web analytics

Sodoma og Gomorra

Lot's wife
Kona til Lot, som ikkje kunne ta ein beskjed

Det er heilt greit for meg om soknepresten i Bremanger meiner at sodomibasert ekteskap ikkje er i tråd med bibelen. Det skal ikkje vere plass til alt i kyrkja. Nokon synest å meine at kristendom skal vere ein slags konfektreligion der ein kan plukke dei bitane ein sjølv likar best. Ein må gjerne blande Twist og Kong Haakon om ein vil, og nåde den som seier i mot. Sjølvsagt må folk få tru akkurat kva dei vil, men på eit eller anna punkt stopper det å vere kristendom og blir til noko anna. Prestane og kyrkja må verne om sine favorittbitar. Avgjere kva som er innafor. Den debatten kan ikkje eg hjelpe dei med, dømt til helvetes pinsler som eg jo er.

Men kor kjem eigentleg kyrkjas meir eller mindre uttalte avsky for homofil praksis i frå? Då må vi langt tilbake i tid. Hugsar dykk Lot? Nevøen til Abraham? Han med kona som blei til ei saltstøtte under flukten frå Sodoma og Gomorra av di ho ikkje kunne ta ein beskjed? Det var der det starta.

Lot og Abraham reiste ein del rundt saman. Blant anna dro dei til Egypt der dei slo seg stort opp på kveg, og blei ganske velståande. Etterkvart dro dei heim til Kanaan igjen, og fann ut at det var best om dei skilte lag. Lot hamna opp i Sodoma, saman med familien sin. Sodoma og nabobyen Gomorra var viden kjend for at der gjekk det for seg. Dette er rundt fire tusen år sida, så det er dårleg med augevitner, og siden bibelen ikkje kan skryte på seg eit direkte og lett forståeleg språk er det ikkje heilt lett å få tak i akkurat KVA som gjekk for seg. Eg ser for meg at det minna mykje om Paradise Hotel, berre med meir homofil praksis. Noko må det i kvart fall ha vore, for Vår Herre fann ut at han skulle øydelegge begge byane fullstendig.

Abraham synest det var for gale. Han kjøpslo med Gud, og fekk han med på å spare byane om det berre fantes ti bra folk i byen. Gud sendte to englar ut for å sjekke ståa. I byporten traff dei Lot, og lot seg overtala til å bli med ham heim. Der får dei hilse på familien, og spise godt brød. Men ryktet om dei to framande løp som ild i tørt gress rundt i byen. Seint på kvelden samla alle byens gutar og menn seg framfor huset til Lot. Der ropte dei på Lot, og ba ham sende ut dei to framande slik at dei kunne få voldta dem både lenge og vel. Litt som ein vanleg fredagskveld i Bygstad der altså.

Lot gjekk ut for å snakke med dei. Kvifor så alvorlege? Hadde det ikkje vore betre med kvinnfolk? Lot sjølv hadde to unge døtre som fortsatt var jomfruer. Kva om han ba dei kome ut, så fekk heller dei framande slippe unna for denne gongen? Dei blei bare sintare. Lot var berre ein oppkomling og ein innflyttar. Kven var han til å seie korleis dei skulle oppføre seg? Nå truga dei med å ta Lot for seg, og det verre enn dei fyrst hadde tenkt å gjere med dei framande. Heldigvis tok englane affære. Dei åpna døra, drog Lot inn i huset, og så gjorde dei eit eller anna Gandalf-triks som gjorde kåtmobben utafor huset blinde. Englane ba Lot ta med seg dei han ville ha med seg bort frå byen, for nå skulle Herren ramme byen med all si vrede. Lot og familien dro, medan Gud lot det regne ild og svovel over Sodoma og Gomorra. For alt eg veit brukte Herren både napalm og kvit fosfor også. I dag ville vi kanskje ha kalt ham ein krigsforbrytar og stilt ham for retten i Haag.

I ein liten epilog dro Lot og døtrene hans til fjells, der dei bosatte seg i ein hule i fjellene. Der tok døtrene ansvar. For at ikkje ætta skulle døy ut skjenka dei gamle Lot dritings på vin, og hadde sex med ham til dei vart gravide. Bibelen hevdar at Lot ikkje skjønte kva som gjekk føre seg, men den bortforklaringa må han lengre ut i Gudbrandsdalen med. Borna av denne incestuøse historia blei stamfedre til moabittene og ammonittene, som skal finnast den dag i dag. Eit stykke ned i den slekta finn vi stakkars Jesus, som altså er eit innavla resultat av at ei umoralsk tøyte skjenka far sin full og valdtok ham for å bli gravid. Bibelen er full av oppbyggelege historier som dette.

Eg føler med dei homofile. Ting kom litt ut av kontroll for fire tusen år sida, og dei får fortsatt høyre det. Greit at det var ufint å truge englane med valdtekt, men inga skjede vart skadd. Var det verkeleg naudsynt å øydelegge byane og drepe alle som budde der? Eg meinar det var ein overreaksjon. Gud burde heller sendt englane ned med eit lass med gratis kondomar og nokre brosjyrar om sikker sex. Ingen har vel tatt skade av litt frivilleg sodomi voksne i mellom? Om kyrkja skal vigsle dei homofile har eg inga meining, men dei kan godt be dei om orsak for det som skjedde i Sodoma og Gomorra.

6 Comments

  • 18 January, 2014 - 12:34 pm | Permalink

    Ironien er at det heile berre er eit spørsmål om tid, og det undrar meg alltid at kyrkja ikkje ser det på sin eigen historikk. Det er ikkje lenge sida prestane ikkje skulle vige fråskilde, – og lista over kva som var synd før, men ikkje no er lengre enn vegen herfrå til Sodoma. Mange av prestane er forresten sjølv fråskilde og gifte på nytt. Eg likar konfektmetaforen. Sjølv har eg ofte snakka om eit koldtbord, – men konfektask er betre. Neste gong nyttar eg den.

    Hausten 2010 snakka eg med ein forelesar på høgskolen i Oslo. Har stussa over at eg framleis skreiv “ham” på bokmål, og eg skjøna at eg var håplaust gamaldags. “Det er det vel ingen som gjer lenger,” sa han og såg utover forsamlinga av unge studentar. Dei nikka einige. Innimellom var vi nokre gamlisar som ikkje skjøna kva han snakka om. Sjølvsagt skreiv vi “ham”. Du skriv det på nynorsk óg, – og eg flirer når eg tenkjer på kva forelesaren ville sagt til det.

    Takk for fin lesing ein laurdagsmorgon. No må eg ut!

    • Arne Hjorth Johansen
      18 January, 2014 - 12:48 pm | Permalink

      Jeg skal skrive “ham” både på nynorsk og bokmål til den dagen jeg dør. Mulig det er min eneste kampsak.

      Mange i kirka ser vel på historikken hvilken vei det går, men det er greit. Det er vel sånn at det må bevege seg milllimeter for millimeter, de kan ikke ta alt på en gang. Men det har jo kommet langt når man ser hvilke reaksjoner sognepresten i Bremanger pådrar seg når han sier han heller vil si opp jobben enn å vie homofile. Er bare et tidsspørsmål før de prestene også er borte, om ikke det kommer en kraftig motreaksjon da.

    • 18 January, 2014 - 6:05 pm | Permalink

      Det heter naturligvis “ham” i objektform (akkusativ), gammeldags? Nei svært nyttig, på den måten etterlates det ikke tvil om hvem som er aktør i setningen.

      På nynorsk heiter det “honom” i objektform, sjølv om det i siste rettskrivingsnorma har blitt bytta ut med “han”. I nynorsk-nære dialektar nyttar ein stadig ein eller annan variant av “honom”.

      • Hjorthen
        18 January, 2014 - 8:01 pm | Permalink

        Ad honom! Ad honom!

      • 5 February, 2014 - 11:15 pm | Permalink

        Nå er det vel ei stund sida “han” ble mer vanlig en “honom” i skriftlig nynorsk. Men enig er jeg. “Ham” er et kjekt ord, – som går ut av soga med sånne som jeg.

        Jeg legger ellers merke til at de som skriver nynorsk i aviser og sånn, tar seg mye større friheter når de skriver enn folk som skriver bokmål, – og det er jo interessant. “Tal dialekt, skriv nynorsk.” ropte Mållaget en gang før i tida, og det er et fint slagord, – men det gjelder liksom bare for nynorskskribenter, og det irriterer meg litt. Irriterer meg den rette veien, altså. Jeg tenker at om nynorskfolket kan, – da må vel bokmålsfolket kunne også. Jeg har latt elevene mine rette nynorsktekster fra avisene, og det blir tyttebærrødt. De finner feil av det virkelig grove slaget, – du vet: På nynorsk skriver vi aldri “foran”, bare “framfor”, på nynorsk heter det “Noreg, kvit, ein og ikkje”. Dette driter nynorskingene i om det passer dem. De skriver “Norge, hvit, man og ikke”. Du bruker “dykk” som subjekt over her, – trolig fordi det passer med talemålet ditt. Jeg liker det, men som norsklærer må jeg gi elevene mine beskjed om at det er feil. Ingen som skriver bokmål ville våget seg på noe sånt.

        Hvorfor er det sånn?

  • 7 February, 2014 - 12:46 pm | Permalink

    Jeg KAN jo ikke skrive nynorsk. Så om jeg tar meg friheter så er det bare fordi jeg ikke vet bedre!

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: