web analytics

Kva har du i bagasjen?

khartoum

Livet er eit samansurim av slump. Flaks og uflaks. Tenk deg at du kjem frå Marokko. Av ein eller annen grunn finn du vegen til Paris, der du treffer ei svensk jente som er i Frankrike som au pair. Søt musikk oppstår, og sidan du ikkje har noko familie som held deg i Marokko, kvifor ikkje bli med jenta heim til Sverige? Du giftar deg med den der svenske flickan, men dessverre går det slik det av og til går, det ender med skilsmisse. Du held på humøret likevel. Du har utdanna deg til sykepleiar. I Noreg er det pengar å hente, så du får deg jobb gjennom eit vikarbyrå, og plutseleg er du i Årdal. Det er eit stykke frå Marokko til Årdal.

Men du er berre vikar, og etter eit to månaders engasjement er det på tide å reise heim til Sverige igjen. Du setter deg på Valdresekspressen, første etappe på vegen tilbake til Gøteborg, men så langt kjem du aldri. Du er på feil plass til feil tid. Ein desperat asylsøkar er på same buss som deg, han trekker ein kniv og dreper alle på bussen. Frå Marokko, via Paris og Gøteborg, og så blir ein drept av ein fyr frå Sør-Sudan. I Årdal av alle plassar. Verda er lita. Lita og grusom.

Kva med mordaren? Kva slags reise har han vore på? Korleis ender ein 30 år gammal mann frå eit land langt borte opp på ein buss i fjellheimen i vårt lille land med ein blodig kniv i hånda? Vi veit ikkje så mykje enno, men Aftenposten har fått fatt i asylsøknaden hans. Dei kan fortelle at han er fødd i 1982, i byen Mayom i delstaten Unity i Sør-Sudan. Det har vore fleire borgerkrigar i Sudan, den siste varte frå 1983 til 2005, og krigshandlingane i dette området inneholdt både massakrar og folkefordrivelsar. Ein gong på nittitalet flykta han. Til hovudstaden Khartoum. Han var ikkje aleine om det. Tre år etter at borgarkrigen tok slutt meinte hjelpeorganisasjonar at det var omlag 1.7 millionar flyktningar i Khartoum. Busette i enorme flyktningeleire, i slumområde, i utkanten av byen. Sterkt prega av fattigdom og kriminalitet. Sjølv om borgarkrigen var over var det ikkje berre for flyktningane å dra heim igjen. Sør-Sudan vart oppretta som ein splitter ny nasjon, det gjorde at mange av flyktningane mista statsborgarskapet sitt. Det var ein komplisert borgarkrig med fleire frontar. For mange var det ikkje mogleg å dra sørover. Fortsatt er det om lag ein halv million flyktningar frå Sør-Sudan i Khartoum.

Mange som ikkje kunne dra sørover dro i staden den andre vegen. Nordover, via Egypt, og til Israel. Det er ein tøff rute over Sinai der flyktningane er utsette for forferdelege påkjenningar. Dei som ikkje blei skotne av egyptiske soldatar risikerte å bli tatt til fange av menneskesmuglarane dei hadde betalt for å føre dei til Israel. Folk blei haldne i fangenskap i veker og månader for å presse dei for meire penger. Det har vore meldt om organtjuveri frå folk som ikkje hadde penger til å betale. Ei undersøking frå 2011 fann at over halvparten av flyktningane som kom denne vegen hadde opplevd å bli misbrukt av smuglarane. Brent, brennemerkte, hengt etter hender eller føter, og valdtekne. Solgt vidare til andre beduinar, og så var det på’an igjen. Sjølv om du til slutt klarar å kome deg inn i Israel er det ikkje over. Flyktningane er ikkje velkomne der heller. Afrikanske flyktningar i landet har vorte utsatt for fleire angrep. Dei israelske styresmaktane løste det med å beordre massedeportasjon av eritreere og sudanere. Flyktningar frå Sør-Sudan inkludert.

Men Israel er også eit springbrett for vidare reise til Europa. Mange, i likskap med drapsmannen, endar opp i Spania. Eit land som berre gir asyl til om lag to prosent av asylsøkjarane frå Sør-Sudan. Om han har følgt denne ruta, frå Mayom, til Khartoum, over Sinai, inn i Israel, og så til Spania, er det all grunn til å tro at han har hatt ein oppvekst og eit liv som har vore utrygt i beste fall. I verste fall svært brutalt.

Eg bruka ein gong å erte på meg folk i kommentarfelta i nettavisane ved å hårdnakka hevde at det ikkje fantes onde menneskje, berre onde handlingar. At alt kan forklarast med rus, psykiatri, og sosialøkonomiske omstende. Slump. Flaks og uflaks. Slike diskusjonar ein kunne ha før Anders Behring Breivik tok på seg den heimelagde uniformen og gjekk ut for å drepe. Eg er ikkje like skråsikker lenger. Eg vil ikkje ha forklaringar. Eg er lei. Eg vil ikkje skjøne korleis ting heng saman. Eg vil at det skal ta slutt. Eg vil ha auge for auge. Ingenting i bakgrunnen til drapsmannen kan rettferdiggjere handlingene hans måndag kveld. Men har vi noko val? Det er 45 millionar flyktningar i verda. Nokon av dei kjem til å kome hit, og dei har med seg tung bagasje. Vi er naudt til å læra oss å håndtera han, anten vi vil eller ikkje.

Korleis? Det finnes det ikkje noko enkelt svar på. Dessverre.

Leave a Reply

%d bloggers like this: