web analytics

Å ringe etter pizza

Pizza delivery.... today?

Kvart år blir omlag 1000 tilfelle av valdtekt melde til politiet. Og talet er på veg oppover. Vi veit også at dei aller fleste som blir valdtekne ikkje melder dette til politiet. Regjeringas valdtektsutval vurderte i 2008 at mellom 8000 og 16000 personar blir utsette for valdtekt eller valdtektsforsøk kvart år. Det er ein god del. Det er når ein tenker på slike ting at ein kan prise seg lukkeleg for å bu her i Florø. I vår kommune er det nemleg ikkje så mange valdtekter å snakke om. Kanskje ikkje meir enn to til tre stykker i året, om ein skal tru på Arlene Vågene frå Høgre, slik ho blei referert her i avisa på torsdag. Ho meinte at det var for gale at Flora skal bruke heile 260 000 kroner på eit overgrepssenter i Førde, når det trass alt nesten ikkje er nokon i Flora som kjem til å bruke den luksusen. Vi kan gjere det billegare sjølv, om vi berre får fastlegane til å bidra litt. Og dessuten kan det skade Krisesenteret. Det kan vi sjølvsagt ikkje ha noko av!

Ja, vi snakka om dette forrige laurdag også, men siden det verkar som om ingen i HSU leste det må vi dessverre ta ein runde til i dag. Eg ber om orsak for det, eg veit at alle helst ser at eg held meg til tant og fjas, ispedd stygge ord når det minst måtte passe seg i den her spalta. Eg hadde faktisk tenkt til å bruke plassen på tull og tøys denne laurdagen også, noko om at det no gjeld å få fiska havet tomt for fisk slik at vi kan bremse takten havet stig med. Ja, vi er jo allereie godt i gang med det. Visste de at på eit eller anna tidspunkt dei seinare åra kom vi til eit punkt der det faktisk var fleire båtar enn det var fisk i havet? Ikkje i tal, men i vekt? Eg tenkte meg det. Men så las eg altså i avisa at det hadde vore møte i HSU, der dei framleis er skeptiske til nytt overgrepssenter, og da blei eg så eitrande forbanna at eg måtte la fisken segle sin eigen sjø inntil vidare.

Valdtekt altså. Det er noko svineri. Alle er samde i det. Det fins handlingsplanar og utval både her og både der, men tek vi det på alvor? Eg er fankern ikkje sikker. Som vi alle veit, ein handlingsplan er ikkje ei handling. Det er ein plan om handling. Litt som å skrive ei handleliste, men så ikkje gidde å gå i butikken allikevel, men heller ringe etter pizza. Ein stoggar svolten der og då, men når ein står opp neste morgon er det tomt for brød, melk og ost på kjøkkenet. Då må ein handle allikvel, men då er det for seint, for då står familien der og kjeftar og smell fordi blodsukkeret er i ulage, og det er di skuld. Dei roar seg ned om dei får pengar til skulebollar, men du rekk ikkje handle noko meir fordii du må skunde deg på jobb, og når du kjem heim på kvelden er det like tomt i kjøleskapet, og du rekk ikkje handle no heller. Du har trass alt ei spalte å skrive. Det seier seg sjølv at ein får ikkje løyst problemet med valdtekt på det her viset.

Av det mindretalet valdtekter som blir anmeldt til politiet, er det eit ørlite mindretal der saka til slutt endar med dom. Sjansen for å bli straffa for å valdta nokon er faktisk minimal. Kvifor er det slik? Riksadvokat Tor Aksel Busch sette ned eit utval som skulle finne ut av akkurat det. Dei fann ut at det ofte var store manglar i etterforskninga, utilstrekkelig avhøyr av mistenkte, manglande åstedsgransking og høgst varierande kvalitet på rettsmedisinsk undersøkelse av offeret. Regjeringas valdtektsutval framheva på si side at eit velfungerande overgrepsmottak kan vere heilt avgjerande for om ein får oppklart ein valdtektssak. Dei peika også på fleire utfordringar for overgrepsmottaka, mellom anna i forhold til at ein treng ein kontinuerleg kompetanseheving innan klinisk rettsmedisin, traumehandtering, og samarbeidskompetanse. Ikkje eit vondt ord om fastlegane her i kommunen, i kvart fall ikkje i dag, men trur vi verkeleg at dei er i stand til å stable på beina eit tilbod som gjev oss den kompetansehevinga regjeringas handlingsplan meiner må til for å betre tilbodet til dei som blir utsette for valdtekt? Når dei berre får to til tre tilfelle i året å bryne seg på? Sjølv vil eg nok svare eit klart nei på det spørsmålet. Flora kommune er rett og slett for liten til å drifte eit tilstrekkeleg godt tilbod aleine.

HSU landa altså på eit vedtak der dei skal innhente ei vurdering frå fastlegane om det er mogleg at den første akuttbehandlinga kan gjerast i Florø, eventuelt i samarbeid med krisesenteret. Eg meiner det er å selge dei ovegrepsutsatte på billegsal. Det er ikkje å ta valdtekne på alvor. Det er å ringe etter pizza. Det er sjølvsagt ei urettvis samanlikning; ulike utval og ulike budsjett, men politikarane våre gjev altså gladeleg 400 000 til MGP-fest, men kvir seg for å bruke 260 000 kroner for å gje betre rettstryggleik til overgrepsutsette. Det gjev i kvart fall meg ein vond smak i munnen.

%d bloggers like this: