web analytics

Når kommunikasjonen bryt saman

Jeg ble aldri fornøyd med denne ukas spalte i Firdaposten. Til slutt måtte jeg bare la de få den, men den er alt for wishy-washy på den ene og på den annen side. Jeg burde vært tøffere og tatt et klarere standpunkt antagelig, men det er ikke alltid så lett. Kanskje er det ikke alle saker som egner seg til klare standpunkt fra oss som synser fra utsiden heller? Vel. For ikke-lokale lesere er det greit med litt bakgrunn når man leser denne teksten. Den handler om en lokal sak der en familie med en funksjonshemmet sønn føler seg som kasteballer i kommunen. Bakgrunnsstoff finnes her, og her.

Death means paperwork.

Det er alltid trist når ein konflikt mellom kommune og misfornøgde innbyggarar eksploderar i media. Det er ein fallitterklæring. Eit nederlag. Terskelen for å brette ut si private misere i media er høg for dei fleste. Det er ein siste utveg. Noko ein gjer når alt anna er prøvd, når ein har stanga hovudet i veggen så lenge at det ikkje lenger er noko håp om å trenge i gjennom. Klarare teikn på at kommunikasjonen har brote fullstendig saman finner man knapt, om ein då ikkje tyr til voldsbruk. Dei fleste gjer heldigvis ikkje det.

Kommunikasjon er snodige greier, det er slettes ikkje berre enkelt. I møter med det offentlege helsevesenet der både eg og min betre halvdel har vore tilstede, har eg fleire gonger observert korleis personen vi snakkar med nærast umerkeleg endrar holdning, språk og tone når ho får vite at sambuaren min er fysioterapeut. Dei er antageleg ikkje klar over det sjølv, men for meg har det fleire gonger vore lett å se at dei har mykje større respekt for mi kjære enn dei i utgangspunktet har for meg som verken har høgskuleutdanning eller jobb i helsevesenet. Ho er ein av dei, eg er ein av “dei andre”, men eg nyt sjølvsagt godt av respekten dei har for henne. Eg blir straks litt meir interessant. Dei slappar litt meir av, dei skjønar at eg snakkar språket deira. Dei oppdagar at eg er akademikar av legning, om ikkje i studiepoeng, og alt går litt meir som smurt etter det. Vi er slik alle saman, vi kommuniserar betre med dei som er lik oss sjølv. Eg er ikkje noko annleis, og det er ikkje du heller. Sjølvsagt går det andre vegen også, det hender vi treff på folk som vi rett og slett ikkje er i stand til å snakke med. Oftast er ikkje det noko problem, ein held seg berre unna, men når ein jobbar med helse og omsorg og kommunikasjonen med ein brukar, eller brukarens pårørande, skjærer seg, då blir det sjølvsagt eit kjempeproblem. Eg er litt usikker på om dei som jobbar i helsetenesta er medvetne nok på kor viktig kommunikasjonen er for den jobben dei skal gjere. Har dei ein plan for korleis dei skal håndtere det når kommunikasjonen bryt fullstendig saman?

Det er kommunen som sit med makta. Sjølvsagt er det slik, og sjølvsagt pregar det kommunikasjonen. I det augeblikket media køyrer ein sak om nokon som er misnøgde med eit offentleg tilbod snuast alt på hovudet. Spelereglane gjeld ikkje lenger. Dei sterke blir dei svake og omvendt. Avisoppslaga gjer mykje plass til dei som snakkar om følelsar, dei som har det vondt, som er foruretta. Nyansane forsvinn. Det blir hjarte mot hjerne. Følelsar mot regelrytteri. Den lille manns kamp mot det store stygge systemet. Makt mot avmakt. Og frå sidelinja blir også vi som ikkje har investert noko i saka tvungen til å velge side. Kommentarar og lesarbrev er nådelause mot dei empatilause representantane for makta. Nokre ganger med rette, men ikkje alltid. Dei som snakkar for systemet snakkar eit anna språk. Dei er prinsipielle, formelle, seier at dei er lei seg for at det har skore seg, utan å få nokon til å klare å tru på anna enn at dei berre er lei seg for at saka har hamna i media. Dei har tapt på forhånd. Mot føleriet kjempar dei formelle forgjeves. Er det noko eg mislikar med at slke sakar hamnar i media er det dette. At alt reduserast til ein historie om det godes kamp mot det onde, og at det blir umogleg å få folk til å skjøne kor komplekst det eigentleg er å jobbe med helse og omsorg. Kor vanskeleg det nokon gonger er å få til denne livsviktige kommunikasjonen.

Ein må ikkje blande kommunikasjon med å snakke. Å fortelje nokon korleis det skal vere er ikkje å kommunisere, det er å gje ein ordre. Kommunikasjon kjem av det latinske ordet communicare. Gjere felles. Å lytte er kanskje enda viktigare enn å snakke. Nokon definerar kommunikasjon som ein prosess der målet er tankens eining. Ein freistar å finne ei felles forståing av kva som er målet, og korleis ein kjem dit. Så lett å seie, så vanskeleg å få til. La det vere heilt klart. Det treng ikkje vere kommunens skyld at kommunikasjonen bryt saman, men det er alltid kommunens ansvar å få det til å fungere igjen. Dei må svelge eventuell byrgskap. Være audmjuke, strekke ut ein hånd, og passe seg vel for å la det gå prestisje i vanskelege sakar. Utfordringa er at sjølv i rike Noreg er ressursane avgrensa. Og helse og omsorg er eit bunnlaust hol. Om ein så stappar heile oljefondet ned i det holet blir det ikkje fullt. Alle kan ikkje få det best moglege tilbodet til ein kvar tid. Nokon må definere kva som er godt nok, og den jobben må kommunen gjere. Både administrasjon og politikarar. Akkurat det er kanskje noko av det som er vanskelegast av alt å kommunisere.

Leave a Reply

%d bloggers like this: