web analytics

Fridom eller døden

shackles

Neste helg er det premiere på den nye filmen til Quentin Tarantino. Django Unchained heiter den, og er ein slags miks av spaghetti-western og blaxploitation. Jamie Foxx spelar hovudrollen som slaven Django som jaktar på kona si som også er slave, men har blitt seld til den fæle plantasjen Candyland. Det blir ein brutal affære, og filmen har fått ein streng attenårsgrense her i landet. I USA har det vore bruduljer rundt filmen, blant anna fordi karakterane brukar ordet “nigger” omlag annatkvart minutt. Spike Lee nektar å sjå filmen, avdi han ikkje vil vanære sine forfedre, medan andre meinar det er uhøyrt at ein kviting lagar film om dei farga si store tragedie, men heldigvis for Tarantino ser det ut til at det er nok av andre folk som gjerne vil sjå Django gje slaveeigarane ein rikeleg dose av si eiga medisin. Eg også.

Ein heil del av den afro-amerikanske befolkninga synest det et litt pinleg at forfedrane deira var slaver. Kvifor fann dei seg i det? Kvifor gjorde dei ikkje opprør? Årsaka til at dei har slike tankar må nok skuldast på det amerikanske skulevesenet, og kanskje kan media og underhaldningsindustrien få eit spark eller to også. For ikkje å snakke om Onkel Toms hytte, som etablerte nokre stereotyper om afro-amerikanerane som har visst seg vanskelege å bli kvitt. Forestillinga om at slaveriet eigentleg ikkje var så gale, og at slavene sjølv stort sett hadde det ganske fint, har fått leve hos amerikanerane, godt hjulpet av at dei amerikanske slavene faktisk blei fleire i fangenskap, slik at plantasjeeigarane stort sett var sjølvforsynt med slaver sjølv etter at dei ikkje fikk lov til å hente fleire frå Afrika. Men sanninga er at slavene ikkje var dei kvite herrenes lydige slaver i eit kvart henseende. Dei fann seg ikkje i det. Dei saboterte. Dei gjorde opprør. Denne veka var det 202 år sia det største av dei gjekk for seg.

Charles Deslondes var hjernen bak opprøret. Han var født på Haiti, og kanskje var han inspirert av slaveopprøret der, som jo faktisk endte med siger. I USA var han slavedrivar for oberst Manuel Andry, som slavedrivar var han fri nok til at han kunne reise relativt fritt rundt i området. Det gjorde han, og fikk på det viset organisert eit opprør. Medan den kvite overklassa var opptatt med å feire karneval, og hæren for ein stor del var opptatt av å krige med Spania, gjekk dei til åtak seint om kvelden den åttande januar 1811. Manuel Andry blei overraska med ein øks i hovudet på soverommet sitt. Han overlevde, men sonen hans var ikkje like heldig. Dei tok med seg det dei kunne finne av våpen, og ga seg ut på vegen. Der møtte dei fleire folk, slaver og såkalla “maroons”, slaver som hadde flykta ut i sumpen i Louisiana og danna koloniar der. Dei starta å gå mot New Orleans, og på vegen brann dei ned plantasjar, fekk stadig fleir våpen, og stadig fleire folk. Målet var å ta New Orleans og gjere byen til ein republikk for farga. Til slutt var dei over 500 mann. Dei var tydeleg militært trent, delt opp i kompanier med kvar sin offiser, nokon av dei med kamptrening frå Haiti. Uniformar hadde dei også, og Charles Deslondes leia dei frå hesteryggen.

Ein lokal milits prøvde å stoppe dei, og måtte gje opp, men frå Baton Rouge kom den ordentlige hæren med forsterkningar. Morgenen den tiande januar hadde dei opprørarane på flukt. Dagen etter kunne general Wade Hampton erklære at opprøret var slått ned. Leiarane var drept eller tatt til fange. Blant dei Charles Deslondes, som aldri blei stilt for retten. I staden kappa dei henda av ham, skaut ham først i det eine låret, så i det andre, før dei brakk begge beina hans. Så skaut dei ham i overkroppen, og før han hadde rukket å døy pakka dei ham inn i ein bunt med høy og tente på ham. Dei som fekk ein slags rettssak var ikkje mykje heldigare. Atten stykker blei dømt til døden, halshugd, og hovudene deira blei vist frem til andre slaver for å avskrekka dei frå å gjere opprør sjølv. I etterkant sørga styresmaktane for at opprørarane blei fremstilt som ein gjeng med skurkar og bandittar ute av kontroll. Det er først i dei seinare åra det har komet frem at opprørarane var godt organiserte med eit klart politisk mål.

Trudde dei verkeleg at dei kunne klare det? Å innta New Orleans, og gjere byen til ein republikk for frigjorte slaver? Dei må nesten ha trudd det. Dei må i kvart fall ha visst at når dei reiste seg mot slaveeigarane var det ingen veg tilbake. Det var fridom eller døden. Kanskje meinte dei at det var betre å døy i kamp for fridom, enn å leve heile livet som slave? Eg veit ikkje.

Django Unchained er nok meir inspirert av Tarantinos filmsamling enn av virkelege hendelser, men kanskje nokon ein gong kjem på tanken om å lage film av Charles Deslondes og opprøret hans i 1811? Det er ein film eg gjerne vil sjå.

Leave a Reply

%d bloggers like this: