web analytics

Fem minutt forsprang

Punching in, pt. 1

Den verste avhengigheita av alle er lønsarbeid. Det er eit helvete. Ein tvinger kroppen opp av senga fleire timar før den eigentleg er klar. Ein vasar rundt i huset med augo like smale som skyteskår i eit gamalt nybyggarfort i det ville vesten. Smører niste med tannkrem på skiva. Pusser tenna med kaviar. Hiv eldstemann ut av døra akkurat i det skuleklokka ringer. Sender jentungen i barnehagen med nugatti rundt munnen. Skunder seg av gårde på ein jobb man skal bruke dei neste åtte timane på slik at ein kan hente heim ein lønsslipp denne månaden også. Rekk akkurat ein pølse på Shell føyr ein skal på ekstrajobben nokre timar. Kvifor driv ein på slik? Kvifor høyrar ein ikkje på den raude djevelen på høgre skulder som freistar å kviskre deg ømt i øyret at det må vere meire med livet enn dette her? Lønsarbeid altså, kva har man eigentleg igjen for alt slitet når det kjem til stykket? Ein større flatskjerm, biff og raudvin på laurdagskvelden, og pengar nok i bakhand til å betale si eiga kiste når hjartet bukkar under? Ein nøgd LO-leiar? Det er ikkje det at eg ikkje likar å jobbe, eg gjer jo det, det er berre så mykje anna eg heller ville ha gjort. Drikke raudvin med kjærasten. Lese fleire bøker. Spele gitar. Endeleg kome i gang med sesong 3 av Breaking Bad. Leve livet, ikkje berre jobbe det.

Eg kan vel ikkje skulde på so mange andre enn meg sjølv heller. Eg visste jo kor vegen gjekk. Eg har Springsteen og Darkness on the edge of town som soundtrack til ungdomstida. Allikevel har eg altså endt opp slik som han karakteren som er eg-stemma i The Promised Land. Eg gjer så godt eg kan for å leve på rett vis. Eg står opp om morgonen og går på jobb kvar dag medan augo blir blinde og blodet kaldt. Nokon gonger føler eg meg så svak at eg berre vil eksplodere. Men kva kan ein gjere, ein må berre halde fram. Det finnes jo ikkje noko alternativ. Eg er avhengig av det der lønsarbeidet. Eg har rekningar å betale. Ting eg har lyst på. Stader eg vil dra til.

Ein skulle ha leve livet sitt i transit. Alltid på reise. Alltid på veg nokon plass. Tenker eg av og til. Når eg ser Hurtigruta på veg ut fjorden. Eller flya frå Widerøe på veg bort frå byen. Der skulle ein ha vore. Sitte ved eit vindu og se verda dra sakte forbi. På veg mot ukjent stad. Med livet på vent og ei uviss framtid foran seg. Kjæresten ved mi side. All tid i verda. Kysse i staden for å jobbe. Lese ein bok i staden for å skumme nettaviser på mobiltelefonen. Spise god mat og drike raudvin frå Sicilia. Gjerne PÅ Sicilia. Men korleis skal ein finansiere dette om ein no skulle klare å riste av seg lønsarbeidavhengigheta? Plura skjøt seg ut frå banken med et gevær i sine hender, lykka i livet er ein full tank og fem minutters forsprang var det nokon som skreiv ein gong. Men nei, det ligg ikkje for meg. Det gjekk ikkje so bra med han David Toska heller, når han testa ut den modellen. Og han var tross alt sjølvaste mesterhjernen.

Nei, det verste med det forbanna lønsarbeidet er at det ikkje eigentleg er noko alternativ til det. Det er ikkje nokon annan veg ut enn å bite seg fast til ein blir gamal nok til å gå av med pensjonist. Om ikkje helsa sviktar so klart. Samfunnet er lagt opp slik. Alle må i arbeid. Det handlar ikkje berre om at ein skal jobbe for å kunne betale rekningane sine. Nei, vi må jobbe som berre det alle saman. Landet bygger ikkje seg sjølv må du tru. Alle må vere med å løfte om vi skal klare det her, for velferdsstaten er ikkje berekraftig seier dei som har peiling på slikt. Vi må vente med å pensjonera oss. Vi må slutte å syte, slutte å sjukemelde oss, slutte å bli uføre, og ikkje minst må vi slutte å jobbe deltid. Dessuten bør helst oljeprisen holde seg høg då, men akkurat det er vel utanfor dei fleste av oss si kontroll. Vi har kjøpt den kapitalistiske modellen med sluk, snøre og heile føkkings fiskestonga alle saman. Den modellen som er basert på at økonomien skal vakse heile tida. At vi lånar penger vi ikkje har for å kjøpe ting vi ikkje treng. Gjerne skrudd eller sydd saman i Asia under slaveliknande tilstandar. At vi bygger større hus enn vi treng, og køyrer meire bil enn vi burde. Fordi vi fortjener det.

Og det gjer vi kanskje. Eg har i kvart fall ikkje noko anna alternativ å by på. Vi kan like det eller ikkje, men vi er avhengige av lønsarbeid alle saman. Den verste avhengiheta av alle, og det finnes ikkje noko rehabilitering. Det er berre å gje på og satse på at ein held hovudet over vatnet i ei veke til. For kva anna skal ein gjere?

Men i dag er det laurdag, og for ein gongs skuld har eg fri heile dagen. Eg har ein flaske Miopasso i vinhylla, ein laksefilet i kjøleskapet. Ein kjærast ved mi side. Kontoen er tom, men tanken er full. Gjer du oss fem minutt forsprang?

Leave a Reply

%d bloggers like this: