web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Nugatti-TV

Mephisto - Silver Surfer #17 - John Buscema Gwendal Uguen via Compfight

Det er berre å slå av fjernsynet folkens. Eivind Hellstrøm vant. Årets TV-augeblikk kom allereie i januar, det er berre å blåse av konkurransen. Dette blir omogleg å toppe. For dei som ikkje fekk med seg det mykje omtala programmet om Øystein og nugattiboksen skal eg taka eit kjapt resymé.

Programmet heiter Hellstrøm rydder opp. Heime. Mesterkokken Eivind Hellstrøm fyk landet rundt i Mercedes, med eit kamerateam på slep, for å hjelpe folk med utfordringar i matvegen. I årets fyrste program drog han til Vikersund for å hjelpe Øystein som berre spiste brødskive med nugatti. Frokost, middag og kvelds. Brødskive med nugatti. Når kona Astrid og dottra spiser laks, sit Øystein i andre enden av stua med nugattiskivene sine. Han likar ikkje lukta av laks, så det er best slik. Men så kjem Hellstrøm på besøk og gjer fyren eit ultimatum. Han må velge. Kona eller nugattien. Han kjøyrer Øystein gjennom ein fysisk test. Dei finn ut at kroppen hans har ein fysisk alder på 72 år. Astrid gret. Øystein vet ikkje kor han skal sjå. Korleis skal dette gå?

Men Hellstrøm tek tak i situasjonen. Han lar Øystein få smake både salt, surt og bittert. Han viser ham korleis han kan lage ein fiskegrateng der er umogleg å ikkje like. Og Øystein smaker og smaker, og spiser opp all fisken. No er han klar for å lage same fiskegratengen til kona. Han står på kjøkkenet og styrar på medan Hellstrøm kjem med oppbyggande kommentarar underveis. På bordet kjem det roser. Nå er det romantikk, og ekteskapet skal reddast. Øystein er usikker på korleis dette vil gå. Er maten god nok? Kona tek ein bit, og ja, den er faktisk betre enn Hellstrøm sin! Øystein, og vi som ser på, puster letta ut. Dette kjem til å gå bra. Ekteskapet får ein ny vår. Øystein og Astrid skal leve lenge i landet. Når Hellstrøm kjem tilbake etter ein månad treff han båe to på kjøkkenet, i ferd med å stelle i stand middag til nokre venar. Øysteins fysiske alder er nå berre 52 år, og programmet endar med at dei graver ned ein boks nugatti i hagen. Dei setter eit kors med RIP på toppen. Oppdrag utført. Hellstrøm køyrer vidare til neste heim som treng hjelp, vi andre går til sengs med ein god følelse i magen. God natt.

Sjølvsagt er det strålande TV. Eg haldt på å le meg skakk, og måtte sjå det i reprise dagen etterpå. Men like sjølvsagt er det ein illusjon. Dramatisert og tilrettelagt. Når eg ser reprisen kjem eg litt i stuss om kva eg eigentleg ser på. Er det ikkje noko her som er riv ruskande gale? Ligg det noko farleg og lurar rett under overflata? Er det berre uskuldeg TV-underhaldning, eller er det noko meir? Kven er Eivind Hellstrøm eigentleg, og har han ein skjult agenda?

Om ein ser godt etter vil ein finne at svaret på det er eit klart ja. Dette er god gamaldags hjernevask, med skjulte satanistiske bodskap, slik som ein av og til kunne finne om ein spela ei Bjørn Eidsvåg-plate baklengs. Når ein først har sett lyset, og den onde planen bak. Da blir Hellstrøms Nugatti-TV plutselig veldig skummelt. Prøv sjølv, se om du skjønar kva eg meinar.

Når Hellstrøm først kjem på besøk er det eit par ting som er påfallande. Mor og datter står på kjøkkenet og lagar laks. Far sitter for seg selv i sofaen foran TV’en. Interiøret er i stua er feminint. Det er plakatar av femtitals-stjerner. Det er dill og dall. Bor det eigentleg ein mann der? Det sit no ein kar i sofaen, men han har ikkje satt noko avtrykk i måten stua er innreia på. Dette er kona si heim. Ho har tatt full kontroll over samlivet. Ho tvingar ham ut på tur, sjølv om han ikkje vil. Ho lagar si mat, og har dottra som solid støttespelar. Det er ikkje plass til mannen. Det slår meg at nugattiskjevene er mannens måte å gjere opprør på. Hans måte å skrike ut i protest. Sjå her, kjerring. Du kan ikkje eige meg, eg er ein fri mann. Føkk ju. Eg tek meg ei skjeve med sjokolade på. Ta den!

Men dette går ikkje i lengda. Ikkje i feministstaten Noreg. Kona vil ikkje ha noko av opposisjonen. Ho kaller inn artilleriet, men veit ho eigentleg kven ho påkallar? Etter fire dager med Hellstrøms myndige vesen orkar ikkje mannen meir. Han bukkar under og gjer opp siste rest av seg sjølv. Han åpnar si inste grind, og let kona, Hellstrøm og kamerateamet velte inn. Når vi forlater Øystein og Astrid er dei på kjøkkenet båe to, kledd i like kjøkkenforkle. Men i røynda er det ikkje Øystein vi ser. Det er ein cyborg. Ein mann utan eiga vilje. Ein Stepford-frue. Ein mann utan sjel. Sjela har Hellstrøm gravlagt i ein nugattiboks i hagen. Tilsynelatande. For plutseleg skjønar eg det. Eivind Hellstrøm er djevelen selv. Han brukar folks fortvilelse, og vår tørst etter å se folk som er dummare enn oss selv på tv til å fylle helvete med fortapte sjeler.

Eg kjenner eg blir redd…

Leave a Reply

%d bloggers like this: