web analytics

Med vennleg helsing asyllobbyen

PHR-IL's Open Clinic for Migrants, Refugees and Asylum Seekers

I 1982 skildra Ole Paus Oslo sentrum som noko midt i mellom eit apesirkus og eit bordell. Svartinger som lukter løk ferdes åpenlyst selv i byens beste strøk, sang han, og slo fast at det var ei påkjenning større enn ein kunne tru å bli tiltala på norsk av ein pakistanar. Ole Paus var sjølvsagt satirisk, men dette kunne godt ha vore ei skildring av korleis Norvald Aasen opplevde Oslo, når han først besøkte byen nokre gonger på 70-talet. I eit intervju med Firda for nokre år sidan, fortalde han at det var under desse turane han først merka seg at det var noko som skurra med alle desse innvandrarane som vandra gatelangs i hovudstaden.

Og sidan den tid har sauebonden frå Kvammen via mykje av livet sitt til nettopp å kjempe i mot desse skurrete innvandrarane. Den kampen har han tapt ganske grundig, men av og til er det nokon som lar lesarbreva hans slippe til på trykk. Tidlegare denne veka var han på plass i herverande avis, med eit lesarbrev der han oppmodar styresmaktene oml ikkje å høyre på “asyllobbyen” når det gjeld dei kring 450 barna som står i fare for å bli sende ut av landet, sjølv om dei er fødde og/eller har vekse opp her. Aasen vil ha oss til å tru at det berre er nokre få villfarne sjeler i SV, KrF og Venstre som vil at borna skal få bli, medan “grasrota” ønskjer at dei skal sendast ut. – No er vel snart tida inne for at vi nordmenn sjølv får lov til å ta avgjerd om vår eiga framtid, spør han. Våre talsmenn er ikkje den populistiske asyllobbyen. Mon det.

Det kjennast i grunnen ut som at vi har hatt ein samanhengande innvandringsdebatt her i landet heilt sidan dei første arbeidsinnvandrarane kom slengande frå Pakistan tidleg på 70-talet. Odd Børretzen ga ut sin Degos Calypso 17 mai i 1974. Likevel vert vi vel knapt noko klokare, og framleis er det umogleg å føre ein skikkeleg debatt om innvandringa til Norge utan at alt vert sausa i hop til ei einaste røre. Flyktningar, asylsøkarar, dei som har opphald på humanitært grunnlag. Arbeidsinnvandrarar, polakkar og party-svenskar, familiegjenforening, papirlause og ureturnerbare. Det er fullt mogleg å vere for ein fri straum av arbeidsinnvandrarar samtidig som ein ønskjer at det skal bli vanskelegare å få opphald på humanitært grunnlag. Og det går an å meine at Norge bør ta i mot fleire flyktningar, samtidig som ein vil ha landet ut av Schengen og dermed få stoppa polakkane på grensa.

I teorien er det i alle fall slik. Men ikkje i den norske innvandringsdebatten. Der er ein anten hardbarka rasist eller naivt medlem av asyllobbyen. Det fins ikkje noko mellomposisjon. Dette kjem også klart fram i lesarbrevet til Aasen, der han sjølv hevdar å snakke for grasrota, altså det store fleirtalet; dei som er ekte nordmenn. Desse som vil ha ein streng innvandringspolitikk, og hive ut også asylbarna, uavhengig av kor lenge dei har vore her og kor godt norsk dei snakkar. Dei som ønskjer å la barna få bli er i følge Aasen ein knøttliten gjeng utan legitimitet i folket. Desse vil opne grensene heilt, og late alle som ønskjer det kome til landet. Fysj for ein gjeng!

Men no er det no ein gong ikkje heilt slik det er, og det vert ikkje meir sant sjølv om Aasen skriv det i avisa. Trass i at vi knapt har snakka om anna enn innvandring dei siste tredve åra, er det framleis slik at dei aller fleste ikkje røystar på dei partia Aasen hevdar representerer grasrota i landet. Du skal få leite lenge om du skal finne dei som ønskjer seg opne grenser. Dei aller fleste vil ha ein asylpolitikk som er streng, men human og rettvis. Ei meiningsmåling utført av TV2 i fjor viste også at halvparten av folket meinte at vi burde gje barn som hadde vore her lenger enn tre år rett til opphald. Berre ein av fire var sikre på at dei burde sendast ut av landet. Dei fleste er altså usamde med Norvald Aasen, noko som kanskje gjer dei til ein del av asyllobbyen, kva veit eg?

Er så eg med i denne lobbyen? Norvald Aasen vil nok meine det, men nei. Eg synes nok at regjeringa si linje kunne ha blitt justert noko i liberal retning, men eg støttar hovudtrekka. Ein nokolunde streng, men human asylpolitikk. Eg har forståing for at ein tidvis må ta innvandringspolitiske omsyn, at det er vanskeleg å sette ein absolutt grense for kva som skal til for å få bli i landet. Men når det gjeld barn synes eg at deira beste må vege tyngst. Somme prøver å framstille foreldra til desse barna som kyniske lykkejegarar, som skyv ungane sine føre seg i ein urettvis kamp for å få bli i landet. Eg er ikkje samd i dette biletet, men sjølv om det så skulle vere rett? Kva er viktigast, å straffe skuldige foreldre, eller å ta vare på uskuldige barn? For meg er svaret enkelt. Ikkje høyr på Norvald Aasen, la asylbarna få bli.

8 Comments

  • raagraaum
    19 January, 2013 - 7:46 pm | Permalink

    To ting:

    1. Det må være fornuftig periodevis å legalisere oppholdet til folk vi veit vi ikke kommer til å kunne sende ut. Om ikke annet så tidsbegrensa, under forutsetning av at folk skikker seg vel.

    2. Det må ikke være sånn at det alltid vurderes som best for et barn å bli værende i Norge. Da måtte barnevernet ta ungene fra nordmenn som velger å oppholde seg i utlandet over lengere tid, helst i god tid før de kommer på sånne tanker.

    I en del av sakene som er framme i media kan det synes som om et barn tar skade av en levestandard som er lavere enn her, og å skifte språk og venner. Unger tåler sånt veldig godt, generelt sett.

    • 21 January, 2013 - 8:21 pm | Permalink

      Joda unger tåler mye. Nå er det også slik at foreldrene har rett og plikt til ta seg av barna sine slik de mener er best. Barnefamilier kan plutselig finne på å flytte fra Trondheim til Tromsø, og det legger ikke norske myndigheter seg borti, selv om det medfører at ungene blir revet opp fra tilværelsen i Trondheim. Men dette gjelder ikke omvendt: Myndighetene kan ikke ut fra logikken “unger tåler veldig mye” etter 8 år plutselig bestemme at barnefamilien ikke får lov til å bo i Tromsø likevel (fordi flyttingen var grunnløs). Nei, de får fint flytte tilbake til Snåsa, Værnes eller Klæbu eller hvor det nå var de kom fra.

  • 19 January, 2013 - 9:04 pm | Permalink

    Unger tåler veldig mye mer enn man har en tendens til å tro. Jeg tenker jo at hvis myndighetene i løpet av en rimelig tid ikke har klart å behandle, avgjøre, og effektuere et vedtak, så får de heller gi opphold til de det gjelder. Det er antagelig mye verre, både for barn og voksne, og bo her i landet i en evig uvisse om hva fremtiden bringer, enn å bli sendt tilbake innen rimelig tid.

  • 20 January, 2013 - 10:03 pm | Permalink

    Som jeg har påpekt et annet sted:
    En tiåring født og oppvokst i Norge kan sendes ut og er uten rettigheter i Norge, dersom foreldrene har blitt værende på sviktende grunnlag. Altså en tiåring som kanskje ikke vet om noe annet enn Norge og som kanskje bare snakker norsk. I USA ville dette barnet automatisk vært statsborger med alle retter, uavhengig av foreldrene.

    Mens f.eks. Hanne Nabintu Herland som er født og oppvokst i Kongo, kom til Norge som voksen og hadde fulle rettigheter.

    Her er det noe som skurrer.

    • 21 January, 2013 - 12:54 am | Permalink

      Send henne tilbake dit hun kom fra!

    • Pelle
      3 February, 2013 - 8:55 pm | Permalink

      Nå vet jeg ikke hvor seriøs den kommentaren til Konrad er, og det er jo fristende for mange å komme med spark til Nabintu Herland, men amerikansk statsborgerrett opererer ikke bare med rett til statsborgerskap etter fødselssted (jus soli), men og muligheten for å bli amerikansk statsborger etter avstamning (jus sanguinis). Så om foreldrene til Herland hadde vært to utvandrede amerikanere, så hadde hun nok vært amerikaner, selv om hun var født i Afrika.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: