web analytics

Mi fordømte plikt?

Brothers

Det tek ein landsby til å oppdra eit barn seiest det. Visstnok eit ordtak som opprinneleg kjem frå Afrika, men som har sneket seg inn i den vestlege talen dei siste tiåra. Ein som har omfamna den måten å sjå barneoppdragelse på ser ut til å vere kjendislæraren Håvard Tjora. I Dagbladet denne veka skreiv han om ein stor gråsone av barn som ikkje har det spesielt bra. Dei blir kanskje ikke mobba, dei blir kanskje ikke utstøtt, dei blir berre ikkje inkludert. Monge barn blir aldri bede heim til nokon etter skulen, skriv han, og meinar at som forelder er det MI fordømte plikt å gjere noko med dette.

Eg må tilstå at eg ikkje likar ordet plikt. Særleg blir eg sur når andre skal instruere meg i kva som er mi plikt. Føkk ju tenkjer eg då. Eg blir litt som sonen min. Han hatar regler, og skal gjerne stille spørsmål ved absolutt alt. For nokre år sida var vi i Havhesten, og da utspela denne samtalen seg:

– Etterpå, når vi er ferdige å bade, da skal vi kjøpe is!

– Ja, det er jo regelen det.

– Kvifor det da?

– Nei, det har nå berre blitt ein regel det. Når vi er ferdige i Havhesten, då må vi kjøpe oss ein is. Sånn er det berre, slik er regelen.

– Då vil eg ikkje ha.

Stabeistet er glad i is, men om det skal vere ein regel så kan det vere det same med heile greia. Eg kjenner det litt på same måten når Tjora seier det er MI plikt å gjere noko med at det finnes barn som ikkje blir bede heim til nokon etter skulen. Eg hjelper gjerne til eg, om situasjonen tilsier det, men hvis nokon seier at eg MÅ stille opp blir eg sur og gidder ikkje gjere noko som helst. Eg er dessuten langt frå sikker på om eg er einig i at det er mi plikt å sørge for at alle skal med.

Ikkje bli vaksen, har eg ofte lyst til å seie til barna mine. Ikkje gjer det. Det er ein felle. Dei berre lurar deg. Ikkje høyr på dei. Det er berre slit og strev kvar dag, heile veka. År ut og år inn. Ikkje noko å trakte etter. Du treng ikkje lære deg algebra. Gjer som Peter Pan. Stikk av til Aldrialdriland og lek med dei borkomne gutane. Finn deg ein Wendy som kan fortelja eventyr. Pass deg for havfruane, og gjer ellers akkurat som du vil, men kva enn du gjer, bli aldri vaksen! Dei trur kanskje det skal bli så fint, dei kan spele TV-spel heile natta, spise is til alle måltid, og seie “I helvete” utan at nokon går av skaftet. Men når det kjem til stykket er det jo ikkje det ein gjer som vaksen. Slettes ikkje. Det skulle tatt seg ut. Nei, det å bli vaksen er ikkje så mykje å glede seg til, men ein fordel er det jo. Vi vaksne slepp i stor grad å henge saman med folk vi ikkje har lyst til å henge saman med. Det er ikkje lett å vere liten, og ikkje ha så mykje ein skulle ha sagt. Prisgitt nykkene til foreldra og andre ustabile vaksne som ein er så uheldig å hamne i nærleiken av. På eit eller anna tidspunkt startar ein sannsynlegvis i barnehagen, og hamnar i gruppe med ein heil haug med merkelege ungar som alle saman er på forskjellig stad i utviklinga. Nokon skrik, nokon biter, nokon hoppar opp og ned, mens andre berre løper rundt og rundt heile dagen. Desse folka skal man prøve å fungere saman med på dagleg basis. Det blir ikkje noko betre når man startar på skulen, for sjølv om ein har utvikla seg noko, er ein fortsatt på forskjellig stad i utviklinga. Nokon er sjenerte og seier ikkje eit pip, andre held aldri kjeft. Nokon kjeftar og klyp. Andre sparkar og spyttar. Nokon kan alle bokstavane og trur dei er verdsmeistarar, andre veit ikkje forskjell på bokstavar og tal og skjønar ikkje skilnaden på pultost og pult ost. Og det er lærarane. Elevane er enda verre.

Store deler av barndommen går med til å lære seg å fungere saman med folk ein ikkje har nokon ting til felles med. Det er sikkert nyttig, men det er eit forbanna slit. Ein er på skulen halv ni, og blir gjerne henta på SFO rundt klokka fire. Det er ein ganske lang dag for eit lite menneskje. So er det heim å gjere lekser. Etter at vi vaksne, samfunnet, har tvinga borna til å delta i prosjektet “bli ein produktiv bidragsytar til velferdsstaten vår” størstedelen av dagen, synest eg dei har krav på litt fritid. Etter skuletid må ein i stor grad få avgjere sjølv hvem ein vil invitere med seg heim.

Eg seier ikkje at ein IKKJE skal gjere noko med det, om ein veit om nokon som er på utsida. For all del. Men mi plikt som forelder er fyrst og fremst å oppdra borna mine til dugandes menneskje. Dei skal ikkje mobbe, ikkje fryse ut. Eg håpar dei vaks opp til å bli slike som både inkluderar og er inkludert. Men eg kan i svært liten grad styre kven dei utviklar nære vennskap med. Kven dei synest det er kjekt å ha med heim etter skulen. Kven dei vil dele lekane sine med. Og akkurat det må dei nesten få avgjere sjølv. Det får vere grenser for tvungen sosialisering meiner eg må vere regelen.

Men kall det for guds skyld noko anna, ellers har vi det gåande!

Leave a Reply

%d bloggers like this: