web analytics

Frå eit netthovud til eit annet

Noen ganger baller det på seg. Som denne uka. Deadline på to spalter aller senest fredag formiddag, kombinert med boklansering av bloggeboka til Mullah Bjørkelo i Bergen på torsdag. Og siden jeg er av den typen som bare jobber når jeg absolutt må, så hadde jeg ikke skrevet et jævla ord før onsdag kveld. Jeg kan selvfølgelig bare skylde på meg selv. Resultatet var i hvert fall at jeg satt oppe til halv fem natt til torsdag for å få ferdig spalten til Journalisten. Sov tre timer, brakk ungene opp av sengen og fikk dem på skolen og i barnehagen, ned i butikken for å låse opp for vikaren min, og så ble det å hive seg på et fly til Bergen. Boklanseringen gikk fint tror jeg. Jeg satt i panelet sammen med Mullahen selv, Kristine Tofte, og selveste kaffebønna fra Os. Den unge herr Holm var ordstyrer. Jeg havnet i dødens posisjon, i den forstand at jeg havnet ved siden av Tofte, og dermed som regel måtte snakke etter henne. Hvilket betydde at hun allerede hadde sagt alt det smarte, smartere enn jeg kunne gjort, så jeg fant ut at min rolle måtte bli å levere teite kommentarer i stedet. Ja, det funka vel på et vis det også. Tror jeg. Men siden jeg fortsatt hadde en spalte til å skrive forlot jeg boklanseringen ganske tidlig, vendte tilbake til hotellet for å jobbe. Der sovnet jeg som en stein før jeg hadde rukket å få PC’en opp av veska.

Hvilket betyr at denne spalten i sin helhet er harvet ned på mobiltelefonen på hurtigbåten fra Bergen til Florø. Alt tatt i betraktning har det vært en fin uke. Over til spalten:

2nd Anoniversary

Ole Johannes Øvretveit skreiv eit stykke i Førde-Firda denne veka der han klaga på den nye verda. Internett har innteke stoga hans, og ingenting vil nokon gong verte det same igjen. Kan vi ikkje slå av internett, ber han, berre for ei helg. Lat oss slå av internett og heller leike cowboy og indianer. Slå ball. Hoppe paradis og kaste på stikka. Ungane kjem til å hugse det heile livet!

Jau, han har i kvart fall rett i det siste der. Ungane kjem aldri til å gløyme den dagen dei voksne klikka i vinkel og plutseleg blei heilt amish. Den dagen vi freista å leve livet som om det var ein song av Margrethe Munthe. Den dagen vi berre fekk lov til å sjå barne tv om vi såg det i svart-hvitt. Det kjem til å bli legendarisk. Og slå ball? Det må da finnes en App for det?

Eg er eit netthovud. Om eg ikkje er i koma, so er eg online. Eg har vore på nett i femten år, og det blir berre verre og verre. Det er klart det har endra livet mitt, men eg må verkeleg leite lenge før eg kan finne endringar som har vore til det negative. Det aller meste er berre positivt. Eg hadde ikkje budd i Florø om det ikkje var for internett. Eg hadde ikkje hatt nokon spalte i nokon lokalavis. Eg hadde gått glipp av ein haug med venner, eg hadde ikkje hatt nokon studiepoeng, og eg hadde vore langt mindre politisk bevisst. Internett har gjort meg smartare, heitare, og modigare. Eg elskar internett.

Vi høyrer ofte den same leksa frå folk som ikkje heilt har fått tak på det her med å være sosial på nett. Dei freistar gjerne å latterliggjere, eller stakkarsliggjere, folk som kommuniserar på nett. Folk skal ein snakke med auge til auge, meiner dei. Alt anna er berre tull. Kanskje til og med noko mindreverdig. Sjølvsagt har dei noko rett i at sosial interaksjon ikkje kan erstatte det å møte nokon i det so kalla verkelege livet. Ikkje fullt ut. Det er eit supplement. Klart det, men har ein ikkje nokon ein kan snakke med andlet til andlet kan internett vere eit ganske godt substitutt. I ein tid der einsamda blir kalla for den nye folkesykdommen er det dumt å avfeie internett som eit bidrag til å motvirke akkurat det.

Nokon meiner at det er Facebook og Twitter som gjer oss einsamme. Hundreogfemti følgjer meg på Twitter, men eg har ingen å drikke kaffe med kan dei seie. Jau då. Om ein kjenner seg litt rufsete i kantane ein dag har ein nok betre utbytte av å gå ein tur på Brandsøyåsen, enn av å klikke seg rundt på Facebook for å sjå kva dei du har på vennelista driv med. Men internett er ikkje noko annleis enn det verkelege livet. Ein må delta. Ta initiativ. Ikkje berre sitje der i kroken og sture. Hiv deg inn i ein diskusjon med nokon. Sei noko. Bli med. Det er ingen som gjer det for deg. Slenger du ut ei melding om at du har lyst til å ta ein kaffe med nokon, trur eg det er ein god sjanse for at nokon tar deg på ordet.

Eg er ein godt vaksen mann. Eg kan også hugse korleis det var før internettet kom og tok oss. Sjølv om eg er ein flittig nettbrukar, er eg ikkje ein digitalt innfødt. Eg har ikkje vakse opp med nettet. Barna mine har det. Toåringen er allereie ein dreven brukar av det ho kallar for jutuben. Korleis skal dette gå? Frykta er jo at dei unge skal bruke så mykje tid på internett at dei ikkje får tid til noko anna. At dei stryk på skulen, blir feite og late, og aldri får seg kjæreste. Blir buande heime til dei er 35 år, og gjer livet vårt miserabelt. Det er skrekken. Og alt på grunn av det helsikes internettet. Heldigvis er det liten grunn til uro. Ungdommen brukar internettet annleis enn oss gamlingar. Dei let det ikkje kome i vegen for aktivitet og engasjement. Sanninga er at dei ungdommane som er mest aktive i kvardagen, anten det no gjeld idrett, frivillig arbeid eller politisk engasjement, også er dei som er mest aktive på sosiale medier. Det er oss gamlingar som let internett bli ein tidstyv. Ikkje ungdommen. Dei er smartare enn oss. Heldigvis.

Der eg kjem frå kalte vi det å kaste på stikka for å “pekke”. Nyleg blei det faktisk arrangert eit mesterskap i nettopp pekking i Skien. Eg las det på internett. Oppmøtet såg ut til å ha vore bra, om enn med ein noko høg snittalder. Eg trur til og med dei klarte å gjennomføre det utan å ta ned internettet i grenlandsregionen. Ein må nemleg ta ansvaret sjølv. Det skjer ikkje noko om ein ikkje sjølv dreg seg opp frå godstolen. Men ser eg ein mann som treng hjelp, så går eg ikkje berre forbi. Eg utfordrar herved Ole Johannes Øvretveit til duell i pekking, eller i å kaste på stikka da, om det er det det heiter her vest. Men berre om eg får ha med mobilen, knipse bilder underveis, og legge nokon av dei på Facebook. Pics or it didn’t happen, som vi netthovud pleier å seie. Er det ikkje på nett, så har det ikkje skjedd.

Leave a Reply

%d bloggers like this: