Dei kjem veltande frem med ein gong det blir varmare i veret. I gamle skranglete varebilar, kledd i skitne, fargerike filler gjer dei mykje av seg. Dei spelar høg musikk av ymse kvalitet. Dei snakkar ein slags variant av norsk, men ispedd ord og uttrykk frå framande språk er dei ikkje alltid like lette å skjøne for oss andre. Dei manglar respekt for lover og reglar. Dei bryr seg ikkje om normar som nordmenn flest har akseptert i generasjonar. Dei tek seg til rette i det offentlege rom. Dei rusar seg på open gate, og gjer frå seg i sandkasser, blomsterbed og meir eller mindre mørklagte hjørner. Kulturen deira er på kollisjonskurs med den norske gjennomregulerte velferdsstaten. Folk flest synest dei er ein pest og ein plage, men kritikk prellar av dei som vatn på gåsa. Som nasjon står vi makteslause mot dei hylande horder, medan bakmenn tjener store penger på det som har blitt ein organisert og illeluktande industri. Nei, eg snakkar ikkje om tiggarar frå Romania. Eg snakkar om russen. Russen ja. Dei unge håpefulle. Nokre småbarn i Ålesund spør om det er greit at dei tar med seg små heimelaga flagg med det norske flagget på eine sida, og eit anna flagg på den andre side, og halve Norge går i svart av såra og misforstått nasjonalisme. Men at russen vaser rundt i bakrus i borgertoget med det norske flagget på klea sine tilsmussa av oppkast, blod og gud veit hvilke andre kroppsvesker, det er slik det skal vere. Takk og lov at det er attande mai i dag, og slutt for denne gang.
Eg er sjølvsagt ikkje den rette til å snakke. Eg burde nok helst berre teie stilt, eg er berre nok ein stut som har gløymt han har vore kalv ein gong. Greit, så har eg aldri vore russ. Eg droppa ut av gymnaset etter tre veker. Men allereie i 1981 gjekk eg rundt i dongerijakke med Sex-Inspector, First Lesson Free skreve med svart tusj på ryggen. Utruleg nok var det ingen som slo til på det generøse tilbodet. Om eg no skal legge hånda på hjartet kan eg vel ikkje seie at eg har forandra meg så mykje siden da. Eg har ved fleire anledningar vore observert i ein t-skjorte der to einhjørningar står under ein idyllisk regnboge. Den eine einhjørningen, travelt opptatt med å ta den andre bakfrå. Det kan vere at eg kjøpte den t-skjorta fordi eg er glad i einhjørningar, og syntes det er kjekt at dei formerar seg, men det kan også ha ein viss samanheng med at eg er ein gamal gris. Eg overlet til lesaren sjølv å døme i akkurat den saka, men nei, eg er verkeleg ikkje den rette til å klage på russen. Har eg ikkje sjølv ein gong hatt ein button med pule, drekke, spy og sloss på jakka kanskje?
Mogleg det var russebilen Mycke Mus som var dråpen som gjorde at det rant over for meg i år. Hvis det ikkje var Donald Fuck då. Eg veit ikkje. Det var ikkje ordspelet i seg sjalv som var problemet, eg likar vanlegvis eit dårleg ordspel betre enn dei fleste, men i år var det plutseleg ikkje morosamt lenger. Det var nok heller det at på tre store russearrangement i landet dei siste par vekene, har politiet fått åtte valdtektssaker i fanget. Dei sexfikserte ordspela. Dei morosame fyllehyllestene. I år satte det seg fast i halsen. Åtte jenter har melde frå om at dei har blive voldtatt. Elleve gutar er etterlyst. Ingen er arrestert. Ingen bryr seg.
Åtte valdtekter på to veker er ein meir enn det som fekk hovudstadsavisene til å skrive om ein valdtektsbølge i Oslo i april 2011. Kva er det som skjer her? Kvifor er det ingen som bryr seg? Kva er åtte valdtekne jenter for noko eigentleg? Svinn? Det ein på engelsk kallar for collatteral damage? Ikkje meir enn ein må rekne med? Kvifor er det ingen som protesterer, går i tog, eller gjer noko, eit eller anna, for å markere at det her faktisk ikkje er greit? Kan ikkje nokon i det minste døype om russebilen sin til Fuck off?
Eg veit sjølvsagt at det er dei få som øydelegg for dei monge. Eg veit at dei fleste som tok av seg russedressen for siste gong i dag tidleg ikkje har gjort noko gale. Eg veit at dei kjem til å himle med augo når dei les dette. Ja, eg veit at det ikkje er noko poeng å klage på ungdommen og all den slitsomme entusiasmen og livsgleda deira. Det er lite som er meir patetisk enn gamlingar som klagar på drikkekultur, fæl ungdom, og brukar ord som bevisstgjering. Men kva anna kan ein gjera? Russen skulle hatt pryl, pleier eg å seie, men eg orkar ikkje banke dei alle saman. På ein eller annen måte må dei som skal vere russ i 2014 lære seg det på egen hånd. At alt har ein pris, også russetida, og at åtte valdtekne jenter er for dyrt. Dei har eit år på seg frå i dag.