web analytics

Fritt val

2013-01-03 09.21.57

På åttitalet, medan eg framleis var tenåring og vasa rundt i gatene i Skien i cowboystøvlane mine og gjorde ingenting, var der nokre andre tenåringar som gjekk rundt og klistra opp veggaviser på veggar og stolpar i sentrum. Eg hugsar ikkje eit ord av desse, men det var kommentarer til aktuelle nyhende, levert frå ein plass ute på venstresida, fulle av spit og sarkasmar. Eg forsto ikkje så mykje av det politiske, men eg elska humoren, og eg elska at dei sparka etter autoritetane. No for tida sleng folket meiningane sine ut på nettet i staden for å klistre dei opp på veggar. Trudde i alle fall eg, heilt til eg tidlegare denne veka kom over tre A4- ark som var oppklistra på toalettdøra på Amfi-senteret.

Å kalle dette oppslaget ei veggavis vil nok vere å overdrive. Men det var ein lang artikkel om farene ved stoffet bisfenol A, og så var det eit ark med gule fareteikn og sjokkerande opplysingar om at vaksiner inneheld giftige stoff. Språket i den lange artikkelen var tilsynelatande norsk, men når eg forsøkte å lese heile greia vart eg likevel litt i tvil. Eit av råda for å unngå bisfenol A var å halde seg mest mogleg unna plastprodukt, men om ein ikkje klarte det heilt, var det i alle fall viktig at ein ikkje brukte resirkulerte plastflasker. Desse måtte ein for all del “ikkje vaske med varmt vatten, eller sole seg i deres drikker”. Kva nå enn det skal bety. Eg gjettar på at artikkelen opprinneleg kjem frå utlandet, og at den har blitt oversett til norsk ved hjelp av Google Translate. Dette gjev ofte merkelege utslag, omtrent som når eg vert tvinga til å skrive nynorsk, berre endå verre. Og det må eg seie, det er ikkje heilt den same sjarmen med veggaviser som viser seg berre å vere dårleg oversett skremselspropaganda.

Nedst på det siste arket på toalettdøra sto det at om ein vil ha meir informasjon, så kan ein klikke seg inn på ei nettside som kallar seg for Fritt Helsevalg. Eit passande namn, i grunnen. Med framveksten av internett har vi jo verkeleg fått ein enorm valfridom på svært mange område. Vi kan tru på akkurat det vi vil. Eg rota meg nyleg bort i nokre sjarmtroll langt ute i internettperiferien som meiner at Holocaust er ei stor løgn, og at dette berre er ein konspirasjon som er funne på for at vi skal synast synd på jødane. Om ein har for mykje tid til overs, kan ein sjølvsagt forsøke å argumentere i mot slikt. Det kan vere gøy ei stund, men over tid så vert det trøyttande. Det er nemleg umogleg å nå fram. Dei har sine eigne forklaringar og sine eigne kjeldar, og same kva du sler i bordet med så vert det avvist som propaganda. Dei har sine eigne nettsider, reine ekko-kammer, der dei backar kvarandre opp og stort sett slepp å forhalde seg til motargument og andre syn.

Slik har det blitt med helse også. Du kan velge om du vil tru på skulemedisinen, eller om du føretrekk dei som ligg meir på den alternative sida. Uansett vil du kunne finne eit fellesskap på nett. Ikkje at eg nødvendigvis meiner at nettsida Fritt Helsevalg er samanliknbar med dei tidlegare omtala Holocaust- fornektarane, men det er ikkje tvil om at konspirasjonsteoriar gror godt i slike alterntative helsemiljø. Plutseleg vart det lett å tru av Spanskesjuka, som i 1918 tok livet av millionar av menneske over heile verda, var ein menneskeskapt og ønska epidemi. Og kanskje kan ein komme til å tru på folk som seier at at når det amerikanske senteret for smittevern, CDC, har gjenskapt viruset frå den tida, så er det ikkje fordi dei vil finne ein effektiv vaksine. Nei, dei  gjer det for å ha eit biologisk våpen i bakhand. Eller noko slikt.

Dei er ikkje så ravande galne på Fritt Helsevalg. Eg klikkar meg inn, og ser at dei prøver å framstå som seriøse. Dei har som mål at den alternative medisinen skal inn på statsbudsjettet, slik at det blir like billeg å gå til ein shaman som det er å gå til Normund Svoen. Skulemedisinen og den alternative medisinen hand i hand liksom, men dei artiklane dei har på sida si er stort sett kritiske til skulemedisin generelt, og vaksinar spesielt. Eg er ikkje imponert

I 2009 var India det landet i verda med flest tilfelle av polio. 741 registrerte tilfelle var likevel ein kraftig nedgang frå 1985, då landet hadde heile 150 000 tilfelle. No, i januar 2013, er det nøyaktig to år sidan India sist hadde eit poliotilfelle. Dei finn heller ikkje spor av svineriet i kloakken, og WHO har fjerna landet frå den stadig kortare lista over land der polio er utbredt. Det er berre Pakistan, Afghanistan og Nigeria igjen på den lista no, ei liste som hadde 125 namn i 1988. Om du leitar litt på internett finn du sikkert nokon som vil hevde at det er på trass av, og ikkje på grunn av omfattande vaksinering. Og du kan godt tru på vedkommande om du vil, det er fritt val.

Men eg, eg skal klippe ut denne spalta og henge den opp på toalettdøra på Amfi.

Leave a Reply

%d bloggers like this: