web analytics

FML

5968574439_7d62b12f0b_b

Det hender ein gong i blant at eg får innspel frå mannen i gata om kva eg bør skrive om i avisa. Nå må du snart skrive noko morosamt i avisa, du har vore så seriøs i det siste, var det nokon som sa førre helg. – Jau, svara eg, men då må nesten nokon seie eller gjere noko dumt først. Eg kan ikkje trekke vitsane mine ut av lause lufta. Eg treng nokon å kaste bløtkake på skal det bli noko gøy. Men eg kan ikkje bruke kva som helst. Ein kan ikkje gjere gull av gråstein. Som når eks-ordførar Bente Frøyen Steindal går til angrep på noverande ordfører Bengt Solheim Olsen for feil bruk av byvåpnet. Det går berre ikkje. Det blir for mykje av det gode. Det er så langt ute at det er ikkje mogleg å vere morosam på hennar vegne utan å tippe heilt over i det surrealistiske. Hadde no enda Bengten tatt til orde for å bytte ut kommunevåpenet med den smått legendariske Leeds-smileyen som dei brukte som emblem frå 1973 til 1976 (og på eit par bortedrakter i seinare år) hadde eg hatt ein viss forståelse for at ein tok opp saka, men alt han har gjort er vel å la seg ta bilde av foran eit banner som nokon andre har laga? Og dette må ein bruke tid på? Nei, eg ber om orsak til eks-ordføraren her, men dette er ikkje godt nok. Eg kan ikkje bruke heile dagens tekst på dette her. Vi må finne nokon andre å gjere narr av.

Meg sjølv til dømes. Siden ein god latter gjer livet lengre, og det allereie er så få folk her i dette fylket at vi ikkje har nokon å miste, gjer eg herved ein innsats for folkehelsa, Flora, Bremanger, Sunnfjord og Sogn og Fjordane. Ikkje takk meg, send heller penger. Og trøst. Heile familien ler av meg denne veka (meir enn vanleg må eg nesten seie), og nå er turen komt til dykk. Vi tar det heilt frå starten. Tysdag morgen. Klokka er 07.15 i hjortheheimen, og gutekoret frå Wien setter i med å hyle ut at det er ein god morgon. Ja, eg har nemleg ein mobiltelefon frå LG til testing for tida, og der har dei fått Wiener Sängerknaben til å synge inn ringetoner. Eg vaknar kvar morgen av faenskapet som synger good morning. Det er det som regel ikkje, men dei får meg i det minste opp av senga. Eg snublar inn på rommet til sonen på snart sju, får han opp av senga og ut på skoleveien, og så går eg laus på jentungen på snart tre. Ho har ikkje lyst til å starte dagen enno.

Alle som har hatt ein nesten tre-åring i hus kan den her historia. Dagen kjem skikkeleg skeivt ut. Jentungen vil ikkje stå opp, vil ikkje kle på seg, vil ikkje ha frukost, vil ikkje i barnehagen, og når ho endeleg har fått på seg klær, vintersko og boblejakke, skal ho sjølvsagt tisse. Men ho skal ikkje bli ferdig å tisse, ho skal berre sitte på potta og halvsove, og på eit eller anna tidspunkt blir det for mykje for ein snart femti-åring med litt for lite søvn bak augo. Eg hever nok stemma eit ørlite hakk, og seier eit og anna om oppførselen hennar som nok ikkje er korkje vennleg, pedagoisk eller særleg Gahr-Støre-aktig. Dialogen har brutt saman, og morgonen er øydelagt. Når eg kjem for å hente det lille monsteret i barnehagen på ettermiddagen får eg høyre av dei ansatte at ho har fortald at pappa hadde vore sint på henne i det kvite huset. Sladrehank. Eg skjønar at eg har tapt. Eg er spelt ut over sidelinja av ei jente på to år og nokre månader. Heretter må eg berre bite i meg alt som kjem.

Men dagen var ikkje over. Mi høgt elskede sambuar hadde planar om å servere karbonader av hjortekjøt denne tirsdagen, og eg hadde sjølvsagt ingen innvendingar mot det. Nam nam, eg likar hjort. Når maten er klar hentar eg meg eit digert spann med tyttebærsyltetøy i kjøleskapet, tek av lokket, og ser at det ser litt annleis ut enn tyttebærsyltetøy pleier å gjere. Men eg ser på spannet at det er eit slikt billeg merke frå Coop, så eg tenker ikkje så mykje over det. First Price og Xtra og kva det no heiter alt saman, billeg skit, det kan no vere så mangt, men det smakar sikkert godt likevel. Tenker eg, og slenger rikeleg med syltetøy på hjortekarbonadene. Og så gaflar eg det i meg, og vel synest eg nok at tyttebærsyltetøyet frå Coop ikkje er like godt som Lerum sitt, men det går no ned.

Etterpå ryddar eg ut, og setter syltetøyet i kjøleskapet. Der ser eg at det står ein boks til med billeg tyttebærsyltetøy frå Coop. Jøss, seier eg, har du kjøpt to boksar av dette her billeg-tyttebæret? Neida, svarer mitt livs ljos. Den eine boksen er tyttebær, medan den andre er heimelaga bringebærsyltetøy som vi har fått frå besti. Eg legg saman to og to, og får to streker under svaret. Eg hadde altså spist to solide porsjonar hjortekarbonade med bringebærsyltetøy, og heile familien ler av meg. Enno. Høgt. Svinepelsar!

Som ungdomen seier no til dags. FML.

Foto: AttributionNoncommercialShare Alike Some rights reserved by Carol Browne

Leave a Reply

%d bloggers like this: