web analytics

Et dei rike

Errol Flynn

Til trass for at vi har ei raud-grøn regjering med eit uttala mål om å utjamne økonomiske skilnadar i landet vårt, har talet på milliardærar meir enn dobla seg sidan denne regjeringa kom til makta. Medan dei fattige er omlag like mange som før. Det er det ikkje mange som bryr seg om, for i Noreg snakkar vi stort sett om ein relativ fattigdom, og dessutan er det sikkart deira eigen skuld. Latsabbar og slaskar som dei er. Ein må ut i den store verda for å finne den verkelege fattigdomen. Der er det til gjengjeld ganske mykje av den. Sjølv om talet på ekstremt fattige har gått kraftig ned dei siste åra, er det framleis 1,29 milliardar menneske som fell under det Verdsbanken definerar som ekstrem fattigdom. Desse har mindre enn 1,25 dollar å leve for om dagen.

Vi kan godt glede oss over at dei fattige har blitt litt mindre fattige, og fleire og fleire no ligg mellom 1,25 og 2 dollar om dagen. Men korleis ser det ut i den andre enden av skalaen? Jau, om ein skal tru på den humanitære organisasjonen Oxfam går det aldeles strålande med dei rikaste av oss. Ein fersk rapport frå denne organisasjonen seier oss at dei hundre rikaste menneska i verda i 2012 hadde ei samla inntekt stor nok til å sette ein stoppar for all ekstrem fattigdom i verda. Ikkje berre ein, men fire gongar. Det skulle tatt seg ut!

Dei rike tener pengar som gras, og dei delar ikkje. Verdas rikaste eine prosent har auka inntekta si med 60 % den siste 20 åra. Finanskrisa har berre gjort skilnadane større. Rikingane har sylta ned 32 billionar dollar i ulike skatteparadis. Det er greit nok at dei fornuftige av oss; dei som aldri har kjøpt flaxlodd for dei siste pengane sine og gått på ein smell, seier at ein helst bør ha ei månadsløn eller to i bakhand for uforutsette hendingar, men det 32 billionar vert berre latterleg.

Misunneleg? Visst pokker er eg misunneleg, og ikkje berre det. Eg vil ha ein revolusjon. Eg vil gjere noko med det. Eg vil ete dei rike. Høgresida vil seie at det er bra at folk tener pengar. At når dei rike tener pengar kjem det til nytte for dei som ikkje er rike også. Det er noko i dette, men det gjeld nok helst så lenge pengane vert sett i arbeid. Brukt til å skape noko nytt. Nye arbeidsplassar. Nye oppfinningar. Ny forskning. Hjelp eit medmenneske. Har du ein milliard på bok kan du hjelpe ein heil skokk!

Men eg er naiv. Det er jo ikkje slik det fungerar. Ta Apple, til dømes, som er verdas største selskap. Det har dei blitt fordi dei revolusjonerte telefonen med sin iPhone. Før den føste iPhonen vart sett i produksjon hadde dein ein prototype der skjermen var laga av plastikk. Sjefen, Steve Jobs, syntes ikkje dette var godt nok og forlangte ripefritt glas. Firmaet Cornell hadde funne opp slikt glas på 60-talet, men aldri heilt klart å finne noko å bruke det til. No hadde dei ein gyllen sjanse. Dei kunne levere glas, men utfordringa var å få det kutta opp fort nok. Apple måtte til Kina. Kor elles kan ein stille med tretusen mann og rigge til eit samleband på ein augneblink? Cornell fekk kontrakta på glaset, og ingen i Kina kan lage betre glas enn dei.

Kor ellers kan ein stille med tretusen mann og rigge til eit samlebånd på eit augeblikks varsel? Cornell fekk kontrakta på glaset. Ingen i Kina kan lage betre glass enn dei, men det tek trettifem dager å frakte glaset frå Kentucky til Kina. Det er ikkje godt nok. No har Cornell fabrikkar i Kina for å kunne levere fortare. Og billegare. Apple har no så mykje kontantar i reserve at dei kan fylle hovudbassenget i Havhesten 100 gonger. Alle er nøgde, med unntak av ein og annan arbeidslaus stakkar i USA som gjerne skulle hatt ein av dei jobbane Cornell no har sendt til Kina. Men kven bryr seg vel om den stakkaren? Ikkje eg, berre eg får telefonen min billegast mogleg. Eg kan vel ikkje bry meg om arbeidslause amerikanerar, eller kinesarar som er slavar i alt anna enn namnet. Skulle eg la vere å bruke mobiltelefon? Eg trur ikkje det.

Slik er verda. Næringslivet vil tene penger, det er jobben deira. Ein kan knapt klandre nokon for å ville gjere jobben sin best mogleg. Og dei gjer verkeleg ein strålande jobb. I kvart fall nokon av dei. Sjølv om den ekstreme fattigdomen har blitt mindre, har skilnaden mellom dei fattige og dei rike berre blitt større og større. Det bør vi gjere noko med, men kven skal gjere det? Ikkje eg som forbrukar i kvart fall, og rikingane sjølv kjem ikkje til å gi fra seg noko som helst frivillig. Ikkje hjelp det å innføre ordningar som straffar dei rike lokalt heller, då flyttar dei berre til Kypros. Vi treng ein global avtale. Ei global arbeidsmiljølov. Ein global skattepolitikk som gjer at vi blir kvitt skatteparadisa. Ein global politikk for økonomisk utjamning.

Men det kjem vi aldri til å få. Eg går derfor for plan B.  Mesterkokken Robin Hood. Om nokon kan få dei rike til å smake godt må det vere han. Omnomnom. Velbekomme.

Leave a Reply

%d bloggers like this: