web analytics

Brev frå gamle dagar

Her er helgas spalte i Firdaposten. For dem som ikke er lokalkjent kan jeg opplyse om at bakgrunnen her er at den store saken i lokalpolitikken i disse dager er utvidelse av oljebasen som ligger rett utenfor byen i dag. De trenger mer plass, og det er debatt om hvorvidt den skal gå østover eller vestover. Her er det full pakke med sterke meninger, leserbrev, dyre annonser i avisa, og aksjonsgrupper for alle mulige alternativ. Denne teksten er jo da en slags reaksjon på dette.

florø

 

Eg veit ikkje om fleirtalet av Firdapostens lesarar veit kor eg bur, eg håper ikkje det, men for dei som ikkje har full kontroll kan eg seie så mykje som at eg bur i eit eldgamalt hus midt i sentrum. Jau, det er sant, denne forbanna austlendingen bur faktisk midt i florøsjela. Berre innrøm det, det svir litt, gjer det ikkje? Når eg og sambuaren flytta tilbake til byen var ikkje huset stort meir enn ei gamal rønne, men vi har nå pussa opp litt. Det var under riving av gamal panel for nokre år sida at eg fann det. Ei gamal gulna konvolutt, og inni konvolutten eit brev. Brevet er datert til 1858, avsender var ein kar ved namn Lyder Bertrand Helmers Kringle, og mottagar var stortingsmann Sølfest Hansen Urdahl. Lyder Bertrand har fått nyss i at regjeringa hadde satt ned ei kommisjon som skulle se på moglegheita for å lage ein ny by i ytre Sunnfjord. Han såg ikkje med blide auge på den tanken. Brevet var skrevet for hånd, med ein snirklete skjønskrift som ikkje alltid var like lett å lese. Det kan sjølvsagt vere at eg har misforstått noko her og der, men hovudtrekka trur eg nok eg har fått sånn nokonlunde på plass. Her er det som sto i brevet.

Høgst ærede stortingsmann Sølfest Hansen Urdahl

Det har kommet meg for øre at dei som sit med styre og stell der nede i Kristiania har satt ned eit supperåd for å sjå om det er mogleg å stifte ein heilt ny by i ytre Sunnfjord. Ja, det seiast til og med at nokon meinar at denne nye byen kanskje bør ligge her på vakre Florøyna. Det vil eg berre ha sagt herr Hansen Urdahl. Det skal dei bli blå for. Vi vil ikkje ha nokon by her. Ikkje på Florøyna, og ikkje treng vi nokon by i ytre Sunnfjord heller. Ja, ikkje nokon plass i Nordre Bergenhus Amt treng vi noko slikt. Ein by! Kva gjer du meg?!? Eg har vore i Bergen to gonger, og om eg aldri kjem dit att så er det alikevel for tidleg. Det er berre bråk, fattigdom og umoral. Skal vi verkeleg ofre vår idylliske natur og fredelige form for liv her på Florøyna, i bytte for den slags? For ein by? Med lyd og lys til alle tider? Og kvifor? For kortsiktig profitt? Det skal eg verkeleg ha meg frabedt, og eg trur eg snakkar på vegne av vanvittig mange. Ja, i kvart fall vanvittig mange av dei få som bur her då.

Ja, du får orsaka at eg let følelsene løp av med meg, godeste herr Hansen Urdahl, men eg blir berre så opprørt langt inn i sjela av tanken på at ting ikkje skal få vere slik dei var når eg vaks opp. På denne skjønneste av alle plassar. Denne lille perla på vår jord. Eg håpar verkeleg at du brukar alle dei kontaktar, og dei moglegheitar du har der nede i Kristiania til å kjempe i mot desse vanvittige planane. Vi må ikkje vere så galne at vi øydelegg for oss sjøl med å plassere ein by her ute i Guds frie natur. Kven veit kordan det skal gå. Det eine kjem til å taka det andre. Plutseleg finner nokon på at det hadde vore smart med ei bru over til Brandsøya, og så har vi det gåande. Folk kjem til å kome rekande hit i frå alle slags merkelege plassar. Og kva med dei fordømrade bondetampane inne i Førde. Ser dei at det blir by her ute ved kysten kan du banne på at det ikkje går mykje meir enn 130 år før dei også finn ut at dei skal laga seg ein by. Då har vi to byar i Nordre Bergenhus, og alt har gått til helsike. Eg ber deg på mine knær herr Hansen Urdahl. Få satt ein stoppar for denne galskapen.

Eg har freista å dra i gang ein aksjonsgruppe her ute, men sjølv om dei fleste er einige med meg i at det er mykje styggedom i Bergen og andre byar, visar det seg at dei er vanskelege å få ut av godstolen. Eg er redd veldig mange av dei kjem til å bli overraska over kor negativt det vil bli for dei når desse folka frå Kristiania kjem rekande over fjellet med byen sin, men då er det for seint. Då er det for seint å klage. Eg ber deg Hansen Urdahl. Lytt til fornufta. Lat oss få beholde idyllen, freden og nattesøvnen her på Florøyna. Sei ja til naturen, utsikta, og moglegheiten til å høyre seg sjølv tenke. Sei nei til by!

Deres ærbødige

Lyder Bertrand Helmers Kringle

PS: Eg veit nok at Johannes Berent Fischer, den sleipe ålen, har vore i kontakt med deg for å få deg til å jobbe for at byen skal ligge her på Florøyna. Men ikkje høyr på han. Han har økonomiske interesser i at byen skal ligge akkurat her, han trur han skal bli rik og slå seg opp i sosieteten berre han får byen hit. Ta deg i akt, vi treng ikkje nokon by, og i kvart fall ikkje nokon sosietet. Kva nå enn det er for noko. DS.

Eg veit ikkje korleis dette brevet har hamna bak panelet i vårt gamle hus. Ikkje veit eg kven han Lyder Bertrand er, eller korleis det gjekk med ham heller. Men by blei det i kvart fall til slutt. Heldigvis.

Leave a Reply

%d bloggers like this: