web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Ny spalte: Lokalnytt med Kåre Lyskebrokk

Lokalnytt med Kåre Lyskebrokk

Hallo alle sammen. Eg er den nye medarbeidaren her på Hjorthebloggen, og nå skal eg berre fortelle dokke at eg veit kordan det e. Ute i provinsane har ikkje folk tida til å setja seg ned og lese nyhende om ka som skjer her ute i sivilisasjonen. Folk er alt for opptatt med å sitja på sånn der kafeteria hvor dei servere homokaffe og spelar slik dunkadunk-musikk. Men nå har han Hjorth fortalt meg om at dei begynner å få slikt rådlaust nettverk på dessa kafeteriane slik at man kan sitja med eit krus med makko to go og surfa på nett. Difor kjem eg til å ha ein slags fast spalte her på bloggen hvor eg rapporterar om viktige nyhende som kanskje ikkje får så mykje spalteplass i lokalavisa nede hjå Oslofolka, eller i Trøndelag, Troms, Møre og Romsdal ell Bergen. Så ta dokke ei god sip ta kaffen mens eg finner frem dagens Firda…

FOTBALL-SKOTTE VAR TRUSELAUS SUNNFJORDING

Ein kilt-kledd, skotteliknande mann fekk nokre timars opphald i arresten i Gloppen, etter at han søndag gjekk rundt og triksa med ein ball under ei fotballturnering på Sandane.

Då mannen sparka til med høg beinføring, viste det seg nemleg at han ikkje hadde ein tråd under kilten. På toppen av det hele heldt han oppvisninga si framfor jentefotballspelarar.

Politiet, karakteriserar åtferda som uakseptabel, men reknar i utgangspunktet med at blottinga ikkje var “seksuelt motivert”.

Mannen er heller ikkje i nærleiken av å vere skotsk. Ifølgje operasjonsleiar Einar Vereide ved politidistriktet, handlar det om ein sunnfjording i midten av førtiåra. Mannen er ein gammal kjenning av politiet.

– Mest truleg har han agert skotte og gått der og sparka og triksa, og så har det kome til syne at han ikkje hadde noko under. Eg veit ikkje om vi kan rekna dette som blotting i vanleg forstand, seier Vereide.

5 Comments

  • 18 September, 2006 - 10:43 am | Permalink

    “etter at han søndag gjekk rundt og triksa med ein ball under ei fotballturnering på Sandane.”

    Etter reportasjen å dømme var dette en skikkelig lokal sjonglør som triksa med tre baller, ikke èn.

  • 18 September, 2006 - 12:36 pm | Permalink

    Det som bekymrer meg litt er at jeg har hørt rykter om at hotellsjefen var på fotballturnering i helgen…

  • 20 September, 2006 - 12:23 am | Permalink

    Det er litt som om du bor i Twin Peaks. Snart sjekker nok Agent Cooper inn på hotellet ditt.

  • 20 September, 2006 - 1:35 am | Permalink

    Hvis han agent Dale kjem innom så skal eg jammen initera ham med på Kakebua for ein heliskes fin kopp med kaffi. På Kakebua har dei ikkje slik homokaffe, der ser dei rart på deg hvis du tek melk i han.

    Men sukker e greit.

  • tb
    20 September, 2006 - 9:36 am | Permalink

    Verden er full av Twin Peaks…

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: