri prinsippar. Eg meiner at moralistane i Unge Høgre ikkje går langt nok. Når ein først får kasta prinsippet om at karakteren i eit fag skal vise kva eleven faktisk kan på båten åpnar det seg ein heil verd av moglegheitar som lærarane kan bruke for å forme ungane våre. Å for ein herleg ny verd vi kan sjå frem til!

Lat oss ta ein alvorleg sak som mobbing. Dei fleste er nok einig med meg i at mobbing er mykje verre enn å fuske litt på ein prøve i naturfag. Men i dag får ein akkurat den same straffen for å mobbe som å jukse. Det er ikkje godt nok. Om ein er så teit at ein driv på og plagar medelevane sine er det bevis godt nok på at det er opptil fleire fag der ein ikkje kan ha fulgt særleg godt med i timen. Trekk dei i poeng. Har dei vore slemme nok, stryk dei, og da meinar eg ikkje med håra. Eller ta dei elevane som dreg det gode gamle mor og far-trikset og seier dei ikkje bor heime hjå foreldra, sjølv om det ikkje er sant. Bortebuarstipend vil dei ha, og snyt lånekassa for 55 miilionar kroner i året. Dei har nok ikkje fått med seg at det er fellesskapet dei stel i frå, og må få trekk i samfunnsfagkarakteren. Vekk med dei!

Det er heller inga grunn til at dette berre skal gjelde dei alvorlege regelbrudda. Eg ser for meg eit regelverk der man bruker prikkar for mindre overtredelsar, ikkje ulikt slik det er for førarkort. Kjem ein for seint, eller ikkje har med seg dei rette bøkane, tre prikkar på kortet. Har ein ikkje gjort lekser, seks prikkar. Gløymer ein å hilse pent på læraren, to prikkar. Har ein smurt inn håret sitt med kliss slik at det står til alle kantar, og gjer at ein ser generelt grusomt teit ut. Minimum tre prikkar. Kjem ein frå Svelgen, ein prikk i veka. Held ein med Liverpool er det rett over i spesialundervisning. Og slik kan ein helde på.

I 2001 var det rekordmange som klaga på norskeksamen på vidaregåande skule. Mange hadde bomma stygt på ein tekst av Kjartan Fløgstad der han foreslo å stryke sør-amerika av kartet i skulen, slik at elevane kunne konsentrera seg  om nord-amerika i staden. Ungdommen skjøna ikkje at Fløgstad var ironisk. Det er kanskje best at eg seier det rakt ut i staden, slik at ingen misforstår. Unge Høgre tek feil. Skulejuks har konsekvensar. Ein risikerar til dømes at læraren ikkje får grunnlag nok til å setja ein karakter. Det er alvorleg. Men det viktigaste som Unge Høgre bommar på er at dei virkar å tru at juks er ein enkel sak å dømme. Slik er det ikkje. Juks er ikkje svart eller kvitt, det er femti nyansar av grått. Eg meinar det er viktig at ein held fast på prinsippet om at ein karakter skal vise kva eleven har oppnådd, og ikkje noko anna. Alternativet kan fort bli eit skråplan der alt mogleg uvedkommande trekkast inn i vurderinga. Det er neppe lurt. Juksemakarar må straffast på anna vis, sjølv tilrår eg juling som eit alternativ.

Men tenk om ein skulle lykkast med å luke all fusk og fanteri ut av skulen, korleis  skal vi då få rekruttert nye politikarar i framtida?

One comment

  • 5 November, 2012 - 5:38 pm | Permalink

    Endnu et bra innlegg fra din hånd Arne!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: