web analytics

Hei hå nå er det jol igjen

 He's a mean one... omgponies2 via Compfight

Du hildrande du, no er vi i gang igjen. På austlandet har ei blomsterpotte falt ned frå ein balkong og knust. Ein hagestol har velta. Det er visst ekstremver igjen. Eller flau bris som det heiter her omkring. Her vest laver snøen ned ferdig måka. Katta har slutta å gå ut frivillig. Det er meir reklame enn nokon sinne på Disney XD. Ein kan observere florøveringar i hopetal på handelshusa inne i Førde om kveldane. Dette kan berre tyde på ein ting. Jola er i kjømda. Er du som meg trur du at du har god tid med alt det der jolegreiene heilt til du ikkje har det lenger. Da er det lett at panikken brer seg, men slapp av. Eg har vore ute ein vinternattt for å kjøpe jolepresangar på Shell før, eg er ikkje redd lenger. Dette skal ordne seg. Jola er først og fremst barnas høgtid. For alle oss andre handler det mest om å overleve utan å ta livet av nokon i drittsinne, eller gå personleg konkurs. Dette skal eg hjelpe dykk med.

Dei som les økonominyhende har kanskje fått det med seg allereie, men det er altså slik at vi ser ut til å vere på veg inn i trongare tider. Detaljhandelen i tredje kvartal var laber. Dei spår ein ørliten nedgang i jolehandelen. Boligprisane er på veg ned. Festen er kanskje ikkje heilt over, det er kake igjen, men nokon har spist opp all pynten. Både seigmenn og nonstop. Dette må eg ta med i vurderinga når eg skal gje råd om jola. Folk har kanskje ikkje all verda med penger å blåse på fråtsing lenger. Om du er ei av dei som kjenner at økonomien er litt pressa, fortvil ikkje. Det er håp. Jolegåvene trenger ikkje koste all verda. Om ungane har eit balltre kan du låne det, pynte det med litt glitter og stas, og ta det med til Førde. Finn nokon som ser ut som dei kjøper gåver som kan passe til din familie, følg etter dei heim, og bruk det nye joleballtreet til å truge til deg plastposene med gåver. Billeg, bra og lite risikofylt. Dei du ranar må melde ranet i politiets åpningstid, om du berre ventar til etter fem med å ta frå dei gåvene kjem dei ikkje til å leite etter deg før dagen etter. Da er sporene kalde, og du er trygg frå lovens kortermede skjorte.

Men om du fortsatt tror på jolenissen kan det vere at du ikkje vil ty til slike metoder for å få gåvene i hus. Nissen ser som kjent alt, og har du vore slem får du ikkje gåver. Fortvil ikkje. Det er mogleg å gjere det billeg likevel. Sjøl er eg fattig som ei lus for tida, og har tenkt å gje heimelaga gåvekort til mi kjære i år. Eg kan ikkje skrive i avisa kva slags tjenester eg har tenkt å gje ho gåvekort på, ho les jo det eg skriver, og kanskje nokon som er under atten også, så dykk får berre bruke fantasien. Men dere skjønar kva eg meinar. Gåvekort på massasje, ein betre heimelaga middag (som helst blir verre om det er eg som lagar den, men det er tanken som teller) sove lenge ein laurdag, frukost på senga. Seksuelle øvelser. Slike ting som ikkje kostar noko, men som sprer glede og kan vere kjekt likevel. Det som er viktig å hugse på er at dette med gåvekort nok kan virke som ein god ide midt i desember, men det kan fort bli litt slitsomt når ho kjem for å kreve inn gåva si ein kveld du heller vil bruke på å se sesong to av House of Cards på Netflix. Eg skal difor passe på å legge inn nokre setningar med liten skrift på dei gåvekorta. Gjeld ikkje cover charge. Kun gyldig ved 12 måneders binding. Kan ikkje overdras.  Ikkje gyldig på salgsvarer. Kan ikkje kombinerast med andre tilbod. Må brukast før 1.1.14.

Det er dessverre ikkje like lett å vri seg unna julegåvene til barna. Dei ventar seg at det bugnar med gåver under treet, og her held det ikkje med gåvekort. Denne kan vere lei, men eg har ein plan også for dem. Barn er jo fine på den måten at dei har ein stor sans for rettferd, og ofte eit stort hjarte for dem som ikkje har det så godt som dei sjølv har. Det kan utnyttast. På jolaften har eg tenkt å sette meg ned saman med dei små djevelungane, og gje dei ein lang fortelling om korleis barna har det i andre og mindre fredfylte hjørner av verden nå som 2013 er på hell. Eg kan vise dei nokre bilder frå Syria kanskje, og så seier eg at i år har eg gjort det slik at alle dei pengane eg hadde tenkt å bruke på leiker og ting som dei strengt tatt ikkje trenger, dei har eg i staden sendt av gårde til dei stakkars barna som kanskje ikkje ein gong veit at det er jol. Løgn frå ende til annan, men vi tenner eit lys, sender ein tanke til stakkarne, og føler oss som gode menneske ein liten stund likevel. Det blir ein jolekveld dykk aldri kjem til å glemme. Særleg om du lar dei smake ein slurk av akevitten før sølvgutane stemmer i.

Sånn kan det altså gjerast. Vær kreativ. Hugs at det er tanken som tel, og er du blakk på første nyttårsdag nå er det i kvart fall ikkje mi skuld. God jol!

Leave a Reply

%d bloggers like this: