web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Med lov skal landet byggjast

the principles of the divine

Her forleden freista eg å lese meg til botn i eit dokument med det  velklingande namnet Prop.144 L. Det gjekk ikkje så bra. Eg fresa  allereie før eg var kome skikkeleg i gong, og gav opp heile prosjektet  føyr eg var komen halvvegs til mål. Dokumentet er betre kjent under  namnet Bokloven, det er regjeringas proposisjon til Stortinget, altså  eit forslag til lovvedtak. Det kjem truleg til å bli segle lett gjennom  Stortinget føyr somaren, men om lova rekk å bli tatt i bruk før ho blir  fjerna igjen av ein ny borgarleg regjering til hausten står attende å  sjå. Sidan eg les bøker, og har vore butikksjef i ein bokhandel ein gong er eg litt interessert i temaet, eg tenkte eg skulle gje lova ein  sjanse. Som allereie nemnt gjekk det i vasken, slik planane mine ofte  gjer, og denne spalta kjem difor ikkje til å handle om boklova i det  heile tatt. Sånn eigentleg.

Det som fekk meg til å frese heilt i starten av Prop.144 L var dette. Som  eit viktig element for å oppnå dei kulturpolitiske målsettingane om  mangfold og bredde i bokhandelsortimentet vil departementet lovfeste ein obligatorisk skaffe og leveringsplikt. Det skal altså skrivast ned i  lov at ein bokhandel har plikt til å skaffe ein bok frå forlaget på ein  konkret bestilling frå ein kunde. Forlaget på si side har ein plikt til å levere bøker til bokhandelen så sant dei har dei på lager. Ja, eg  kjenner at eg blir eitrande forbanna igjen no, medan eg skriv dette. Er  det verkeleg eit stort problem at bokhandelen ikkje vil skaffe bøker til kundane sine? Eller at forlaga ikkje vil sende dei bøker? Skal dei  lovfeste god service no? Kva er det dei driv med der nede i  departementet? Hei Hadia! Du er ikkje på Nytt på nytt no! Det blir ikkje noko bredare sortiment i bokhandelen om bøkene ligg på eit lager i  Akershus! Skjerp dykk!

Ein kan meine kva man vil om den nye boklova, i kvart fall resten av  punktane i den, men ein treng ikkje lovfeste nokon skaffeplikt. Det er  ingen meining i det. Om Libris ikkje vil skaffe meg ein reiseguide for  Sicilia er det mykje meir effektivt for meg å dra frem smarttelefonen  min og tinge den frå Haugen bok enn å gå til politiet for å levere inn  ein anmeldelse. Det er berre for dumt. Eg meinar, eg er ein varm  tilhengar av lover, reglar og byråkrati, men slikt tull som det her gjer det ikkje enkelt for meg. Blir det for mange slike lover som ikkje er  naudsynte, som ikkje handhevast, eller som folk ikkje ein gong veit om  eksisterer, då undergraver man tilliten til heile lovverket. Det er ein  grense for kor monge lover vi kan lage, og om ikkje vi har passert den  grensa, kan det ikkje vere lenge før. Fakta er at talet på lover har  blitt dobla sidan åttitalet. Berre under dei raud-grønes tid i  regjeringskontora har vi fått noko slikt som 1000 nye lover. På dei ti  åra mellom 2003 og 2013 har Stortinget vedtekje like mange lover som det dei klarte på dei hundre åra mellom 1814 og 1914. Kor skal dette ende?

Eg veit ikkje, men det er ikkje nokon grunn til å tru at det kjem til å  ende ved regjeringsskiftet til hausten. Kva skal dei ellers drive med  der nede i Oslo enn å lage lovar? I beste fall kjem den nye regjeringa  som vi truleg får til å dempe veksten i byråkrati og nye lovforslag  noko, men sjølv det er eg ikkje sikker på. Byråkratiet vil fortsette å  vakse, og Stortinget kjem fortsatt til å vedta 100 nye lover i året. Det er slik systemet er, og sjølv om ein kan ønske å justere noko på det,  er det ingen som går til val på å fjerne systemet og starte på nytt. Det er greit det, men kan vi ikkje bli einige om ein liten huskeregel.  Berre ein liten hyssing rundt fingeren. Nei nei. dere trenger ikkje  gjere det til ein lov. Ikkje ein liten forskrift ein gong, berre skriv  det ned på ein post-it og heng den på skjermen deres. Men gjer det med  gaffatape, slik at den ikkje faller ned og blir borte. Det eg vil at  dykk skal skrive på den lappen er to små spørsmål. Nemleg disse: Er dette ein lov som gjer

kvardagen lettere for nokon?  Og det andre spørsmålet: Er det ein lov som hindrar nokon i å kome til skade? Om svaret på begge spørsmåla er nei, kast heile lovforslaget i bosset  og ta resten av dagen fri på skattebetalaranes regning. Jada. gå gjerne  på raudvinsfylla. Det er det verdt, det er eg heilt sikker på.

Dei to spørsmåla står ikkje på nokon måte i vegen for å lage ein boklov. Om alternativet til boklov er at norsk språk og norsk litteratur kjem til  skade, ja då er det berre å kjøre på. Men den biten om skaffeplikt, den  kan dere berre skrote. Den gjer ikkje kvardagen lettere for nokon, og  den hindrar ikkje nokon i å kome til skade. Alt den gjer er å irritere  nattesøvnen frå slike som meg, og gje folk i andre land som samlar på  dumme lover noko nytt å le av. Det er mogleg slikt har ein verdi i seg  sjalv, men det er i så fall ikkje kulturdepartementets ansvar!

Leave a Reply

%d bloggers like this: