web analytics

Blodlanda

holocaust

Idi i smotri heiter filmen som må vere både den beste, og den verste, filmen eg har sett. Aldri har eg sett krigens brutalitet og meiningslause, krigens reinspikka helvete, skildra på ei betre måte. Gå og se var den norske tittelen på filmen, og det kan jo vere ein oppfordring. Om du kjem over den bør du sjå den, om du tør, men du kjem nok ikkje til å ha noko brennande ønskje om å sjå den igjen når den er ferdig.

Filmen hentar handlinga si frå tyskarenes felttog gjennom kviterussland under andre verdskrig. Vi følgjer fjorten år gamle Flyora som forlet familien for å bli med den lokale militsen i kampen mot dei fremrykkande tyskarane. Det går ikkje heilt som planlagt. Som yngstemann i flokken må Flyora gjere alt arbeidet i leiren, men når militsen forlet hovedkvarteret sitt får han ikkje vere med. I staden må han gje støvlane sine til ein eldre soldat, og vente i leiren. Flyora blir lei seg og stryk til skogs, og det var kan hende flaks, for leiren blir bomba av tyskarane. Fyora blir døv av eksplosjonane, men han overlever. Etter å ha gøymt seg i skogen ein stund dreg han heim att, men både landsbyen og huset er tomt. Maten er fortsatt varm, dukkene til systera ligg på gulvet. Flyora overtydar seg sjølv om at heile landsbyen berre gøymer seg for tyskarane på ein øy ute i ei myr i nærleiken, men vi som ser på veit betre. Når Fyora går frå heimen sin for å leite etter familen sin ute i myra går han forbi  ein haug med lik som ligg stabla opp mot ein husvegg. Fyora ser dei ikkje, men vi gjer det. I all si gru.

Seinare er Fyora i ein annan landsby når tyskarane kjem. Dei driv alle innbyggarane inn i ei kyrkje, lukker dørene, og gjer beskjed om at alle som vil kan få lov til å klatre uhindra ut gjennom eit vindauge. Det einaste vilkåret er at dei må la borna være igjen. Fyora tek i mot tilbodet, men ingen andre gjer noko. Heilt til ei kvinne freistar å klatre ut, saman med eit lite barn. Tyskarane tek frå ho barnet, kastar det inn gjennom vindauget att, medan kvinna blir slengt inn i ein lastebil med ein gjeng med soldatar og valdtatt. Tyskarane kastar så granatar inn gjennom vindauga i kyrkja, og sett fyr på den. Medan dei kviterussiske bøndane brenner, har tyskarane ein heidundrande fest. Dei klappar og ler, tek bilder og spelar musikk. Slik var det på austfronten i 1943.

Filmen er regissert av Elem Klimov, og han står også bak manuset, saman med Ales Adamovich. Adamovich hadde sjølv slåst saman med dei kviterussiske partisanane som fjortenåring. Klimov skjønte at dette var nødt til å bli ein brutal film, og han sa det til Adamovich.  – Ingen kjem til å orke å sjå denne filmen, sa han. – Dei vil ikkje halde ut. – Så la dei la vere å sjå den, svarte Adamovich. – Dette er noko vi er nødt til gjere. Noko vi må etterlate oss. Som eit bevis for krigen. Som ein bøn om fred.

Vi veit veldig mykje om Holocaust. Dei tyske konsentrasjonsleirane. Auschwitz-Birkenau. Dachau. Sachsenhausen, Ravensbrück. Vi har sett Pianisten og Schindlers liste. Kvart år sender vi tusenvis av skuleelevar til Polen for å sjå Europas nære og mørke historie med egne auge. Alt dette er vel og bra, men vi veit ikkje like mykje om alt som skjedde på austfronten. I det som den amerikanske historieprofessoren Timothy Snyder kaller for Blodlanda. Området mellom sentrale Polen og den russiske grensa. Kviterussland, Ukraina, Latvia, Litauen, og Estland. Oppfatninga vår av nazistnes massedrap som eit industrialisert, byråkratisk folkemord er ein smule unyansert. Ein million menneskje døde i nazistenes konsentrasjonsleirer. Ille nok, sjølvsagt, men ti millioner menneskje blei drept utan nokon gong å sjå snurten av ein konsentrasjonsleir. Dei blei skutt over massegraver i Kviterussland, sulta i hjel i leirer for krigsfanger, som ikkje var særleg meir enn piggtrådgjerder rundt fangene. Ikkje noko skjul for vær, vind eller kulde. Eller dei blei gassa i dødsleire som Treblinka. Ein politimann frå Austerrike skreiv brev heim til kona si.

Eg skalv litt første gongen, men ein blir vant til det. Etter ti gonger sikta og skjøt eg stødig mot dei monge kvinnene, borna, speborna. Eg minna meg sjølv på at eg hadde to små barn heime, og at disse hordane ville gjere akkurat det same mot dei. Om ikkje ti gonger verre. (…) Spebarn flaug i store buer gjennom lufta, og vi skaut dei i biter medan dei fløy, før kroppane deira landa i gropa og i vatnet.

Det er denne historia Idi i smotri er ein del av. Ein historie som for ein stor del ikkje blir fortalt. Som har hamna i skuggen av so monge andre historier frå andre verdskrig. Gløymd. Men den bør fortellast. Igjen og igjen. Trur vi at det aldri kan skje igjen?

2 Comments

  • 22 June, 2013 - 8:29 am | Permalink

    Med det bildet du bruker og den filmen har de vel funnet de to verste – men samtidig ærligste – fremstillingene av annen verdenskrig på Østfronten. Virkelig en film som gjør inntrykk – og som bør sees.

  • KEE
    22 June, 2013 - 7:20 pm | Permalink

    Tittelen er fra Johannes åpenbaring 6.1, 3 og 5. I min nynorskbibel står det bare Kom! Symbolikken er åpenbar, dette er endetiden.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: