web analytics

Elegi for videosjappa

235

Verda er i endring. Eg kjenner det i vatna, eg kjenner det i jorda, og eg kjenner teven i veret. Mykje av det som har vore, er burte, for ingen av dei som andar no, kjem det i hug.

Slik lyder det heilt i starten av den første av Ringenes Herre-filmane. Det er alvedronninga Galadriel som kjenner at alt endrar seg. At om litt vil alt være annleis. Sjølv alvane, med sine evige liv, må ein gong reise vestover, over havet og bli borte. Slik alt anna ein eller annan gong skal visne hen og døy. I røynda, eller nærare sagt i boka då, er det den eldgamle enten Treskjegg som seier desse orda, eller i kvart fall nokon ord som lignar, og han seier det heilt på slutten av boka. I den delen som heiter Kongens atterkome. Sist eg leigde ein film i fysisk format på ein videosjappe, var det nettopp denne filmen eg leigde. Siste del av Ringenes Herre-trilogien. The Return of the King. Det er snart ti år sida, og alt er annleis no. Film i fysisk format er på veg ut. No er det streaming som gjeld. Netflix og HBO. Og videosjappene døyr. Kultureliten i byen gråt sine tapre tårer når bokhandelen i Strandgata annonserte flytting til Amfi. Dei har ikkje den same omsorgen for videosjappa. Scene 1, eller Video Vest på folkemunne, får legge ned utan at nokon maner til kamp på barrikadane. Det er like greit, tida for videoutleige er forbi, det er ikkje noko vits i å kjempe i mot. Men langt inne i meg sit det ein langhåra tenåring og feller ein liten tåre for ein epoke som er over.

Far min kjøpte videospiller ein gong i 1981. Eit svært beist av typen Hitachi, eg hugsar at den kosta 10 400 kroner. Den første filmen vi så var ein western eg ikkje hugsar namnet på, men eg hugsar godt at ein mann fikk tredd ein sekk over hovudet, og inne i den sekken var det ein hissig slange. Han kom ikkje godt ut av det. Seinare såg vi ein italiensk krimthriller som het The Cynic, The Rat and The Fist. Den var fantastisk, eg trur vi såg den tre gonger på ein helg. Etter det var det ikkje nokon veg tilbake. Videosjappa blei vårt vindu mot verda. Clint Eastwood. Bruce Lee. Pam Grier. Motorsagmassakren. Foxy Brown. Beach Party. Action. Slasher. Horror og amerikanske sex-komedier. Blaxploitation, spaghetti western, macaroni combat og giallo. Blod, gørr, pupper og billege gys. Alt saman levert av vår guide inn i denne fantastiske verda. Bentronic. Skiens einaste ordentlege videopusher.

Videosjappa var ein skikkeleg familiebedrift. Far sjøl var dansk. Opprinneleg var han vel trailersjåfør, og hadde kjøpt dei fleste filmane han leigde ut på turar nedover i europa. Kona hadde høgt, rødt hår og tronge bukser. Sonen var eit par år eldre enn meg og jobba der han også. Han boksa, og hadde vedda 50 000 kroner med far sin om at han skulle vinne norgesmesterskapet i si vektklasse. Han hadde filma nokon av kampane sine, og viste dem frem i butikken. I slow motion. Sjå der, der treff eg ham klokkereint. Sjå der, der lettar han frå bakken. Sjå der ligg han. Lett match. Tre veker før mesterskapet brakk han armen, og det var det veddemålet. Men på videosjappa var han fortsatt kongen. Eg fekk lov til å jobbe der i arbeidsveka i åttande klasse, og det var den beste veka nokonsinne. I niende fekk eg lov til å jobbe der ein gong i veka, i staden for å vere på skulen. Eg fann ut at bak dei tilforlatelege sportstitlane på bakrommet var det pornofilmar. Eg lærte at når han mystiske fyren med den svære amerikanaren svingte opp utanfor sjappa og tuta, måtte mor eller far finne frem eit par slike “sportsfilmar” og springe ut til ham med dei. Han gjekk aldri ut av bilen. Det var ein merkeleg, men vidunderleg verden. Når det ikkje var kundar i butikken spela vi Pac-Man. Eg elska kvart augeblink.

På TV diskuterte dei videovold. Moralistane vart skremt, slik dei alltid blir, og det gjekk ikkje så lenge før videosjappa blei meir strigla. Kjedelegare kanskje, men fortsatt med fleire gode år foran seg. Frå 1981 og nesten heilt fram til i dag har den vore den viktigaste kulturinstitusjonen for ungdom over heile landet. Mykje viktigare enn bibliotek og bokhandel. Videosjappa blei møteplass og senter i tilværelsen. Vi storma ut frå skulen på fredagen for å finne ukas nye filmer på videosjappa. Vi lærde meir av ein fem timars videokveld enn vi nokon gong lærde på skulen. To filmar, ein moviebox og laurdagen var redda. Datefilm med kjæresten. Actionfilm med kompisane. Kva skal vi leige? – Dere, dere, vi leiger den her då! – Er du dust eller! – Denne då? – Nei den har eg sett, den var dårleg. Smågodt og cola. Leikeslossing etter at actionfilmen er ferdig. Jenta som kryp inntil deg når grøssaren blei for skummel. Klining på sofaen når den romantiske komedien blei for kjedeleg.

Men nå er det over. Florø står snart utan ein eiga butikk for videoutleige. Verda er i endring. Eg kjenner det i musearmen. Mykje av det som er, skal bli burte. Det kjem aldri attende. Men vi gløymer det aldrig.

Leave a Reply

%d bloggers like this: