web analytics
Warning: count(): Parameter must be an array or an object that implements Countable in /customers/8/a/2/hjorthen.org/httpd.www/wp-includes/post-template.php on line 284

Porno og panikk

NSFW balloon artCreative Commons License Todd Huffman via Compfight

Det er fare på ferde. Borna våre er i risikosona. Dei er berre ein YouTube-video unna å bli traumatisert for livet. Det er panikk i Førdes gater. Eg las det i Firda denne veka. Meir om dette snart, men fyrst dette.

Det verkar å vere noko i nærleiken av ein naturlov. Alle teknologiske nyvinningar møtast med skepsis, advarslar, og moralsk panikk. Dei advara mot telefonen når den kom, og når fjernsynet dukka opp gjekk det heilt over styr. For nokon. Særleg var Kristeleg Folkeparti, og Senterpartiet innbitte motstandarar. – Kunne eg stogga fjernsynet ville eg gjera det, sa Krfs Nils Lavik, men heldigvis kunne han ikkje det. NRK starta med prøvesendingar i 1954, femten år etter BBC, og i 1960 gjekk dei på lufta på ordentleg med daglege sendingar. Ti år seinare var dei i gong igjen. Denne gongen sto kampen om fargefjernsynet, og igjen var det sentrumspartia som var mest i mot. Dei fekk støtte av Dagbladet på leiarplass. Vi trengte det ikkje, det var sløsing med ressursar, dessuten var det umoralsk. Einar Førde summerte opp kritikken slik: – Me får finne oss i at synda hev kome til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar. Men Noreg fekk fjernsyn i fargar, som det siste landet i Vest-Europa, i 1972.

Sidan då har vi funnet olje, blitt steinrike, og er blant verdas fremste til å taka i bruk ny teknologi, men skepsisen og panikken er der enno. Dataspill. smarttelefonar, Facebook, og all verdas apper som ungdommen kan bruke til å mobbe andre, og/eller ta bilete av kjønnsorgana sine med. Alt er potensielt farleg, sjølv det å spela WordFeud på telefonen utgjer visst ein risiko for å bli kontakta av slibrige menn. Men farlegast av alt er det store og skumle internettet. Kor lenge skal vi fortsette å vere redde for nettet?

Det siste utslaget av moralpanikk kunne vi altså lese i Firda tidlegare denne veka. Dagleg leiar for senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) her i fylket, Chatrine Elholm, gjekk ut og advarte på det sterkaste om at born som brukar internett blir bombardert med porno. – Eg er skremt over kva 11–12 – åringar kjem innom på nettet. sa ho. Dei kan spele barnespel når det dukkar opp pornobilde på skjermen, eller folk tek kontakt med dei og vil snakke. Også på nettstader som YouTube er vegen kort til hardpornosider som RedTube. I følge Elholm poppar det opp hardporno på skjermen, og det utan at ungane gjer noko som helst for å leita han opp.

Med all respekt for den viktige jobben SMISO gjer, dette er vrøvl frå ende til annan. Eg delte Firdas artikkel på Twitter og Facebook, og hånlatteren lot seg høyre frå alle kantar av landet. Sjølvsagt er vegen alltid kort til RedTube, om du veit kor du skal, og eg har ingen illusjonar om at 11-12-åringar ikkje oppsøkar porno på internett når dei har sjansen. Det er all grunn til å snakke om det, men det er ikkje nokon grunn til å ta heilt av. Internett fungerar ikkje slik at man blir automatisk omdirigert frå YouTube til RedTube midt i ein Hello Kitty-teiknefilm. Jaudå, ein finner all den pornoen ein kan tenke seg på internett, og ein heil del man ikkje kan tenke seg også, men ein må oppsøke den. Den går ikkje til angrep på deg heilt av seg sjølv.

Jaudå, ein kan risikere at porno plutseleg poppar opp på skjermen. men ikkje utan at man ein gong har vore innom ein luguber nettside som har infisert datamaskina med malware, virus og all slags skit. Om ein berre brukar datamaskina til Minecraft, nettbank og nyhende, blir ein ikkje plutseleg og ufrivilleg overfalt av nakne kropper i rare positurer. Om ein held seg unna Dagbladet og Nettavisen då. I staden for å snakke til ungdomsskuleelevane om porno burde kanskje heller SMISO snakke med foreldra deira om datatryggleik, anti-virusprogram, og korleis ein installerar ein brannmur?

Ein må nesten tru at Elhom og SMISO er i beste meining når dei går ut i media på denne måten. At dei trur det er slik. At det ikkje berre er eit utspel for å synleggjere seg i kampen om dei kommunale kronene dei treng for å utløse statleg støtte til drifta. Men alt dei gjer er å skyte seg sjølv i foten. Dei som er godt kjent med nettet berre ler, ristar på hovudet, og lurer på om SMISO er like unyanserte og kunnskapsløyse på andre område. Dei som ikkje nyttar seg av nettet i like stor grad, og kanskje er litt usikre, blir redde. Og lagar hindringar for kva borna deira kan bruke internettet til. Det er dumt, for nettet er her for å bli. Ungane treng veiledning i korleis dei skal bruke det. Ikkje hindringar. Slikt som dette kan vere med og skape digitale klasseskille.

Ein liten smekk på lanken til SMISO der altså, og eg trur vi må gje ein liten smekk på lanken til avisa Firda også, som slapp saken gjennom utan eit einaste kritisk spørsmål. Eg likar å tru at dette aldri hadde skjedd her i Firdaposten. I denne avisa har vi kompetanse på porno!

3 Comments

  • 17 February, 2014 - 3:15 pm | Permalink

    Takk for korrekt bruk av begrepet moralsk panikk (som altså ikke er folk som løper skrikende ut av et brennende hus).

    Og korrekte observasjoner: Jeg bruker stadig YouTube i arbeidstiden og har (dessverre?) aldri blitt lurt over til snuskesider med lignende navn. Dagbladets helsestoff (eller mykporno som vi andre kaller det) er langt mer tilforlatelig.

    • Arne Hjorth Johansen
      27 February, 2014 - 1:09 pm | Permalink

      Jeg er også skuffet over mangelen på snusk via YouTube!

  • 4 March, 2014 - 9:10 pm | Permalink

    Tiltredes. Som ungdomsskolelærer må jeg av og til berolige elevene. De får jo helt hetta over alle voksne som forteller dem hvor livsfarlig dette Internettet er.

    Det vil helst gå godt.

  • Leave a Reply

    %d bloggers like this: