web analytics

Køyr for faen!

E18 ropte på oss. Lokka oss ut. Kom, ropte den, kom her. Følg meg. Eventyret er her, bak neste sving, neste by. Kom! Og vi kom. Kursen vart sett mot E18. Fire hjul som rullar. Sørover. Plastposar med øl. Bunkring av forsyningar på Natt og Dag ved Skjelsvik. Kronerulling til bensin. Springsteen på stereoen. Skien er ein by full av taparar, vi køyrer ut for å vinne i kveld. Blir du med?

Vi køyrde to bilar denne gongen. Eg var sjåfør i den gamle Corollaen til Jonnemann, og nokre andre køyrde i Caprien til Helge. Laurdag ettermiddag, vi køyrer til Kristiansand, sytten-atten mil kvar veg. Kva i all verda tenkte vi på? Jenter så klart. Kva elles?

Vi er framme tidleg på kvelden, køyrer nokre runder. Sonderer terrenget. Etter kvart hamnar vi på diskotek. Drinkar blir kjøpt, og øl blir drukke. Somme dansar. Tida går. Av ein eller anna grunn er hellet vårt med det motsette kjønn heilt fråverande, noko som i ettertid førekjem meg å vere ein fellesnemnar for desse sørlandsturane våre. Vi kunne like gjerne køyrd til Vestfold og spart nokre tusenlappar i bensinpengar. Eller blitt heime og sett på LørDan.

Men vi er i Kristiansand, og det er seint. Troppane samlast og heimturen vert avtalt. Vi går frå diskoteket, gatene er fulle av folk. Vi går mot bilane våre. I ei døropning står ei jente. Langt og uflidd hår, tynn som ein strek og i raud skinnjakke. Jonnemann går bort og snakkar til henne, Rune og eg står eit stykke unna og ventar på han. Roper at han må forte seg. Det går ikkje lenge. Eg veit ikkje kva han kan ha sagt til henne, men i løpet av eit minutt eller to har han klart å overtale jenta til å bli med oss tilbake til Skien. Rune og eg skjønar ingenting. Vi går til bilen alle fire.

Vi køyrer heimover. Eg bak rattet, Rune i passasjersetet. Jonnemann og jenta i baksetet. Ho har ein kassett på innerlomma som ho vil eg skal sette på. Ei jente syng noko pønka greier. Ho og Jonnemann røyker og rocker på. Etter kvart tek dei til å kline. Rune seier ikkje stort, ikkje eg heller. Vi køyrer så fort vi tør oppover E18. Caprien til Helge heng bak oss. Frontlysa kuttar gule bitar ut av natta. Plutseleg blir bilen fyllt av ein forferdelig stank. Eg ser bort på Rune, men han ser ut som eit levande spørsmålsteikn. Vi snur oss mot baksetet. “Å i Helsike!” utbryt vi nærast i kor. Jonnemann har fått dratt buksa av jenta, og alt vi ser er den kvite enden hans som pumpar opp og ned i baksetet. Og det stinkar noko så forjævlig. Vi skundar oss å sveive ned kvart vårt vindu. Eg set luftblåsaren på fullt. Det stinkar framleis, men det hjelp litt. Fytterakkaren, nokon baki der må ha eit akutt behov for intimsåpe.

Etter ei stund dukkar hovuda til Jenta og Jonnemann opp att. Dei røyker. Jonnemann er kry som ein hane. Etter røyken er det tilbake til arbeidet. Køyrer på ei stund, så er det opp igjen og røyke litt. Enda kryare no. “Sjå gutar, to gonger!” Og slik held dei på gjennom heile Agder. Køyre på. Røyke. Sjå gutar, tre gonger!. Fire gonger. Fem- seks- sjå gutar, sju gonger! Jo takk, vi såg vel meir enn vi sette pris på. Og for ikkje å snakke om lukta.

Vi er tilbake i Telemark att. Jonnemann vil ikkje ta med seg jenta heim, så han ber meg køyre han opp til onkelen sin på Gulset. Vi slepp av jenta og Jonnemann, med avtale om å hente dei att neste formiddag. Eg køyrer Rune heim, før eg køyrer Toyotaen til Jonnemann heim og legg meg til å sove. Dagen etter køyrer eg opp for å hente Jonnemann og jenta igjen. Eg køyrer opp til huset og tutar for å seie i frå at eg er på plass.

Det går nokre minutt, så kjem Jonnemann springande ut av huset med open skjorte, barbeint og med skoa i handa. Han hiv seg inn i passasjersetet og roper til meg. “Køyr for faen!”

“Køyr for faen!”

Eg hiv Corollaen i revers og ryggar ut av oppkøyrsla, kastar bilen rundt og køyrer vekk frå Gulset, onkelen til Jonnemanns hus, og jenta. Jonnemann gøymer ansiktet i hendene. “Fy faen,” seier han. “Fy faen Hjorthen!” Så kjem han fram frå hendene sine og ser på meg i nokre sekund før han sett i å le. Eg ristar på hovudet. “Fy faen Hjorthen,” seier han igjen, og ler. Eg ler med, utan heilt å vite kva eg ler av.

Nokre timar seinare har vi plukka opp eit par andre kompisar og er ute og rånar. Mellom Skien og Porsgrunn ser vi ei tynn jente med langt uflidd hår og raud skinnjakke stå og haike i retning av E18. På stereoen sang ei eller anna jente noko pønka greier.

One comment

  • 10 December, 2012 - 4:17 pm | Permalink

    haha 🙂 Bra skrivet.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: