web analytics

Hallo vin

1813827844_200333f161_z

Så er det den tida på året igjen då. Den tida der vi tek oss ein pause i all klaginga over at jolebrusen og jolemarsipanen allereie er på plass i butikkane igjen, og i staden klagar over at den onde handelsstanden har klart å trykke helvetes Halloween ned over hovuda våre. Fysjameg seier dei. Det er berre amerikanskinspirert hærverk og tigging. Vi vil ikkje ha det.

La oss lage ein Hallo Venn-fest i staden. Eit positivt alternativ. Ein fest for å feire vennskap og godheit. Som på Rolvsøy, der dei laga fest der ingen trengde å kle seg ut. I staden lagde to stykk frå sundagsskulen eit teaterstykke om den miskunsame samaritan, før dei enda opp med at vaksne og barn gjekk i fakkeltog rundt kyrkja medan dei song ”Når vi deler med en venn”. At dei ikkje toppa programmet heilt med å mime Paolo Coelho-sitat skuldast berre at dei ikkje kom på det. Gud hjelpe meg.

Nei, det er på tide at knask og knep-motstandarene vaknar opp og kjenner på lukta av blodsirupen frå Nille. Halloween har komme for å bli, og det er faktisk berre morosamt. Her i heimen har snart-sjuåringen gleda seg til å skremme Halloween heilt sida godteriet frå i fjor vart spist opp. Eg har rett nok vore naudt til å dempe ham litt når det gjeld planane om kva han skal gjere med dei som er dumme nok til å velge knep i staden for knask. Det var ikkje noko mangel på kreativitet og initiativ der, i motsetnad til når han skal gjere leksene. Heldigvis har ikkje mine formanande ord senka stemninga nemneverdig. Han er klar som eit egg. For ham er Halloween like stort som syttande mai og nyttårsafta til saman.

Eg blir litt riven med sjølv kjenner eg, i år har eg tenkt å kle meg ut som Jacob Nødseth, og gå rundt å skremme høgreleinga og kommuneadministrasjonen. Knask eller kronikk skal eg seie, og reknar med at eg kjem til å få så mykje godteri at eg ber på meg brokk i løpet av kvelden.

Eg likar Halloween. Eller Hallo-vin som eg likar å kalle kvelden. Når kvelden senker seg over Hjortheheimen og dei små djevelungane har somna, heller sambuaren og eg oss eit glass vin, spiser opp godteriet deira, og ser på ein god gamaldags skrekkfilm. John Carpenters klassiske Halloween, der Jamie Lee Curtis jages av den umenneskelige Michael Myers er min favoritt. Filmen er 35 år gamal i år, men akkurat som meg sjølv så tåler den åra godt. Når filmen er ferdig og flaska er tom kryper vi til køys, og da blir det virkeleg skummelt.

Eg har funne nokon skikkeleg gufne historier som eg kan fortelle mi kjære når lyset er slått av. Siden eg er ein grei fyr skal eg dele eit par av dei med dykk her og nå. Dette er historier som begravelsesagenter frå New York fortalde på slutten av attenhundretalet. Denne fyrste skal ha gått føre seg rundt 1850. Dotter til ein bakar døde om vinteren. Han hadde ein dotter til, som var gift og bodde i St.Louis. Sidan han visste at ho nok ville sjå systera si ein siste gong før ho blei lagd i grava for all framtid, plasserte han liket i eit kvelv i påvente av at ho skulle kome opp frå Missouri. Etter ein stund kom ho heim til New York, og dei dro til kvelven for eit siste farvel. Dei åpna kista, og fekk sjå eit forferdeleg syn. Kleda liket hadde på seg var riven i filler, og fingrane på begge henda var bitne av. Eit forferdeleg feilgrep hadde blitt gjort, kvinna var ikkje daud når ho vart plassert i kista likevel. Men det var ikkje nokon tvil om at ho var daud no.

Eller kva med rikmannsdottera som var på ball, og midt i ein forrykande foxtrot blei det så mykje for ho at ho fall daud om på dansegulvet. Ho var sjølvsagt fin i tøyet, og pynta med ein haug med dyre juvelar, og far hennas var so rik og so opprørd at han meinte at dei juvelane fekk ho ta med seg i grava. Han orka ikkje sjå dei meir. Gravferdsagenten meinte det var for gale. I nattens mulm og mørke sneik han seg inn i hvelvet der ho var plassert, for å stikke til seg verdisakane.

Ringane hennar satt godt på fingeren, so han måtte bruke litt makt for å få dei laus. Medan han holdt på med det vakna kvinna til live med eit skrik, og gravferdsagenten vart så redd at han sprang sin veg. Heldigvis let han døra til kvelven stå på gløtt, og kvinna stabba seg heimover. Forvirra og desorientert, men ellers i god form. Ho levde eit langt liv, og fekk fleire barn etterpå, så den historia endte i kvart fall godt.

So det er berre å stålsette seg folkens. På torsdag kjem eg og guttungen på døra, eg tilrår at dykk har rikeleg med knask å putte i bøtta. Dykk vil verkeleg ikkje bli utsatt for knep!

Leave a Reply

%d bloggers like this: