web analytics

Tempo tempo

2011Aug27PreIronman 014

Ytringsfridom er fridom til å ytre seg med økonomisk overskudd skal Kjartan Fløgstad ein gong ha sagt. Sjelden er det sitatet like aktuelt som når det årlege Temposeminaret går av stabelen her i Høljebyen. Eg sluttar aldri å undre meg over dette. Folk syntes det dyrt å betale ein hundrelapp for å gå på kino. Nokre ristar på hovudet at Riksteatret vil ha 350 kroner for å slippe deg inn på Vildanden.  Betalingsvilja for å sjå kjente artistar og kunstnarar på høgt nivå på scena i samfunnshuset er høgst variabel. Men om ein klarar å pakke det inn i eit blomstrande språk om inspirasjon og motivasjon, lager ein pakke med fleire føredragshaldarar, og pynter brura med ein liten lunsj, kanskje ein fest på kvelden. Da står næringslivet i kø for å betale tusenvis av kroner for moroa. Det er ganske interessant.

Eg seier det gjerne litt flåsete. Temposeminaret er eit einaste stort bevis på at det er rom for ein monaleg auke av skattenivået for næringslivet her i landet.

No tenker sikkert ein heil del av dykk at eg er ein grinebitar og ein gledesdrepar som berre er misunneleg av di eg ikkje har råd til å gå på dette seminaret. Det har dei sjølvsagt heilt rett i, men lat meg berre understreke. Det er ikkje Temposeminaret eg kritiserar. Tvert i mot. Eg synes det er strålande at nokon her i byen kan sko seg på næringslivets evne og vilje til å bruke mykje pengar på å høyre høgt betalte foredragsholdarar plapre i veg. Ikkje kritiserar eg næringslivet for at dei gjer det heller. Temposemniaret er ein fin møteplass. Ein god plass for relasjonsbygging som det heiter på korporativt. Nepotismen kjem ikkje av seg sjølv. Det er sikkert også nokon hyggelege timer, og om dei som er leid inn for å snakke er flinke kan ein vere heldig å lære noko. På Temposeminaret er foredragshaldarene som regel henta frå høgste hylle, så det er ein god sjanse for at det ikkje er heilt bortkasta. Det som får meg til å himle litt med augo er språket. Eg siterar frå nettsida til årets Temposeminar:

«I bedrifta di er det kvardagane som skapar resultata. Ingen føredragsholdar kan gjere jobben for dykk, og det veit du betre enn nokon. Men av og til treng vi å høyre andre stemmer som kan setje oss i ein tilstand til å prestere endå betre. Eit føredrag kan vare èin time, men verknaden kan vare evig. På Temposeminaret opplever du føredragshaldarar som inspirerer deg og fyller opp motivasjonstanken.»

Det er så fint! Det hadde ikkje vore finare om sjølveste Martha Louise hadde forfatta teksten. Det einaste problemet er at det berre er tull. Hvis ein kjekk mann i dress, eller nokon gonger ei pen dame i kjole, som seier sjølvsagte ting om livets store mysterier er nok til å motivere deg har du nok ein veldig lett jobb. Ein slik som snart blir outsourcet til India eller eit anna lavkostland. Eg las i Dagens Næringsliv for nokre år sida om nokon som hadde forska på det her, og dei hadde store problem med å spore nokon som helst effekt ut av slike inspirasjons og motivasjonssamlingar. Jau, dei som hadde vore på kurs, som jo som regel er leiinga, hevda nok at dei blei både motiverte og inspirerte av foredraga. Problemet var at dei som jobba på golvet, dei som ikkje fekk vere med på seminar, dei opplevde ikkje noko forskjel. All motivasjonen og inspirasjonen kom aldri vidare. Den blei verande inne i skallen på leiarane som hadde vore på kurs. Du blir ikkje ein betre leiar av å bruke nokre timar på Temposeminaret. Du blir ikkje eit betre menneskje heller. Og det er helt greit det. Det er lov å ha det kjekt, men føredraga er stort sett berre underhaldning. Omtrent som Anne Kat Hærland, berre dyrare.

Den ærlege teksten ville ha vore at eit føredrag kan vare ein time, bakrusen heile neste dag, og dei ansatte kjem fortsatt til å meine at du er ein dust på måndag. Men det er ein fin dag, eit hyggeleg avbrekk i kvardagen, og du kan trekke av kontigenten på skatten. Bli med da!

Her ligg sjølvsagt forklaringa på at folk meinar det er noko stivt å betale nokre hundrelappar for å sjå Riksteateret gjere Henrik Ibsen, medan tre tusen kroner for å sjå nokre føredrag i den same stolen ikkje får nokon til å heva eit augelokk. Sistnemnde kan utgiftsføre kostnaden, og på ein måte få pengane tilbake i form av lågare skatt. Ja ein kan kanskje seie det så sterkt som at heile inspirasjons og motivasjonsbransjen er subsidiert av skattepengane våre. Den norske modellen, der personinntekt skattes rimelig høgt, medan næringslivet slepp relativt billig unna, burde stått på lista over sponsorer. Det er du og eg som betalar gildet.

Men det er berre hyggeleg det altså. Eg byr gladeleg på det. Håpar dykk hadde ein fin dag i går, kanskje vi sjåast neste år?

Leave a Reply

%d bloggers like this: