web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Femten

Har resirkulert meg selv i helgens Firdapostspalte. Dette er bare en gammel bloggpost som har blitt pusset opp en smule.

Kindness is like snow

Det var 1982. Eg var femten år. Det hadde vore ein lang og tung haust. Heime var gamlingens langvarige prosjekt med å drikke seg frå jobb, hus og heim i ferd med å bære frukter. Den lange nedoverbakken blei brattare og brattare, og langt der fremme venta stupet. Eg haika heim frå byen ein laurdag, med nokon som ikkje visste kvem eg var, og medan eg satt i baksetet og ikkje sa noko som helst satt dei eg haika med i forsetene og snakka om korleis den gamle doktoren no hadde mista heilt grepet i det siste. Det hadde dei heilt rett i.

Det hjalp ikkje på at bror min hadde blitt galnare og galnare dei siste åra. Paranoid schizofren var det nokon som sa. Far min medisinerte ham sjølv. Eg er ikkje sikker på at han visste kva han gjorde. Omtrent kvar tredje dag gjekk det over styr for bror min. Han fekk eit slags anfall. Han vart uroleg, aggressiv, og då fann eg det best å rømme huset. Eit par gonger måtte systera mi skynde seg over til naboen som var politimann for å be om hjelp. Ein gong gjekk det så langt at han skulle ta far min, og far min blei redd. Han henta frem revolveren og skaut eit varselskudd for å stoppe ham. Eg var glad eg ikkje var heime den kvelden.

Men eg syntes det var litt kult å ha eit kulehull i gulvet som eg kunne vise kameratane mine.

Som om ikkje det var ille nok hadde eg blitt dumpa for første gong den hausten. Eg tok det så hardt at eg dro rakt til byen og kjøpte meg splitter nye cowboystøvlar. Eg klarte også å stryke i graderinga til gult belte på den lokale karateklubben, sjølv om eg hadde trena hardt heile hausten. Det var slutten på min karriere som karatekar. Jau det hadde vore ein lang, tung og trist haust, men no var det jul.

Eg veit ikkje om det er slik for alle, men for meg var det omtrent på denne tida jula starta å miste sin magi. Femten år. Ein er for gamal for Donalds juleshow, ein startar å lure litt på kva alle dei vante trygge tradisjonane eigentleg er gode for. Kva er vitsen med det heile? Jau, det er nok berre meg, men jula 1982 lot julestemninga vente på seg. At det ikkje hadde komet så mykje som eit fnugg med snø var med å gjere det heile ekstra tungt og trist. Men eg sto no opp på julaften allikevel. Eg tok bussen til byen for å leie nokre julefilmar på videosjappa. Dette var på den tida ta videosjappa stengte på søn og heilagdager, slik at ein kunne leie filmane i fleire dager uten å betale noko ekstra.

Hyllene var allereie ganske utplukka når eg kom, men eg plukka no med meg fire filmar. Noko Clint Eastwood. Noko Kung Fu. Ein komedie. Ein grøssar. Eg fekk filmane i ein pose og rusla tilbake mot busshaldeplassen. Det var ennå ein god stund til julas siste buss til bygda eg budde i skulle gå. Av ein eller annan grunn var Jonas Gatekjøkken åpen denne julaftenformiddagen, så eg gjekk over gata for å kjøpe meg ein burger. Jonas Gatekjøkken var berre ein brakke, skvisa inn mellom ein bank og ein optiker. Dei serverte burgerane utan salat og dressing. Berre rett i brødet. Akkurat slik eg likte dei. Ikkje noko ost eller anna jåleri. Berre ketchup. Eg gjekk frem til disken og bestilte akkurat ein slik hamburger.

Akkurat da starta det å snø. Store feite snøflak dalte ned frå himmelen.

Det var som om noe løsna i meg. Eg retta ryggen. Løfta hovudet. Som eit lite barn som plutseleg kan få det for seg at når han kjem heim vil han få is, heilt sikkert, banna bein. Som når ein ikkje skal tråkke på strekane på fortauet, for om man gjer det vil det skje noko forferdeleg. Og man er heil sikker på at slik er det. Slik var det da også. Eg vart fylt av ein varm følelse. Snøen var eit teikn. Det var ikkje noko å være redd for. Alt kom til å ordne seg. Alt kom til å bli bra. Til slutt. Det var eg heilt sikker på.

Den gamle mannen bak disken ga meg burgeren min, og eg satte tenna i den mens eg gjekk over gata. Den smakte mykje betre enn den pleide. Snøen fortsatte å lave ned. Alt kom til å bli bra. Eg gjekk inn på bussen. Fant meg eit vindussete og satte meg ned. Så ut på snøen som så ut som om den kom til å legge seg. Gamle Nordbø slapp ein fis, fyrte opp bussen, og køyrde ut frå bussholdeplassen. Nå var det jul, og alt kom til å ordne seg. Banna bein.

På disken på Jonas Gatekjøkken sto det ein pose med fire videofilmer.

One comment

  • Martin Knutsen
    30 December, 2012 - 7:30 pm | Permalink

    Jeg var 14 da vi sto og pakket flyttebilen vekk fra helvete, og snøen begynte å lave ned omtrent nøyaktig da vi var ferdigpakka. Fin følelse.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: