web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Fly free!

IMG_6040-2

Livet er eit helsikes kaos. Det er ein ting etter det andre, og er det ikkje det eine, så er det i kvart fall både det andre og tredje. Er det noko meining i det hele? Vi freister etter beste evne å sette ting i samanheng. Teikne eit liv. Gjere det til ein historie verdt å høyre på. Verdt å leve i. Noko som kan verge oss for den nagende mistanka om at vi berre er små lysglimt i universet. Sankthansormar i den lyse juninatta, med den store mørke æva rett rundt hjørnet. Som eit blad i vinden flyr vi rundt på slump, styrt av biologi, naturkreftar, flaks og uflaks. Det er ikkje rart at vi freistar finne forklaringar som gjer det heile eit narrativ. Ein Gud med ein masterplan. Ein skjebne. Eller i det minste at vi er vår eiga lykkes smed. At vi har kontroll på dette her. Alt kan ikkje berre vere tilfeldige omstende. Det må vere ein logisk forklaring på det heile.

Eg har leika den leiken sjølv. Kjærleik har det med å slukke lyset for all rasjonalitet. Kvifor akkurat eg og ho? Sjå på alt som måtte klaffe for at det skulle bli slik, det er jo heilt usannsynleg. Det må vere skjebnen. I was born to love you liksom. Og sånn kan man halde på. Det var kanskje ikkje heilt sannsynleg at eg, ein halvgamal mann frå Skotfoss på andre kanten av landet, skulle kapre ei ung kvinne frå Brandsøya her vest. Men eg trur jo ikkje eigentleg på at det ligg ein skjebnetanke bak det heile. Det ville vere frykteleg sjølvsentrert å tru noko slikt, og eg har ikkje nokon hang til overtru. Heldigvis får eg seie, for ellers hadde eg vore litt i stuss dei siste dagane. Denne sumaren har det vore to dødsfall i Gudvangen. To basehopparar har styrta i døden. Ein frå Brandsøy, der mi kjære kjem frå. Ein frå staden der eg vaks opp, Skotfoss. Kva er oddsen?

Kvar einaste dag blar vi forbi dødsfall og ulykker i avisa, utan å stoppe opp og tenke noko større over det. Det må vere noko spektakulært for at vi skal reagere. Eller det må vere nokon vi kan relatere til. Nokon vi kjenner. Eller i det minste veit kven er. Ein sakna basehoppar? No igjen? Kvifor skal eg bry meg? Når dei er så dumme å kaste seg ut frå fjell gidd i kvart fall ikkje eg syntes synd på dei. Dessuten burde det ha vore forbod mot galskapen.

Og så møter ein seg sjølv i døra når det viser seg at den sakna mannen ikkje berre er død, men også er ein du godt vet kven er.

Det er sikkert tjugefem år sida eg såg Dan Johnsen sist. Kanskje meir. Eg kjende ham ikke, men eg hugsar ham godt. Eg kjende familien hans. Besteforeldra hans hadde hytte ved siden av hytta far min leigde på åremål når eg var liten. Den eine bestefaren hans lærte søskna mine å svømme. Eg lånte boka til den legendariske keeperen Henry Tippen Johansen av den andre bestefaren hans. Far hans var stjerne på det lokale fotballaget i ein mannsalder, og ga meg gode råd det året eg prøvde meg som fotballdommer. Eg hugsar Dan som liten gutt. Akkurat så irriterande som fem-seks år yngre barn kan vere. Men navnet hans var dritkult. Eg var litt misunneleg på det. Dan. Det hadde funka i ville vesten. Han kunne bli cowboy når han blei stor. Det kan ikkje ein Arne. Eg veit ennå ikkje heilt kva ein Arne kan bli for noko eigentleg, men ein Dan, han kan bli akkurat kva han vil! Og ein slags cowboy blei han vel også.

Eg har vore inne og lest nokre minneord her og der. Dei er også ein måte å skaffe meining til det meiningslause på. Det er dei beste som døyr først seier vi gjerne, men det er berre tull. Dei som har uflaks døyr først, det er ikkje eit kvalitetsteikn av noko slag. Dei seier at dei som driv ekstremsport lever så rike og sterke liv, men eg er ikkje sikker på at det stemmer heller. Eg trur ikkje det er naudsynt å utfordre døden med jamne mellomrom for å føle at ein har eit liv med meining. Det viktigaste er å ha nokon å vere glad i, og nokon som er glad i deg. Har ein det er ein god på veg med det prosjektet. Ein treng ikkje kaste seg ut frå fly eller fjelltoppar.

Men ein kan hvis ein vil. At eg sjølv ikkje skjønar noko av det, ikkje kan sjå apellen, har ikkje noko med saken å gjere. Det er ikkje nokon meining i at ein mann i sin beste alder styrtar i døden. Det er ikkje del av nokon stor plan. Det er ikkje ein guds vilje. Det er urettvist og trist. Det har ikkje nokon djupare meining. Men det kan få oss til å tenke litt. Minne oss om folk vi kjente, om kven vi ein gong var . Og neste gong media fortel om ein basehoppar som har falt i døden tenker vi kanskje først på dei som var glad i ham, i staden for å tenke på at ein får skulde seg sjølv når ein driv med slik galskap. Det er ikkje mykje, men det er noko. Fly free Dan!

Leave a Reply

%d bloggers like this: