web analytics

Kjeltring-reality

Rune Øygard

Det var før stortingsvalet i 2009 at Aftenposten fekk dei tre statsministerkandidatane, Stoltenberg, Solberg og Jensen til å seie noko om kven dei hadde som idealer. Solberg valde å fremheve Kåre Willoch og Marco Elsafadi, medan Jensen hadde Maggie Thatcher og Ronald Reagan som sine idol. Statsminister Jens Stoltenberg valde å trekke frem Nelson Mandela og ein på det tidspunktet temmeleg ukjend ordførar frå utkant-Noreg. Rune Øygard var namnet, og no, fire år seinare, veit nok alle kven han er. Han er ikkje ordførar lenger, for å seie det slik. I september 2011 blei han sikta for seksuell omgang med ein mindreårig, så blei han tiltalt, dømd i to rettsinstansar, før høgsterett denne veka satte ein forløpig strek for det heile ved å gje karen ein strengare straff enn han fekk i lagmannsretten. Etter ein litt slapp start fekk media etter kvart opp dampen på dekninga av saken, og det siste året har det omtrent vore vegg til vegg-dekning. Når dommen i høgsterett falt var NRK på plass på hytta til Øygard i Vågsøy for å spørje om kva han føler no. Øygard var ikkje nøgd med høgsterett, og han var uroa for om det kunne være monge uskuldeg dømte i norske fengsel. Av omsyn til rettsystemet, jenta han er dømt for å forgrepet seg på, og alle oss andre ville han no bruke alle ressursar for å få sanninga fram. Takk skal han fankern meg ha.

Det hender tanken kjem snikande. Er det eit justismord? Kva om Øygard faktisk er uskyldig? Kvar gong det skjer hentar eg frem dei sagnomsuste Skype-samtalane mellom ham og jenta, og da forsvinn den tanken som dugg for sola. Det er mogleg at det er eit rituale fleire no burde taka til seg. NRK til dømes. Mannen er ein dømd overgripar, det må no bli ein slutt på at nokon gjev ham ein mikrofon slik at han kan kalle jenta for ein løgnar enno ein gong. Vi veit kva det går i. Ja, eg vart nesten litt provosert av torsdagens NRK-innslag frå Øygard. Greit at dei har hatt stor suksess med sakte-TV dei siste åra, Hurtigruta og alt det der, men treng dei verkeleg ta det konseptet med seg inn i Dagsrevyen og gje oss Øygard, minutt for minutt?*

NRK er ikkje aleine om å rydde plass til den dømte eks-ordføraren. Det kan virke som om deler av media har utvikla ein slags avart av Stockholm-syndromet. Kan vi kalle det for Vågå-syndromet? Aldri tidligare har ein sikta, tiltalt, og etter kvart dømt person fått så stor plass til å snakke om einsidig etterforsking, at folk støttar ham og gråter, at alt berre er løgn, og at sanninga nok ein dag skal kome fram. Eg er litt uroa for korleis det vil gå med dei som har jobba med saka det siste året no som det er over. Vil dei måtte kjenne på ein tomheit? Går dei inn i ein djup depresjon? Livet mister meining? Nei, eg trur det skal gå bra. Eg trur dei har planane klare for korleis dei skal halde mannen på skjermen fremover. Reality TV! Øygard går i fengsel vil naturleg nok kome først, så blir det vel intervju hos Skavlan eller Lindmo når han kjem ut igjen, deretter er det berre fantasien som set grenser. Eg ser for meg at NRK kan lage ein ny runde med Typen til, der Øygard tek over etter Leo Ajkic og dreg rundt i landet for å være kjæresten til ein rekke kjende kvinner. Fortrinnsvis over den seksuelle lavalder. Eller han kan være programleiar for ein ny type interiør-program. Øygard ryddar opp, heime. Der kjem Øygard susande i bilen sin og går berserk heime hos folk, dreg senger og andre møblar ut på tunet og sett fyr på dei, slik at ein får rydda opp skikkeleg. Så pyntar ein opp heimen etterpå så klart. Øygard har brent senger før, så her har han kompetanse. Kanskje kan dei lage eit slags Gutta på tur-konsept for ham**. Ein litt sånn mandig blanding av jakt, reise og røvarhistoriar. Dette kan vere ein fin moglegheit til å få Arne Hjeltnes og Arne Brimi tilbake på skjermen. Første tur blir å taka med seg Morten Krogvold til Pluto, seinare kan dei til dømes ta med seg Bård Hoksrud på tur til Riga. Det kjem til å bli knallbra!

Eller dei kan lage kjeltringversjonen av Paradise Hotel. Det har eg trua på. Eg ser for meg alle dei kjente og kjære forbrytarane våre. Bankranaren Martin Pedersen. Munchtyven Pål Enger. Dei godslege Orderudmordarane. Mesterhjernen David Toska. Spion Arne Treholt. Sleggemann Erling Havnå. Skjeggemann Bhatti. Og Øygard så klart. Sleng dei inn på eit luksushotell saman med nokre lettkledde rosabloggarar, gje dei fri tilgang på rusbrus og sprit, og lat kamera rulle. Kven vil finne seg ein partner denne veka, og kven må reise heim? Spanande!

Det er ikkje sikkert siste ord i denne saken er sagt, sa eks-ordføraren til VG på torsdag. Eg trur han har rett. Det er berre å stålette seg, vi har ikkje sett den mannen på TV for siste gong. Dessverre.

*Rett skal vere rett, eg har rappa denne vitsen frå Arnfinn Pettersen
**Litt meir rett skal vere rett, Gutta på tur-konseptet var Anjas ide.

One comment

  • 30 September, 2013 - 12:27 pm | Permalink

    Du har så rett.

    Faren for justismord er alltid til stede i saker med påstand mot påstand, og det er vanskelig for oss tilskuere å vite eksakt hva som faktisk har skjedd. Det er ingen tvil om at Øygard har gått langt over streken i forhold til den unge jenta, og som voksen og presumptivt forstandig mann var det hans ansvar å sette grenser og vite hvor den streken går (det er derfor vi har en minstealder). Rent psykologisk er saken vanskelig å forstå. Hvordan kunne en intelligent mann som Øygard finne på noe så dumt? Hvorfor fortsatte den unge jenta “forholdet” (dette pågikk såvidt jeg kan forstå i månedsvis uten fysisk tvang)? Uansett er bevisene i denne saken langt bedre enn i den forferdelige Bjugn.saken.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: