web analytics

Opp alle jordens bundne treller

Forrige samtale med Hagbarth utviklet seg til å bli denne helgas spalte i Firdaposten. Sånn kan det gå.

... praying for deliverenceCreative Commons License James Vaughan via Compfight

Eit stykke ut på jolekvelden, etter at alle gåvene var åpna og det var på tide å komme seg heim att gjekk det opp for meg. Det var ein gåve som mangla. Boka Dyr du skulle ønske ikke fantes, som kom i posten i siste lita på julaften. Eg pakka den inn rett før vi skulle køyre inn til svigers, og var sikker på at eg hadde lagt den i posen med dei andre gåvene. Eg tok feil som vanleg. Når vi kom heim lå den på spisebordet, under noko tiloversblevent jolepapir. På merkelappen sto det Til Hagbarth, frå Julenissen.

– Kvifor står det at den er frå Jolenissen, spurde sonen min, som ikkje heiter Hagbarth til vanleg. Berre når eg skriv om ham.

– Jau, det er vel fordi den kjem frå Jolenissen det. Den låg i kvart fall i peisen når eg kom heim frå jobb i dag, så han har nok sluppet den ned pipa til deg.

– Ja, men kvifor står det at den er frå Jolenissen. Han har jo mange som hjelper til. Det er ikkje han som har laga den.

– Nei det er vel sant. Han har jo en haug med små alver som hjelper til med å få alle gåvene klare til jolafta.

– Nemlig. Det er urettvist at det berre er Jolenissen som står på lappen og at han får all æren for gåvene. Alt han gjer er jo å levere dei.

Eg veit ikkje kor disse sosialistiske tendensene, denne kimen til klassekamp kjem i frå. Eg gjettar på at det er skulen som har skulda. Alt verkar tilforlateleg nok når vi er innom klasserommet, men når vi er ute av døra kjem dei frem. Marx, Lenin og Che. Kari tek på seg bereten og fyrar opp ein diger sigar frå Cuba. Læreboka i norsk blir lagt i sekken, og fram kjem Maos lille røde. Om nokon protesterer tek Sølvi av seg eine skoa og smeller den i kateteret som ei annan manipulert Khrustsjov. Den skal tidleg krøkast som god rød-grønn sosialistdemokrat skal bli, og høgreavvikarar må lukast ut så fort som råd er. Sjølv Ikkje jolenissen er altså heilag.

Fullt så gale er det nok ikkje, men eg tek på meg oppgåva med å balansere det kollektivistiske bodskapet som sonen min altså no er så opptatt av. Eg forklarar at alvene sjølvsagt er viktige i jolegaveprosessen, men at det er jolenissen som har investert sine midlar i denne bedrifta. Det er han som har tatt risikoen, og det kunne jo ha gått galt. Kven skulle vel tru at ein forretningsidé basert på hemmeleghald, flygande reinsdyr og massiv overvakning av barn i heile verda skulle bli ein suksess? Eg hadde ikkje satsa pengane mine på det, men Jolenissen gjorde det, og han vant. Skulle berre mangle at ikkje han tek æra for det?

Men sonen min høyrer ikkje etter. Han er opptatt med å skyte armane av ein angripande zombierobot som han har fått i gåve frå besteforeldrene. Eg tenker eit sekund eller to på om eg skal gjere samanlikninga. Er det rettvist at det står frå Bestemor og Bestefar på etiketten når zombieroboten kanskje er skrudd saman av små barnehender på ein slaveliknande fabrikk ein plass i Asia?

Eg lar det ligge. Verda blir komplisert tidleg nok slik som det er. Ein gong kjem han til å oppdage at nærast alt det kule han ønsker seg er produsert for luseløn under arbeidsforhald som han sjølv aldri kjem til å kjenne på kroppen. Vil han fortsatt vere opptatt av kor urettvist det er? Nok til at det endrar noko på kva han vil ønske seg? Kva han vil bruke pengane på? Vil han freiste å endre verda, eller vil han gjere som dei fleste av oss gjer? Trekke på skuldrene og trekke kortet ein gong til? Kanskje er det like greit, for det er ikkje sikkert det blir noko enklare å være arbeidar i Kina om vi ikkje kjøper varene deira.

Verda hadde i grunnen vore mykje enklare om det verkeleg var alvane til Jolenissen som produserte varene under joletreet, og alt som skulle til for å gjere det rettvist var å la dei få namnet sitt på gåvene.

Leave a Reply

%d bloggers like this: