web analytics

Ryggen fri

Bürokratie / Bureaucracy

For eit par veker sida var eg på foreldremøte i barnehagen. Det handla om kva planane var for året 2013/14, og korleis ein hadde tenkt å omsetje planane til praktisk-pedagogisk arbeid. Møtet haldt på i halvanna time, men det kjendes ikkje ut som eit minutt meir enn halvanna veke. Dette ikkje til forkleinelse for dei ansatte i barnehagen, det er berre eg som har lett for å kjede meg. Eg blir sittande og lure på kva det heile er godt for. I staden for tjukke bunker med skrivebordsplanar burde det være mogleg å samanfatte det heile i nokre få setningar. Eg kom fram til at det faktisk var mogleg, for meg som forelder, å koke mine forventningar til barnehagen ned til ei einaste setning: Ikkje la barna våre vakse opp til å bli rasshøl. Ja, eg tek sjølvkritikk på språkbruken, men det var no det eg tenkte, og eg var storleg nøgd med meg sjølv. Kvifor er ikkje eg styrar i barnehagen, tenkte eg, eg kunne gjort unna foreldremøtet på fem minutt. Halvårsplanen vår for 2013, kunne eg ha sagt, er ørlite forandra frå tidligare. Dette fordi ikkje alle satte pris på å sjå ordet rasshøl på trykk. I år har vi derfor tenkt å ikkje la barna dere vakse opp til å bli egoistiske drittsekkar. Er det nokon som har nokon innspel? Det er det sjølvsagt aldri, så da er det berre å takke for fremmøtet, tvinge nokon til å stille for arbeidsutvalet, og gå rakt over på kaffe og kake. Lett som ein plett.

 

Det er berre eit problem her. Uansett kor flinke dei er i barnehagen er det uungåeleg at nokon barn av og til kjem til å vakse opp til å bli nettopp drittsekkar. Foreldra er sjølvsagt dei siste som oppdagar det, men naboane ser det ofte ganske tidleg, og føyr eller siden kjem det til å kome ein fly forbanna far på døra og skjelle meg ut. Du hadde ein jobb, vil han kanskje si. Ein einaste oppgåve. Du sa det sjølv. Du skulle ikkje la barna våre vakse opp til å bli drittsekkar sa du, men sjå på sonen min nå. Han køyrar Audi, heiar på Vålerenga, høyrer på Sting og stemmer på Frp. Han har blitt akkurat slik som du sa han i kvart fall ikkje skulle bli. Eg finn meg ikkje i det, vi sees i retten, rasshøl!

 

Og det er da eg hadde trengt ei tjukk bunke med papirer, ein skikkeleg handlingsplan som i detalj viste akkurat korleis alle vi som jobba i barnehagen hadde tenkt å gå fram for å hindre at akkurat dette barnet skulle vakse opp til å bli ei byrde for samfunnet. I tillegg burde eg sjølvsagt hatt ein tjukk perm med dokumentasjon på alt vi faktisk gjorde. Eit lass med papir eg kunne sleppe ned på tærne til den sinna fyren på dørstokken min. Sjå her, kunne eg sagt. Vi gjorde alt vi kunne for sonen din vi, men mot genetikken kjemper sjølv dei skarpaste knivane i barnehagskuffen forgjeves. Du får ta skulda sjølv, fjols, og så kunne eg smelt igjen døra og gått tilbake til å skrive spalten min. Men eg hadde sjølvsagt ikkje hatt nokon papirer, eg hadde tapt i retten, blitt hengt ut i alle landets aviser, fått ødelagt både omdømme og økonomi, og måtte bruke resten av livet til å snylte på NAV.  So mykje for å vere ein visjonær og eit geni. Atter ein gong ville skapartrong og nytenkning ha måttet bite i graset for krav om rapportering og dokumentasjon frå det helsikes byråkratiet. Noreg, kjempers fødeland, ligg gravlagd under eit tonn med papir. Og det er ikkje fordi vi meinar det gjer ungane våre smartare, flinkare og snillere. Nei, vi gjer det for å ha ryggen fri den dagen ein sinna fyr kjem på døra og vil ha svar på kvifor vi ikkje gjorde jobben vår.

 

På Sundvold Hotell driv Høgre og Frp på og planlegg kva dei skal gjere med landet når Stoltenberg kastar korta om ei drøy veke. Dei har allereie forfatta ein samarbeidserklæring med støttepartia Venstre og KrF. Snart kjem platforma som regjeringa skal stå på, med meire papir. Fleire ord som få kjem til å lese. Ikkje til forkleinelse for dei som sit på Sundvold og skriv, men eg har forlengst gått lei. Hadde det ikkje vore mogleg å gjere unna dette på nokre timar mellom frokost og lunsj? Eg ser for meg eit A4-ark med eit par setningar skreve med ganske stor font. Vi lovar, kunne det stå. Vi lovar å ikkje vere Arbeidarpartiet i denne stortingsperioden. Vi lovar å ikkje køyre landet i grøfta (sjølv om vi ser ein bompengestasjon Frp.merk). Vi lovar å ikkje vere rasshøl (unntatt Per Sandberg som ikkje kan noko for det. Frp merk). PS. Dykk kan køyre Segway!!!

 

Er det nok til å ha ryggen fri om fire år, når dei sinna folka oppdagar at Mullah Krekar er her enno? Tvilsomt, men til lags åt alle kan ingen gjera. Dei hadde i det minste fått nokre fine fridagar i haustferien. Det skal ein ikkje kimse av.

One comment

  • KEE
    7 October, 2013 - 12:14 pm | Permalink

    Poden kjører Audi? Alt håp er ennå ikke ute for far, om den da ikke er sortlakkert. Om poden kjører sort tysk bil, hadde jeg også blitt fly forbanna på alle de som feilet i oppdragelsen av ham.
    Hotellet er Sundvolden forresten. Var kjent som småslitent før, men har visst tatt seg betraktelig opp på de nitten årene det er siden jeg bodde i nærheten.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: