web analytics

Melodi Pommes Frites

Lørdagens spalte i Firdaposten, nå også på bloggen. Er det fortsatt noen som husker at det var delfinale i MGP i Florø for en drøy uke siden?

Pommes Frites

So er det endeleg over. Melodi Grand Prix-sirkuset har pakka saman alt sitt pikk og pakk, og drege frå kystbyen for godt. Dei kjem aldri tilbake, og godt er det. Eg trur sjølv dei største entusiastane kan vere med på at tre år var akkurat passe, og at fire år ville ha vore alt for mykje av det gode. Som dei fleste vel er kjent med er ikkje eg blant dei største entusiastane, eg ville vel ha sagt det litt krassare enn som so. Men gjort er gjort, og spist er spist, som en viss lur rev ein gong uttalte. Lat oss no la alt surpomperiet ligge ein liten stund. Lat oss gløyme at båe fylke og kommune, som ellers er mest opptatt av å kutte kostnadar, betalte hundretusener av kroner for eit par minuttar fjord og fjell på TV i beste sendetid. Kven er vel eg til å felle nokon dom over at andre sparar på skillingen og let dalaren gå? Lat oss gløyme kor pinleg det er med alle ordførarane med nypussa bling, sitjande på første benk og sole seg i glansen. Meir smørblide andlete har ein ikkje sett sidan gamle-rådmannen blei krona til negerkonge i Malawi. Ja lat oss gløyme det der fortast mogleg. Nå! vekk med det. Har ikkje sett dei, det var berre ein draum!

Eg får flashback til OL på Lillehammer. Den forferdelege patriotismen, blanda med ein god dose god gammaldags husmannsånd. Den ganske usympatiske blandinga av stolthet over alt vi klarar å få til her i det vakre flotte landet vårt, samtidig som vi står med lua i handa og plirande augo og berre døyr etter å høyre nokon seie kor flinke vi er. Høyrde dere det, Samaranch sa at Lillehammer var “The Best Games Ever”!  Og det sa han jo, akkurat som alle artistane skrøyt av publikum sist laurdag, det er berre det at Samaranch sa det der med dei beste leikane nokonsinne so mange gonger at det ikkje lenger hadde nokon verdi. Han sa det nesten kvar einaste gong! Akkurat som alle artistane sist laurdag hadde vore akkurat like imponert om dei hadde opptrådt i Larvik, i Bodø, eller, måtte gudane forby, i Førde.

Florø er ein fin by, det er fint med litt entusiasme og hurra meg rundt, men det er ingen grunn til å oppføre seg som bikkjer med labben i veret siklande etter ein godbit berre fordi vi er på TV i fem minutt. Og patriotisme kan bikke over og bli ubehageleg. Som når nokon skreiv i ein av disse “du veit du er frå…” gruppene som eg følgjer på Facebook at når du tok deg godt av deg og dine, da er du frå den lille bygda som eg vaks opp i. Som om det var noko heilt spesielt som ein berre dreiv med der. Eg måtte gøyme hovudet i hendane ein liten stund der.

Men gjort er gjort, helt er hylt, og no gjeld det å se fremover. Sjølvsagt har Melodi Grand Prix hatt ein heil del positive ringverknadar for Florø-samfunnet. Dugnad bygger samhald. Kompetanse har blitt bygget. Penger har blitt brukt. Bengt og Sander Ødelien med fleire gikk i vatnet. MGP Lokal har vore flotte greier. Storhallen har blitt rusta opp. Når historia om Flora i nyare tid skal skrivast vil dei tre åra med Melodi Grand Prix få eit par linjer, og stort sett bli hugsa som ein happening som var positiv for byen vår. At resten av verda ikkje bryr seg det minste forandrar ikkje noko på det.

Eg sendte eit spørsmål ut i Twitter-natta. Kva har vi lært av tre år med Melodi Grand Prix i Florø? Vel, det var visst ikkje så mykje. Vi har ikkje lært nokon nye sangar, i kvart fall kan ikkje eg nynne så mykje som ein strofe av nokon av bidraga. Sjølv ikkje av Tooji sin, enda den vant den norske finalen. Nokon meinte vi hadde lært korleis vi skulle gå i minus kvar gong. Andre meinte vi hadde lært at folket trenger brød og sirkus. Da passa det bra at byen endeleg fekk sitt eiga bakeri, samtidig som den tredje delfinalen gjekk av stabelen. Kunne det vere ein samanheng? I så fall var det verdt all den fæle musikken. Ein klok sjel meinte at det var med Melodi Grand Prix som med fotball og kongelege. Sjølv om ein ikkje var interessert i faenskapet var det umogleg å ikkje få det med seg. Berre ein slapp å bruke tid og pengar på det var det ikkje så farleg. Melodi Grand Prix er omtrent som fast food. Som burger med pommes frites. Sjelden nokon kulinarisk nytelse, men det fyller eit hol der og då.

Men no er gatekjøkenet stengt. No får andre levere dei tomme kaloriene og den feite maten. Spørsmålet er kva vi skal finne på her i Florø nå. Korleis kan vi toppe Melodi Grand Prix?

Eg foreslår at vi søker om å få arrangere dei olympiske leikane. Eg kjenner meg viss på at det ville ha blitt dei beste leikane nokonsinne.

Leave a Reply

%d bloggers like this: